v. 1-3
Kong David prisar og takkar Herren offentleg, midt i mylderet av religionar, livssyn og autoritetar av ulike slag. Det er berre den levande Gud som skapte himmel og jord, og som frelste oss ved å døy og stå opp for oss som kan servera menneska miskunn og truskap Evangelisering gjennom lovsong har eg god tru på.
Gjennom lovsongen møter folk Guds ord og Guds namn. Begge deler har kraft i seg til å frelsa. Ingen kan bli frelst utan å bli levandegjort ved Guds ord, og utan å kalla på hans namn. Når lovsongen lyder i det offentlege rommet, lærer dei begge deler.
Og Gud svarar folk som er i naud med ny styrke når dei ropar til han.
Gud kan anten løysa problema våre på ein augneblink. Dersom ikkje, gjev han oss styrke til å koma gjennom. Han gjev også styrke i tenesta og i kvardagslivet, ja, til alt me tek oss til.
v.4. Kor enormt viktig det er at kongar, med all den makt og innflytelse dei har, får høyra orda frå Guds munn. For då vil dei takka Herren. Ja, meir enn det: Dei vil syngja om Herrens vegar (lover), og bli inntekne av Herrens herlegdom. Slik blir dei til velsigning for mange.
v.6 Herren er høg, men ikkje fjern. Han ser til den låge, den som slit med livet sitt, som kjenner seg heilt makteslaus og som kanskje står lengst nede på rangstigen. Han tek seg av slike. Men dei sjølvsikre og arrogante som opponerer mot han avslører han på lang avstand. Dei har ikkje noko høg stjerne hos Gud.
v. 7. Kristne går i trengsler. Det er ingen veg utanom. Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler, les me i Apostelgjerningane 14. Men Herren held oss i live så lenge han vil at me skal vera her og tena han i denne verda. At han held oss i live betyr at han sørger for oss, og tek vare på oss både når det gjeld kropp og sjel. Han rekker ut den høgre handa si mellom oss og fiendane våre.
v.8. David ber Herren om å fullføra sitt verk for han, og ikkje svikta det han hadde starta. Svaret fekk David og alle oss andre då Jesus døydde på krossen og ropa ut: "Det er fullført!" Så får me leva i eit evig fullført frelsesverk.