fredag 24. januar 2014

Salme 39,8-14

   8 Men no, Herre, kva skal eg venta på?
          Berre til deg står mi von.
         
   
 9 Fri meg frå alle mine synder!
          Gjer meg ikkje til spott for dårar!
         
   
10 Eg teier. Eg lèt ikkje opp munnen,
          for dette er ditt verk.
         
   
11 Ta bort den plaga du la på meg!
          Eg går til grunne når du slår med di hand.
         
   
12 Du refsar og straffar ein mann for hans synd,
          som møllen ét du det han har kjært.
          Mennesket er eit pust.
         
   
13 Herre, høyr mi bøn og lytt til mitt rop,
          ver ikkje døv når eg græt!
          For eg er ein heimlaus hos deg,
          ein framand som alle mine fedrar.


  14 Vend blikket ifrå meg. Så lyser eg opp
          før eg går bort og ikkje er meir.


v.8: David har kome til det punktet då han ikkje kan stola på seg sjølv eller på andre menneske, berre på Gud.  

v.9: Hovudproblemet er ikkje fiendane, men hans eiga synd. Han ber om å bli fri denne slik at han ikkje blir til spott for dårar, dvs menneske som lever utan Gud og trur at det kan gå bra.

v.10: Han gjer som Jeremia i Klagesangane 3: Han teier når Herren legg bører på han, og han anerkjenner problema han har som Guds verk. 

v.11-12: Men så ber han Gud om å ta bort den børa han har lagt på han. Det blir for tungt, og han er redd for undergangen, at han skal bli fråteke all eigedom, ja, sjølve livet. 
Han forstår at det hadde vore fortent, men ber likevel om nåde.
I dag går folk i rette med Gud når det skjer noko som smertar, og dei kan ikkje forstå kvifor ikkje ein god og rettferdig Gud stoppa ulukka. 
Hos David er tonen ein annan. Han forstår at han ikkje fortener Guds gunst, men heller straff. Likevel ber han om at Gud ser bort frå syndene hans og hjelper trass alt. 

v.13-14: Han appellerer til Guds godvilje mot ein som er heimlaus på jorda, ein pilgrim, som det står på tysk, slik som fedrane hans også var.

Ein kristen kan aldri bli tilfreds gjennom det som verda har å by på. Han/ho er alltid i opposisjon, og må gå til Gud der dei fleste andre fjernar seg frå han.  Men han har ikkje ro. Gud løyner andletet for han slik at han ikkje kan sjå det venlege smilet hans. Men det har han sett før, og Guds smil er livsens største rikdom, og ber om å få sjå det igjen. Då blir det lyst i sjela før han døyr.


Ingen kommentarer: