tirsdag 7. juli 2009

Salme 9:10-15

v.10: Medan Guds program for menneska alltid er fridom, er djevelen ein stor undertrykkar. Og fordi menneska moralsk og åndeleg sett er djevelens barn, har dei ein sterk tendens til å kontrollera og undertrykka kvarandre. Det skjer på alle nivå i samfunnet, frå familien til storpolitikken. Det skjer gjennom manipulasjon, trugsmål, urimelege lover, underbetaling, men også gjennom ulike former for avhengighet. Dette lyser mot oss berre me opnar ei avis.

Men mest av alt er menneske undertrykt av personleg synd og skuld. Ein klarer ikkje å kvitta seg med sin eigen egoisme, lettvintheten, nytingssjuka, vanesyndene og gudløysa i hjarta. Slik er alle menneske fanga av djevelen.

Det er berre ein måte me kan bli fri på, og det er ved å ta vår tilflukt til Herren, som er ei borg for den undertrykte. Me kan ikkje bli fri frå syndene våre gjennom reinsing eller forbetring. Alle slike forsøk fører oss lenger og lenger inn i fortviling. Me må berre stola på at han har døydd for syndene våre, og at Gud for Jesu skuld frikjenner oss frå alt som me ber på som me ikkje kan bli kvitt ved eige strev. Då blir me fødd på nytt, og me får Den Heilage Anden i oss som ein mektig ressurs mot alt svineri som vil prega oss negativt. Me forventar ikkje lenger at me skal vera syndfrie, men i Jesu namn dømer me oss sjølve, sannar me syndene våre, tek avstand frå dei og stolar på at det hos Jesus er full dekning for all den tilgjeving eg treng for å kunna leva med Gud no og i all framtid.

Nokre er undertrykte av sjukdom, og ber Herren natt og dag om lækjedom og fridom. Og det er naturleg. Men svært fort kan det verta slik at livet begynner å dreia seg om sjukdomen og problema. Ein er ikkje berre sjuk, men ein er undertrykt av sjukdomen. Og eg vil gjerne framheva i denne samanhengen at liksom Herren er ei borg for syndaren, er han også ei borg for den sjuke. Hos Jesus er det lækjedom for alle sjukdomar, det kan du og eg berre takka og prisa han for. Men inntil han lækjer oss, vil han at me skal stå over sjukdomane våre og ikkje vera undertrykte av dei. Sjukdomen skal ikkje setja dagsorden, det skal Jesus gjera. Me er jo hans læresveinar sjølv om me er sjuke. Me fornektar ikkje sjukdomen, men seier til Herren i vår ånd: Dette her er småting for deg, Jesus. Det gjer vondt hos meg, Herre, og eg er begrensa. Men eg er hos deg med det alt, og eg takkar deg for at du har full lækjedom for alle mine sjukdomar og sår, og medan eg ventar på forløysinga, vil eg fryda meg i deg og tena deg.

Men Herren er også ei borg for alle som er utsett for ytre undertrykking. For djevelen og hans lakeiar kan ta frå oss alt som finst av rettar som gjeld vårt borgarlege liv, men dei kan ikkje ta frå oss den indre fridomen i Jesus, dei kan ikkje ta frå oss Gud, dei kan ikkje ta frå oss verdigheten, for dette er ikkje knytt til denne døyande verda, men til den oppstandne Kristus som alltid er hos oss. Dei mange forfølgde kristne veit alt om dette.

v.11 stadfester dette. Dei som kjenner Herrens namn, er dei som stadig kallar på han, og dei som stadig kallar på Jesus, skal vita at han er hos dei og aldri vil gå ifrå dei. Det er ein lovnad.

v.12 er ei oppfordring til å lovsynga Herren, ei formaning som grip attende til starten av salma. Dei som bur på Sion er alle dei som stolar på det som hende med Jesus på Golgata. Sion er Jerusalem, og det som gjorde denne plassen til sentrum for Guds nærvær var templet, der det dagleg vart bore fram offer til Gud. Men det var også i denne byen Gud sjølv bar fram det offeret som skulle kunna setja strek over alle synder til alle tider, og det er alle dei som stolar på krafta i dette offeret som ikkje lenger vert tilrekna sine synder og som på den måten har flytta inn på Sion der Gud bur, og som nyt godene ved det. Men Sions innbyggjarar har også eit klårt definert oppdrag som lyder slik: kunngjer hans storverk mellom folka! Kva skal liva våre dreia seg om? Å lovsyngja Herren, og forkynna hans storverk mellom folka. Enkelt og greit. Det er dette me er sett i fridom for å gjera. Den som er bunden i sine synder kan ikkje gjera dette. Berre dei som har funne fridomen i Jesus.

v.13: Kvart år vert meir enn 100000 kristne drepne fordi dei er kristne, eller fordi dei har forkynt evangeliet. Det går ikkje upåakta hen hos Gud. Ein dag skal Herren hemna dei trufaste venene sine. Forfølgjarane vil få betalt etter sine gjerningar. Det som har skjedd, vil aldri bli gløymt. Ei heller det tap og den smerte Guds barn har lidd pga truskapen mot Herren og oppdraget. Gud har det siste ordet i denne saka.

Men domen råkar også alle som føretek drap på barn i morsliv. Abort er krig mot Gud. Og her er tala abnorme, kanskje 60 millionar per år på verdsbasis. Domen over foreldre, politikarar og helsepersonell som har påført verjelause foster døden, vil bli svært streng, om dei då ikkje skulle venda om og søkja forløysing for denne synda hos Jesus.

Dei små borna som brutalt vert utrydda på denne måten av vår tids korrupte menneske, er ikkje gløymde av Gud. Han høyrer og hugsar dei tause skrika deira. Dei er skapte i hans bilete for å æra han og realisera hans planar med verda.

v.14 er ei bøn om nåde, dvs at Gud i sin nåde skal fri han ut av den livstrugande situasjonen han er i og løfta han ut or dødens portar, som han har erfart før.

v.15 så han enno ein gong kan forkynna Herrens pris og fagna seg i kyrkjelyden. Og her ser me poenget med Guds frelse: Me er frelste for saman å prisa Herren og forkynna hans pris (= evangeliet).




Ingen kommentarer: