mandag 6. juli 2009

Salme 9:5-9

v.5 For du har halde oppe retten min og ført saka mi. Dette ordet er ei stor trøyst for alle som vert forfølgde for Jesu skuld, eller for dei som er urettvist anklaga for eitt eller anna utan å kunna prova at det er anklagaren som tek feil, slik at folk flest trur på anklagaren. Då er det fantastisk å vita at Gud veit om personen si uskuld og at han sjølv tek på seg å føra denne personen si sak. Og Gud er ikkje berre advokat for borna sine, han er også den som sit med det siste ordet, han er domar, og domen han fell er alltid rettferdig.

v.6-7 lærer oss at Gud dømer både nasjonar og enkeltindivid. Guds domsgjerning er tosidig: han dømer her og no, og han dømer endeleg på den store oppgjersdagen. Domen som Gud fell i tida er alltid mogeleg å appellera og påverka (jmf. Abraham då han bad for Sodoma og Gomorra), men den endelege domen kan ikkje appellerast. Den står fast i all æva.

Det er tungt når Gud dømmer. Dei vonde slettar han ut, les me. Og då må me spørja: Kven er dei vonde? Det er dei som aktivt held Gud ute frå liva sine, og som aktivt går inn for å skada sin neste fysisk, psykisk eller sosialt. Som regel utfører dei skadeverket i den beste hensikt, men vondskap er det okke som, og Gud skal døma dei til undergang for evig og alltid. Namna deira skal bli stroken ut or Guds store bok.

Heile byar let Gud gå til grunne, heile samfunn. Korleis kan slikt gå til? Dei har fylt syndemålet sitt, og har ikkje meir å gå på. Berre Gud veit korleis det ligg an for oss i Noreg, kor lang tid det vil ta før han må gripa inn til dom. Men dersom me ikkje vender om til han, sannar syndene våre og gjer det gode, vil den øydeleggande domen ein dag koma.

v.8: Men Herren har ingen ende. Han er evig, og hans herredøme er evig, i motsetning til denne verdas riker og makthavarar som er ytterst tidsavgrensa. Ingen kan truga Herrens posisjon. Alle kan opponera mot han, og kritisera han, og det gjer folk, men til sjuand og sist er det han som skal døma oss, og ikkje andre vegen. Dette skulle kalla oss til å vera audmjuke innfor Gud. Ikkje primært fordi han er større og sterkare enn oss, men fordi han er så mykje meir innsiktsfull og rettferdig enn oss. Difor må me la oss døma av Gud i samvitet, og ta hans allmenngyldige ideal (lov) innover oss, måla oss med det idelle og kjenna på den store avstanden det er mellom det me er og det me skulle ha vore. Det gjer oss audmjuke og nådehungrige, me kjem inn i vekkjing.

v.9: For han skal døma med RETTFERD, dvs ut frå dei djupe krava som kjærleikens lov stiller til oss. I Matteus 25 får me eit bilete av dette: "Eg var i fengsel, og de vitja meg." Og motsett: "Eg var sjuk, og de såg ikkje til meg."

Ingen kan leva opp til denne lova av seg sjølv. Denne kjærleiken må me få hos Gud, og den får me saman med Jesus når me tek i mot han som er Guds gåve til oss.

Ingen kommentarer: