v16-17. Heidningane = nasjonane eller folkeslaga. Dei som går imot Guds folk, set feller for seg sjølv. Det er ein kjend bibelsk tanke som me skal framheva når ting ser mørke ut for oss som trur. Det er Gud sjølv som sørger for at dei som fremjar tiltak som skal stoppa eller hindra Guds sak gjennom oss, kjem til å stoppa opp. Han sørger for at dei går i eiga snare. Slik gjer Gud seg til kjenne for menneska gjennom sin rettferdige dom.
v.18 skildrar med klåre ord den evige domen over alle gudlause: DØDSRIKE vil vera deira opphaldsplass, og ut frå Det nye testamentet veit med at salmisten her syner til det som Jesus kallar "den andre døden", den evige fortapinga. Kven er dei gudlause? Det er dei som gløymer Gud, dvs dei som ikkje tek omsyn til han og til dei rettane han har i liva våre.
v.19: Nokre gløymer altså Gud, men Gud gløymer ikkje den fattige. Kven er den fattige? Det er han/ho som er desperat etter Gud. Dette kan vera folk som er fysisk fattige, men det kan også vera menneske som er fattige i ånda, som Jesus seier i Matteus 5,2, folk som kjenner seg uendeleg fattige utan Gud.
v.20-21: er ei bøn om at Gud må reisa seg og ikkje lata menneske lukkast i kampen sin mot han. Når Gud reiser seg, skjer det alltid dramatiske ting til dom og frelse, menneska vert realitetsorienterte: dei vert små og redde og Gud åleine vert stor. Og Gud veit at dette er det som me treng her hos oss no. Nordmenn flest handsamar Gud som ein bagatell, og ofrar han knapt noko merksemd. Dei gjer gladeleg ting som vanærar Han som har skapt oss til si ære. Men dette vil endrar seg den dagen Gud reiser seg. Då vil menneska bli forferda over seg sjølve og over arrogansen sin, og dei vil spørja om korleis dei kan bli frelst frå Guds vreide over våre synder. Det er vekkjing på sitt beste.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar