v.13-14: Dersom ikkje den gudlause vender om, vil Gud døma han til døden. Det ein stor alvorsgrad over slike ord. Det er rett og slett ingen nåde hos Gud for ubotferdige.
v.15-17: Det ligg alltid ei tid med planlegging bak dei mest alvorlege syndene, som forresten alltid handlar om å leggja feller for andre med tanke på å skada dei. Vondskapen er alltid målretta, og målet er å skada, og ofte er grunnen sjalusi, ideologi eller begjær. Det er som ein graviditet. Ein ber synda inni seg inntil vondskapen kjem ut av seg sjølv. Og resultatet vert gjerne ulukke og påfølgjande lygn (dekkoperasjon). Slike handlingar vil til sjuand og sist vera mest til skade for syndaren. Til slutt vert ein innhenta av rettferda, anten her i tida eller i æva då det store oppgjeret for Guds domstol kjem.
v.18: Salmen vert som seg hør og bør avslutta med ein doksologi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar