onsdag 25. mars 2009

Salme 7,11-12

v.11 At Gud er eit vernande skjold, talar for seg sjølv. Men det er berre dei verjelause, dei som ikkje har noko kraft å setja inn mot det som trugar, som veit å setja pris på slike ord, og dei får nyta godene av denne sanninga. For desse vert tanken på Guds vern ekstra dyrebar. Men det er eit vilkår som må oppfyllast av den som vil ha Gud som sitt vern: Han/ho må vera ærleg, for det er dei ærlege av hjarta Gud frelser.
Slik er det alltid. Er me uærlege, bevegar me oss ut av Guds omsorg og vern. Er me ærlege, kan ingenting eigentleg skada oss.
v.12 For vår Gud er ein moralsk Gud som feller moralske dommar kvar dag. I Kristus møter me alltid ein nådig Gud som ikkje tilreknar oss våre synder og lovbrot. Men han dømmer oss likevel gjennom ordet sitt og gjennom ting som skjer for at me skal bli bevart som ærlege menneske. Gud er ein Gud som reinsar folket sitt. Han elskar, tilgjev og reinsar. Kjæleiken og tilgjevinga gjev oss liv, reinsinga styrkjer livet. Ho gjer vondt, men er likevel av det gode. Når me let oss døma av Gud, innrømmer synd og innstiller oss på hans veg, ber me meir frukt, seier Jesus i Johannes 15.

Ingen kommentarer: