Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,
skal Israel seia,
2 hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,
men dei har ikkje vunne over meg.
3 På ryggen min har plogmenn pløgd
og drege lange fòrer.
4 Men Herren er rettferdig,
reipa til dei urettferdige har han hogge av.
Det er tre tolkningsnøklar til denne salma. For det første handlar ho om Israel, og er som teken ut av dagens situasjon. Israel møter i dag, som så mange gongar før, eit rystande hat frå omkringliggjande folk og nasjonar, og frå FN, der fleirtalet av landa anten er muslimske eller sosialistiske. Resultatet er at Irsael pådreg seg fleire fordømingsresolusjonar FN si generalforsamling enn alle andre land til saman, og det sjølv om Israel er eit demokrati som respekterer og praktiserer reglane i Menneskerettsfråsegna, noko som på ingen måte kan seiast om dei nasjonane som førdømer dei.
Den jødiske historia er prega av forfølging, diskriminering, pogromar og folkemord. Men folket er aldri blitt overvunne, og trua og kulturen deira har overlevd ein nesten 2000 år lang vinter medan folket var i framande land. Det er eit Guds mirakel. Dei har klart seg gjennom vanvittige tider, og har no fått venda attende til fedrane sitt land. Det er eit stort historisk mirakel. Det er oppfylling av gamle profetord. Og enno er det meir som skal oppfyllast. Israel skal femna Jesus (Yeshua) som Davids Son, som Herre og frelsar. Då blir nasjonen atterfødd åndeleg, og han blir sameina med den sanne kyrkja som alltid har elska, velsigna og støtta Israel og jødane, og landet og folket skal gå inn i Guds opprinnelege plan for seg som handlar om å bringa frelse til folkeslaga.
Den andre tolkingsnøkkelen er Kristus. Jesus overtok som stamfar til Guds folk etter Jakob, han som vart kalla Israel. Jesus er Israel, han som har kjempa med Gud og vunne. Djupe furer vart flerra av huden hans då han vart piska på Gabbata. Han vart festa til krossen med reip tvinna av dine og mine synder. Men han overvann syndene, han sonte dei og fjerna dei frå rulleblada våre. I han har me eit heilt reint rulleblad, og borgarskap i himmelen hos Gud.
Den tredje tolkningsnøkkelen er kyrkja. For den sanne Guds kyrkje er også blitt rikeleg forfølgd opp gjennom historia, og i særleg grad av alle løgnkyrkjene som det har vore så mange av. Men i vår tid er det islam og sosialismen som forfølgjer kristne. Dei truande vert piska, torturerte, drepne, diskriminerte, uthengde, mobba osv. Men kyrkja døyr aldri ut. Dødsrikeportane får ikkje makt over henne, for Jesus er med henne kvar dag og alle dagar så lenge verda står.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar