søndag 15. september 2024

Salme 127:3-4

 3 Born er ei gåve frå Herren,

livsfrukt er ei løn.

4 Som piler i stridsmannens hand

er søner ein får i sin ungdom.

5 Sæl er den mann

som fyller pilehuset sitt med dei.

Han blir ikkje til skamme

når han talar mot fiendar i porten.

Å få mange barn er ei stor velsigning. Det gjer familiane og nasjonane sterk. Men ikkje sånn utan vidare. Barna må fostrast til å velja det gode og vraka det vonde, og kjempa for det gode mot det vonde, for sanninga mot løgna.  Dersom det skjer, må fienden, som vil innføra gudlause standardar for livet i familien, samfunnet og kyrkjelyden, vika. 

I Salme 8 les me: "Frå munnen på småborn og spedborn har du reist eit vern mot dei som står deg imot, for å gjera ende på fienden og hemnaren."

Me lever i ei tid der få nye barn blir fødde. Det er gjev djevelen større spelerom og suksess i samfunnet, for han har alltid større makt over gamle folk enn unge. Det viser jo den enkle sanninga at nesten alle som kjem til tru på Jesus, gjer det før dei fyller 20 år. Etter den tid ser det ut til at menneska sit fast i djevelens klister, og Den heilage ande har eit svare strev med å få dei laus.

I lys av dette forstår me kvifor djevelen gjennom aborturetten prøver å ta livet av så mange små som mogeleg. Dei er farlege for han fordi dei har så lett for å tru på Jesus. Difor ser me også at han gjer alt han kan for å vinna deira merksemd gjennom appar og all mogeleg fengande digital underhaldning. Og unge menn fangar han i lett tilgang på pornografisk materiale. Men me set vår bønn i mot han, og me reiser oss og samlar dei unge rundt Jesus og Guds ord for at lyset frå himmelen skal innta sjelene deira og gjera dei i stand til å velja det gode og vraka det vonde. Gud etterlyser i denne tida vaksne kristne som vil å bruka tid på dei unge, læra dei opp i Guds ord, læra dei å be, læra dei å kjempa trua sin gode strid, til å sjå verdien av kyrkjelyden og gudstenesta, læra dei å å dela evangeliet med andre, å stilla opp for dei svake, å gje tiende og dela av godene sine, disippelgjera dei rett og slett. 

Me har ikkje ein kamp mot kjøt og blod, skriv Paulus i Efesarbrevet 6, men mot makter og mynder og mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Mot denne hæren treng me ein hær av unge menneske som elskar Jesus og hans ord, og som prisar han dagen lang, som me les i Salme 110:3 "Folket ditt møter villig fram den dagen du viser di kraft. Din ungdoms dogg kjem til deg i heilag prakt, or morgonròdens fang."

 

Me må læra oss å avsløra djevelen i hans list. Han er opphavet til all einsemd i samfuunet, til alle provoserte abortar, all kjønnsforvirring og alt anna som gjer at me får små og sårbare familiar. Tenk berre på alle dei fantastiske predikantane og kristne leiarane han får teke livet av før dei er fødde. Dei får aldri sjå dagslyset, aldri læra om Jesus og aldri læra andre om Jesus. Det er skremmande korleis han har lukkast med denne strategien. I dag reiser me oss mot dette og seier: Kvinner er fødde til å bli mødre, og menn til å bli fedre. 

Ingen kommentarer: