søndag 15. september 2024

Salme 127:3-4

 3 Born er ei gåve frå Herren,

livsfrukt er ei løn.

4 Som piler i stridsmannens hand

er søner ein får i sin ungdom.

5 Sæl er den mann

som fyller pilehuset sitt med dei.

Han blir ikkje til skamme

når han talar mot fiendar i porten.

Å få mange barn er ei stor velsigning. Det gjer familien og nasjonen sterk. Men ikkje sånn utan vidare. Barna må fostrast til å velja det gode og vraka det vonde, og kjempa for det gode mot det vonde, for sanninga mot løgna.  Dersom det skjer, må fienden, som vil innføra gudlause standardar for livet i familien, samfunnet og kyrkjelyden, måtta vika. 

Me har ikkje ein kamp mot kjøt og blod, skriv Paulus i Efesarbrevet 6, men mot makter og mynder og mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Mot denne hæren treng me ein hær av unge menneske som elskar Jesus og hans ord, og som prisar han dagen lang, som me les i Salme 110:3 "Folket ditt møter villig fram den dagen du viser di kraft. Din ungdoms dogg kjem til deg i heilag prakt, or morgonròdens fang."

Me lever i ei tid der få nye barn blir fødde. Det er gjev djevelen større spelerom og suksess i samfunnet, for han har alltid større makt over gamle folk enn unge. Det viser jo den enkle sanninga at nesten alle som kjem til tru på Jesus, gjer det før dei fyller 20 år. Etter den tid ser det ut til at menneska sit fast i djevelens klister, og Den heilage ande har eit svare strev med å få dei laus. 

Me må læra oss å avsløra djevelen i hans list. Han er opphavet til all einsemd i samfuunet, til alle provoserte abortar, all kjønnsforvirring og alt anna som gjer at me får små og sårbare familiar. Tenk berre på alle dei fantastiske predikantane og kristne leiarane han får teke livet av før dei er fødde. Dei får aldri sjå dagslyset, aldri læra om Jesus og aldri læra andre om Jesus. Det er skremmande korleis han har lukkast med denne strategien. I dag reiser me oss mot dette og seier: Kvinner er fødde til å bli mødre, og menn til å bli fedre. 

onsdag 11. september 2024

Salme 127:2

 2 Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint ned, og et brødet de har slite for. Det same gjev han venene sine medan dei søv.

Dette verset er vemodig. Ordet "fåfengt" er jo direkte skremmande. Tenk at eit menneske kan tena Gud i årevis, men til ingen nytte. Det er noko eg helst ikkje vil tenkja for mykje på. 

Når det er sagt, må me vera ærlege og seia at mange av oss strevar på markene i Guds rike, og ser berre små resultat av det me held på med.  Det kan sjølvsagt vera fleire grunnar til det blir slik, og det treng ikkje handla om at Gud ikkje er med oss eller vedkjenner seg oss. Men dette verset åtvarar oss mot å arbeida i eige kraft ut frå eigne idear om kva som er lurt å halda på med. Det ligg ei formaning her om å søka Guds veg og vilje, og det må i alle fall eg ta til meg for min del. Eg er heilt sikker på at resultata av mi teneste hadde vore heilt annleis og meir storarta om eg hadde brukt meir tid, gjerne saman med venene mine, å søka Guds leiing. Og eg har ein draum om ein gong å få erfara litt av det som skjer når Gud overtek, og sett den framdrifta det ville ha resultert i. 

Gode Gud og Far! Du ser den naud mange av dine tenarar er i. Me strevar dag og natt utan at resultata står i forhold til innsatsen. Kan du vera så snill og overta? Me treng at du gjer det. Rettleid oss ved din Ande slik at me er i harmoni med deg i alt me gjer.  Eg ber i Jesu namn, amen! 

onsdag 4. september 2024

Salme 127:1

 Ein song til festreisene. Av Salomo.

Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen fåfengt.

Jesus sa til Peter etter at denne hadde identifisert han som "Messias, den levande Guds Son": "Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje." 

Eg meiner at Jesus har Salme 127 i tankane når han seier dette. Jesus er nemleg oppteken av å byggja sitt tempel av levande steinar (som Peter sjølv uttrykkjer dette i sitt første brev kapittel 2), dvs av levande mennesker, noko som i denne settingen tyder frelste, tilgjevne og atterfødde mennesker med Jesus i hjarto sine. 

Det er eit viktig poeng eg vil peika på her: Jesus er oppteken av å byggja si kyrkje, og han gjer det ved å byggja lokale kyrkjelydar. Nokon annan måte å gjera dette på fin me ikkje skissert i Bibelen. Likevel er kristne ofte opptekne av å byggja opp organisasjonar som innrettar arbeidet sitt mot spesielle behov eller grupper. Men dersom dette hindrar vitaliteten og krafta til den lokale kyrkjelyden, ligg det utan tvil ei feilprioritering her, for Jesus byggjer kyrkje, og då handlar det om lokale kyrkjelydar. Vil du vera med på det som Jesus held på med? Då må du vigsla deg til den lokale kyrkjelyden, vinna nye mennesker for han, slusa dei inn i kyrkjelyden og fostra dei til å bli i stand til å gjera nyvinningar i dei miljøa dei fartar i. 

Det er ingen grunn til å tru og tenkja at Jesus ikkje skulle stilla opp som byggmeister når kristne bestemmer seg for å planta og byggja kyrkje på ein ny plass. Sjølvsagt gjer han det, han frydar seg over at nokon har lyst og tenkjer som han. Men det er viktig at dei truande har nærkontakt med han, blir leida av han og at dei jobbar som han jobba, nemleg gjennom disippelskap. Elles er eg redd for at det dei gjer blir til liten eller ingen nytte, og at produktet vert utan varig frukt. 

Bøn:

Å Herre! Du har sendt oss ut i verda for å bera frukt, frukt som varer. Hjelp oss at me jobbar saman med deg, under di leiing. Gje oss øyrer som høyrer det du seier, og leid oss ved Den Heilage Ande. Eg ber i ditt namn. Amen!