fredag 7. juni 2024

Salme 125

Dei som set si lit til Herren,
er som Sion-fjellet;
det skal aldri rokkast, men stå til evig tid.

2 Fjell omgjev Jerusalem, Herren omgjev sitt folk
frå no og til evig tid.

3 Urettferdig kongsstav skal ikkje kvila
over landet dei rettferdige arva,
for då kunne den rettferdige lyfta handa til urett.

4  Herre, gjer godt mot dei gode,
mot dei som har eit ærleg hjarte.

5 Men Herren sender frå seg
dei som går krokvegar,
og dei som gjer urett.
Fred over Israel!

For eit fantastisk vers er ikkje det første verset her? Alle som trur på Jesus er som Sion-fjellet som ikkje kan rokkast, men som blir til evig tid. Kvifor er me då så redde for alt mogeleg som kan skje oss? Som truande kristne har me ingen grunn til å vera redde for noko som helst. Kjære ven! Inga makt er så stor at ho kan fella deg. Du har Gud i deg, og han representerer ei enorm motkraft til alt som vil riva ned deg, familien din og alt du elles står i av det som godt og rett er. Du er sterk, skjønar du, og når Paulus i Ef 6 skriv "Bli sterke i Herren, og i hans veldige kraft," så ber han deg om å tru at du har denne styrken i deg, og handla på at det er slik. Lat deg ikkje lamma av djevelske løgntankar om at du ikkje er noko eller har noko av verdi i deg. Hallo! Du er kristen, og han som bur i deg er sterkare enn han som bur i verda. Så opp med hovudet, og opp med humøret, og begynn å leva i tru på Guds ord, så skal du erfara at det er sant. 

v.2 Dette verset lærer oss at Herren er Israels styrke, og at alle som strider mot Israel, får Herren som motstandar. Det burde mana til ettertanke. Det er eit tapsprosjekt. Og slik er dette også eit ord til alle som forfølgjer Guds kyrkje. Det er Herren dei forfølgjer, og det er han dei har med å gjera når dei krigar mot kyrkja, for Jerusalem er her definert som det Guds eige folk. Dei som forfølger kyrkja, har strak retning mot avgrunnen. Dei skader seg sjølv. "Det blir tøft for deg å kjempa mot brodden," sa Jesus til Saulus då han slo han til bakken utanfor Damaskus. Saulus gav opp med ein gong, og vart forvandla til apostelen Paulus. 

v.3 er ein herleg lovnad. "Urettferdig kongstav" er ei regjering som ikkje tek omsyn til Guds ord i måten dei styrer eit land på. Dei fleste politikarar i dag er i den kategorien. Men i det rike dei rettferdige arvar, det som Jesus skal etablera ein gong, og som også blir kalla tusenårsriket, vil det ikkje vera slik. Der er det Jesus som skal råda, og lovene hans som skal gjelda. 

v.4  er håpefullt, og det må jo motivera oss til å våre ærlege og transparente, og halda på med det som godt er dagen lang. Då vil Herren syna oss godhet utover det vanlege som han syner til alle. 

v.5. Å gå krokvegar er vanleg mellom oss menneske. Folk som kallar seg kristne utan å følgja Jesus og Guds ord, går krokvegar. Kristne som prøver å bortforklara eller omtolka Guds ord for å få det til å stemma med eigne ønskjer, eller med det som er akseptabelt for folk flest i samtida, går også krokvegar. Like eins dei som prøver å tena Herren medan dei lever i ei synd dei prøver å skjula eller rettferdiggjera. Det er urett. Slike menneske skal Herrens senda frå seg.

Salme vert avslutta med eit ønskje om fred over Israel, og me sluttar oss til det. 

Ingen kommentarer: