fredag 26. april 2019

Salme 69,14-20

v.14. Her møter me omgrepet "nådens tid". Dette uttrykket kan brukast om tida frå pinsedag til Jesu gjenkomst, ei tid då Guds frelse skal bli gjort tilgjengeleg for alle menneske, men når uttrykket vert nytta her, er det meint ei særleg gunstig tid for den enkelte av oss då Gud gjer seg sjølv tilgjengeleg for oss, eit tidsvindauga, langt eller kort, der eit menneske faktisk KAN kan finna Gud. Det er Gud sjølv som bestemmer lengda på dette vindauga, og når denne tida er over, kan ingen finna han. Då skjuler han seg. Det same kan seiast om nasjonar, byar og kyrkjelydar. Stundom gjestar Gud med ein spesiell nåde. Andre gongar er han stille. 
Det er nådetid for salmisten. Gud er på tilbodssida, og salmisten ber om hjelp til å koma seg ut av ein vond situasjon. Han appellerer til Guds truskap. Det får me også gjera i vår naud. 

Eit anna perspektiv her er at Kristi liding faktisk frambrakte nådens tid for oss alle. Utan hans liding og død, hadde ikkje Guds tilgjeving vore tilgjengeleg for noko menneske, men no er han det. Fram til Jesus kjem att for å døma levande og døde kan alle fritt koma til Gud og bli tilgitt, elska og innsett som barn og arvingar i Guds familie pga Jesus. 

v.15. Salmisten er i ferd med å søkka ned i djup gjørme, dvs han kjem seg ikkje av flekken, og jo meir han balar på, jo djupare søkk han. Slik er det for oss alle når me set inn kraft for å berga oss sjølve. Det blir berre verre for oss når me prøver å forsvara oss sjølve. Når folk hatar oss, og me prøver å forklara for dei for å få dei mildare stemt, blir dei enno sintare. Jesus vart hata meir enn nokon, og han måtte ha fått den reine drukningsfornemminga.
          
v.16 er ei desperat bøn om å få overleva
          

v.17 Salmisten ber om at Gud skal svara positivt på bøna hans med grunngjeving i dennes store miskunn og kjærleik. "Vend deg til meg," ber han. Det handlar om å få Fars full oppmerksamheit. Det er DET kristne i naud treng meir enn noko anna. 

"Løyn ikkje andletet for din tenar," ber han. Når me "ser" Guds andlet tyder det at me har personleg kontakt med han som elskar oss. I hans andlet blir heile hans tilgjeving, nåde og kjærleik openberra for oss, og me får fred. 
"Skund deg og svar meg!" Gud kan ha god tid. Men dei som er i naud synest ikkje dei har det. Dei ber Gud om hjelp her og no, at han må kosta litt på. 
v.19. Salmisten vil så gjerne bli fri frå fiendane sine. Dei har bunde han. Jesus vart bunden. Tallause kristne er bundne i fengsel og fangeleirar i dag. Dette er deira rop. 
v.20. Dei blir spotta og vanæra og påført grunnlaus skam. Slik herja djevelen på med Jesus, og slik herjar han på med Guds barn. Men Gud ser alle som står imot dei rettferdige. Dei kan ikkje gå lenger enn den grensa Gud set opp for dei, og ein dag blir dei dømte av den Gud dei har ytt motstand. 
          
   
 

Ingen kommentarer: