v.25. Folkeslaga observerer fellesskapet i Guds familie, og den gleden som pregar Jesusfolket. Å leva som kristen er å vera med i ei festreise. Det lyser av kristne menneske, av liv, ord og framtoning. Dei er eit folk på vandring, på vandring mot felles mål: disippelgjering av nasjonane, og endemålet er heime hos Gud etter fullført oppdrag. Fellesskapet startar i Guds kyrkje her på jorda, og held fram i æva.
Eit viktig poeng her er at Guds kyrkje er synleg og høyrbar som fellesskap. Anonyme kristne eksisterer ikkje.
v.26. Fremst i opptoget går songarane. Bakerst harpespelarane, og mellom dei: jenter som slår på trommer. Jesusfolket er eit syngande, spelande og leikande folk. Det er den kristne kulturen.
v.27 er ei oppfordring om å lovprisa Gud kor mot kor. Her er det vekselsang og samklang så det duger. "Israels kjelde" er Herren sjølv. Me som er av Herren, prisar Herren. Slik er det berre.
v.28. Israels første konge, Saul, var av Benjamins stamme, og Benjamin blir her ståande som eit bilete på Jesus, det nye paktfolkets første og einaste konge. Benjamin var også den yngste av Jakobs søner, og det ligg eit element her om den verdsordninga som vart innført av Jesus at "den minste skal bli den største", og det som Paulus skriv om i 1.Korintarbrev 1 om at det som var lite i verda, det valde Gud seg ut osv...
Juda, Naftali og Sebulon er nemnt spesielt her. Dei står som representantar for Sørriket og Nordriket. Det er forventa at Israels stammer går inn under Kristi herrevelde, ja, dei SKAL det. Dei kjem til Jesus i flokk, og hovdingane fører an. Jesus er Israels Messias meir enn nokon andre sin, men han gjer med full rett også krav på uinnskrenka makt over alle menneskeliv i alle nasjonar. Dette kravet blir gjort gjeldande gjennom forkynninga av Guds ord.
v.29 er ei kraftfull bøn som skal berast fram av alle generasjonar forat det som er talt om i vers 28 skal bli ein røyndom. Det er SÅ viktig å forstå dette at Gud handlar i nåde når hans folk ber. Slik må det vera fordi me er skapte i hans bilete til å vera hans medarbeidarar, og DET prinsippet vik han ikkje frå i sitt verdsstyre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar