fredag 19. april 2019

Salme 69,1-13

 I dag er det langfredag. Element frå denne salma blir i NT brukt om Jesu liding. 

v.2. Bøn om frelse. Salmisten føler at han langsamt er i ferd med å drukna. Vatnet når han til halsen. Slik var det for Jesus langfredag då han gjekk frå Getsemane til Golgata. Slik følest det for kristne når dei vert utsett for stormåtak og forfølginga set inn for alvor. 

v.3 Han har sokke ned i ei djup myr, finn ikkje fotfeste og klarar ikkje å halda seg opp. På krossen fann ikkje Jesus fotfeste. Der vart han overskylt av Guds vreide. 
          
v.4. Han har ropa seg trøytt. Halsen er blitt sår. Det er ikkje lenger liv i augo hans. Men trua er ikkje borte. Framleis ventar han på Gud. Å venta på Gud er å tru på Gud.
          

v.5 Jesus vart hata utan grunn. Alle burde elska han som berre gjorde godt mot alle. På langfredag ropa den store hopen likevel at dei ville han han bort, at han skulle krossfestast. Det var eit massivt trykk frå svikefulle fiendar. Dei kravde at han skulle fråseia seg å vera Guds Son. Men den tittelen hadde han ikkje røva, men fått hos Far i himmelen frå æva av.
          

v.6 ser ikkje ut til å passa inn her, for Jesus var jo ikkje dum, og han braut aldri Guds lov. Men på krossen sanna Jesus våre synder som sine. Han gjekk inn i vår plass. Han VAR oss.
 

v.7 er ei bøn for disiplane og oss, at me ikkje skal skamma oss over Jesus eller hans evangelium.  For der, og berre der, blir Guds kraft til frelse openberra for jødar og heidningar, skriv Paulus i Rom 1.         

 v.8 Jesus vart spotta, mobba og fornedra av Pilatus sine soldatar, av det høge rådet, av Kaifas, av folk rundt krossen og av den eine av røvarane som vart krossfesta saman med han. Han bar alt tolmodig for Guds skuld, for at Fars store frelsesplan skulle fullførast, for at Gud igjen skulle bli sameint med menneskeslekta, og skamma han bar, var vår. 

          
v.9. Jesu familie meinte at han var gått frå vitet, og dei ville ha han frå å halda fram med å forkynna Guds ord i sin radikale versjon, dei ville berga han frå han sjølv. Men dei kjende han ikkje. Til og med Maria hadde late seg påverka av Jesu halvsøsken til å tru at han var på villspor, ho som burde vita langt betre. Då sa Jesus: Det er dei som gjer Guds vilje som er mine sanne slektningar. 
          
v.10 blir i NT brukt om det som skjedde då Jesus reinsa templet for pengevekslarar. Mange ting tyder på at det var DENNE handlinga, som øydela den gamle ringreven Annas business, som var den direkte årsak til at Jesus vart krossfesta. Me kan ikkje la ein som øydelegg økonomien gå laus. Slik er det alltid. 

Guds hus er Guds rike eller Guds frelseshushaldning. Det vil alltid bli planlagt tiltak mot dei som ivrar for Guds sanningar, Guds ære, Guds rike og folks frelse. Det vil alltid vera nokre som vil fortæra dei.  
          
v.11-13. Jesus var sett på som ein klovn, eit skodespel. Jeremia, Jesaja og Paulus opplevde det same. Dette var personar som sette dagsorden med sine lynande skarpe ord. Dei var radikale. Ikkje for radikalitetens skuld, men fordi det alltid er naudsynt å ta radikale oppgjer med synda som drep oss og fører oss inn i evig fortaping og pine. Det er aldri legen sin diagnose som skaper sjukdomen, men omvendt. Det er ille når pasientens vreide går ut over legen, han som først må diagnostisera for å finna den rette kuren. Dette ser me utfalda seg også i vår tid. Det er dei som snakkar sant om synda og synda sine konsekvensar som blir spotta. Dei burde i staden vorte æra og takka. 


          
   

Ingen kommentarer: