tirsdag 25. november 2008

Salme 3

Det ligg ein familietragedie bak denne salma. Absalom, som var ein sjarmerande mann med mange vener og store ambisjonar, hadde gjort opprør mot David for å ta kongemakta frå han, og faren måtte røma for sonen sin. Det må ha vore uendeleg smertefullt.

Denne historia er forresten eit godt døme på at ein person går ut av Guds plan for sitt eige liv og i same rennet klarar å porpurra den planen Gud har for andre. Det skjer heile tida, og me må minna kvarandre om den faren som ligg i dette. Me må ikkje føreta dramatiske val som rører ved andre sitt liv utan å ha tenkt gjennom dette spørsmålet.

Salme 3 er altså skriven på ein bekmørk bakgrunn.

v.2: David går til Gud med avmakta si. Det er den rette vegen å gå for alle som opplever stor menneskeleg motstand. Det kan vera i kyrkjelyden, på arbeidsplassen, nabolaget, i organisasjonslivet eller i slekt og familie for den saks skuld.

v.3: Ord har kraft. I djupe konfliktar vel folk å sei og skrive ting som skal ta motet og krafta frå motstandaren. Guds hjelp og frelse var David sitt livsgrunnlag og hans store glede. Ved å fråskriva han dette, ville motstandarane hans få han ut av balanse. Setninga "det er ikkje frelse for han hjå Gud" er ikkje mindre enn ei djevelsk lygn. For Guds sanning er at "kvar den som kallar på Herrens namn skal bli frelst".

v.4: Difor let ikkje David seg vippa av pinnen. Mot djevelens lygn, løfter han Guds sanning. Han sannar: "Du er eit skjold for meg, Herre, du er mi ære, du lyfter mitt hovud." Her lærer David oss at alle djevelens lygner skal me møta med å lova Gud for alt han har sagt at han vil vera for oss. Lovsong og god vedkjenning er det einaste gode våpen me har mot djevelen når han rettar åtaka sine mot tankelivet. For det er i tankelivet krigen føregår. Difor er det så viktig at du og eg væpnar oss med Guds ord, for det er det einaste som kan frelsa sjelene våre og som kan føra oss inn i siger.

Ingen kommentarer: