v.8: lærer oss at Messias får folkeslaga i arv gjennom bøn. Nokon annan regel gjeld ikkje for hans kyrkje heller. Misjon kan ikkje lukkast utan at arbeidet er bore av bøn. Det er når kyrkja ber Gud om folkeslaga at dei overgjev seg til Messias. Jesus sa i Bergpreika: "Be, så skal de få..." Dette gjeld ikkje berre åndelege eller timelege velsigningar og gåver, det gjeld heile folkeslag.
Jesus har fått all makt i himmel og på jord. Makta er altså med rette hans. Men i nådens og misjonens tidsalder tek han ikkje makta over menneska, han må få makta hos dei. Det kan aldri skje utan at hans kyrkje, hans jordiske lekam, ber.
v.9 høyrest ut til å vera ein dom over folkeslaga. Men i denne konteksten trur eg det handlar om at Kristus ved sitt ord dømer det indre i kvart menneske. Eg trur det korresponderer med Hebrearbrevet 4 der me les om Guds ord som kløyver ånd, sjel, marg og bein og dømer hjartans tankar og råd. Guds ord har kraft i seg å rysta sjelene, og knusa falske bilete folk har av Gud og røyndomen, og det har evne til å avsløra falsk religiøsitet og skjult synd slik at folk kan venda om og bli frelst. Det er vekkjing av beste merke. I slike tider tek Kristus autoritet over sjelene og krev ei avgjer av dei.
v.10: Difor skal politiske leiarar la seg åtvara. Dei står til ansvar innfor Kristus med liva sine. Dei styrer på hans vegne og skal dømmast etter korleis dei har skjøtta oppgåvene sine,
v.11: og det kan dei berre gjera på rett vis ved å definera si politiske gjerning som ei teneste for Herren. Dette er viktig. For politikarar flest trur at det er folket dei står til ansvar for. Og det gjer dei nok. Men når dei lagar programma sine, står dei innfor Gud og må finna seg i å bli vurderte og dømte av han etter hans lover og prinsipper. Det må dei skjøna.
v.12: Ingen politiske leiarar bør utfordra Gud ved å gå inn for ting Gud går imot. Det gjer dei i stor grad i vår tid, og det vil bli til ulukke for dei og for mange. I staden bør dei overgje seg heilt til Han, ta si tilflukt til han og etablera eit nært personleg høve til Han. Gud fordrar det av verdas leiarar, for først då kan dei styra verda etter hans planar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar