lørdag 4. oktober 2025

Salme 139

 Denne salma er mellom dei mest kjende og brukte. Her blir det at Gud veit alt, har all makt og er full av kjærleik kombinert på ein nydeleg måte. 

v.1. Herren ransakar oss heile tida. Ikkje for å dømma oss, men for sjå om det er kome noko inn i liva våre som ikkje skal vera der, ting som er stygge og skadelege. Alt slikt reinsar han ut for å ta vare på oss og på dei som me har rundt oss, at ikkje me skal utsetja dei for noko skadeleg.

v.2-12 skildrar Gud som ein gud som veit alt om oss, som omgjev oss på alle sider. Han er ikkje ein fjern gud som sit på ei høg trune og har eit litt distansert høve til oss jordbuarar. Nei, han er like nær oss som lufta me pustar i. Dette skildrar David her poetisk med sterke bilete. 

v.13-18 skildrar Guds omsorg for menneske frå den augneblinken det blir avla i mors liv, og om ingen har sagt det før: Gud er fosterets Gud, og dei som tek livet av eit foster, ufordrar fosterets Gud på ein radikal måte. Han vil ikkje la slikt gå forbi ustraffa. For han har skapt det med ein stor plan for framtida. Gud set opp eit tal for dei dagane barnet skal leva. Dei som aborterer avbryt denne planen, forkortar fosteret sitt liv og frårøvar verda dei velsigningar som Gud hadde tenkt at dette nye menneske skulle bringa til mange, og ikkje berre det, men ei heil slektsgrein blir avhoggen i sin tidlege spirefase. For Guds plan er at det frå kvart nytt menneske skal det koma nye menneske, ein familie, ei slekt. 

I vers 19 ønskjer David at Gud tek livet av den lovlause. og at drapsmannen må vika frå han. Går det an å be slik i vår tid? Er det kristeleg? Lat meg spørja slik: Er det nokon som ikkje skjønar at nokre kan be slik når tyrannar omsynslaust trugar eksistensen til heile nasjonar? Hadde det ikkje berre vore fint om dei døydde? Om Gud tok liva deira? Det er jo uansett han som rår for liv og død. Jo, me forstår godt at folk ber slik, og ikkje veit eg om det er feil heller. Det er i alle fall rett å fjerna morderiske tyrannar som trugar  heile nasjonar og slekter. 

Desse umoralske menneska talar også svikefullt om Gud. Sjølvsagt gjer dei det, for dei kan jo umogeleg kjenna han. Hitler proklamerte "Gott mit uns". Det var ei diger løgn, det. Men slik er det med mange som lever etter sine eigne idear, dei trur Gud er på deira side. 

I vers 21 og 22 uttrykkjer David sitt grenselause hat mot dei gudlause, og det beste me kan seia om dette er at han er dønn ærleg. At han ikkje lever opp til standarden i Bergpreika må me forstå ut frå det enkle fakta at han levde tusen år før Jesus heldt Bergpreika. 

I vers 23 og 24 vender han blikket mot seg sjølv. Kanskje føler han at han har uttrykt seg litt skarpt? I alle fall: Han er usikker på om han går på den rette vegen som fører til livet, eller på den vegen som fører han i fortaping, og bed om at Gud granskar han og leider han på den vegen som fører til evig liv. Ei bøn alle kan be. 

søndag 29. juni 2025

Salme 138

 v. 1-3

Kong David prisar og takkar Herren offentleg, midt i mylderet av religionar, livssyn og autoritetar av ulike slag. Det er berre den levande Gud som skapte himmel og jord, og som frelste oss ved å døy og stå opp for oss som kan servera menneska miskunn og truskap Evangelisering gjennom lovsong har eg god tru på. 

Gjennom lovsongen møter folk Guds ord og Guds namn. Begge deler har kraft i seg til å frelsa. Ingen kan bli frelst utan å bli levandegjort ved Guds ord, og utan å kalla på hans namn. Når lovsongen lyder i det offentlege rommet, lærer dei begge deler. 

Og Gud svarar folk som er i naud med ny styrke når dei ropar til han. 
Gud kan anten løysa problema våre på ein augneblink. Dersom ikkje, gjev han oss styrke til å koma gjennom. Han gjev også styrke i tenesta og i kvardagslivet, ja, til alt me tek oss til. 

v.4. Kor enormt viktig det er at kongar, med all den makt og innflytelse dei har, får høyra orda frå Guds munn. For då vil dei takka Herren. Ja, meir enn det: Dei vil syngja om Herrens vegar (lover), og bli inntekne av Herrens herlegdom. Slik blir dei til velsigning for mange. 

v.6 Herren er høg, men ikkje fjern. Han ser til den låge, den som slit med livet sitt, som kjenner seg heilt makteslaus og som kanskje står lengst nede på rangstigen. Han tek seg av slike. Men dei sjølvsikre og arrogante som opponerer mot han avslører han på lang avstand. Dei har ikkje noko høg stjerne hos Gud. 

v. 7. Kristne går i trengsler. Det er ingen veg utanom. Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler, les me i Apostelgjerningane 14. Men Herren held oss i live så lenge han vil at me skal vera her og tena han i denne verda. At han held oss i live betyr at han sørger for oss, og tek vare på oss både når det gjeld kropp og sjel. Han rekker ut den høgre handa si mellom oss og fiendane våre. 

v.8. David ber Herren om å fullføra sitt verk for han, og ikkje svikta det han hadde starta. Svaret fekk David og alle oss andre då Jesus døydde på krossen og ropa ut: "Det er fullført!" Så får me leva i eit evig fullført frelsesverk. 

tirsdag 24. juni 2025

Salme 137

 Denne salme er frå tida etter at eksilet i Babylonia er avslutta, altså etter 539 f.Kr

Medan jødane var i Babylonia hadde songen tagna, og harpene hengt på piletregreiner. 

Jerusalem er Guds by på jorda, og israelsfolket har aldri kunna gleda seg når hovudstaden deira har vore på framande hender. 

For oss kristne er det slik at songen tagnar når me kjem langt nok bort frå Gud og vårt himmelske Jerusalem. 

Me er som truande kristne komne til det himmelske Jerusalem. les me i Hebrearbrevet, og då meiner Paulus(?) kyrkjelyden.  

Edoms søner i vers 7 er etterkomarane etter Esau. Dei budde i det som idag er Jordan, og det var dei som hogg den fantastiske byen (og turistattraksjonen) Petra rett ut av fjellet. Dette folket var gjennom GT Israels arge fiende. 

Det siste avsnittet forkynner salmisten på ein krass måte domen over Babylonia. 
Me for vår del ber om frelse for Israel og Jordan, og om forsoning mellom fiendar. 

fredag 20. juni 2025

Salme 136

 Denne lovsalma har 26 vers som alle endar med "evig varer hans miskunn." Dersom du skal seia noko treffande om Gud, noko som beskriv han betre enn noko anna, så er det dette at han er full av miskunn, og at denne godleiken aldri tek slutt. 

v.1-9: Skaparverket fortel om Guds store makt og kraft, og alt er skapt forat Gud skulle kunna uttrykkja si miskunn. 

v.10-22. Han frelste Israel frå slavelivet i Egypt, og førte dei trygt gjennom øydemarka til Kanaans land der dei kunne busetja seg. Israels land og folk er eit enormt vitnemål om Guds miskunn. 

v.23-26. Salma avsluttar med å prisa Gud for hans omsorg for alt han har skapt. Gud gjev oss alt me treng for å leva og trivast, fordi han er god og gjer godt. 

onsdag 18. juni 2025

Salme 135

 Salma startar med å oppfordra oss til å lovsynga Herren fordi han er god, fordi det er godt for oss å gjera det, og fordi han har valt ut Israel til sin eigedom, tre gode grunnar. 

Og så kan me for vår del takka han for at han i Kristus også har valt ut oss til å vera hans barn og arvingar. 

I vers 5-7 stoppar eg spesielt ved vers 6: "Alt Herren vil, det gjer han." 

Herren har altså makt til å gjera det han vil. Kva vil han? Frelsa dei fortapte, lækja dei sjuke og frigjera dei som er bundne av djevelen. 

Vidare ser me i salma at han styrer med vær og vind, feller dommar, sørger for rettferd for folket sitt, syner medkjensle med dei som tener han. 

Alt dette gjer han i motsetnad til avgudane som korkje føler eller gjer noko som helst, og dei som tilber dei, blir som dei. 

Dette er forresten ein spennande tanke: Du blir som den/dei/det du tilber. 
Skulle ikkje den tanken inspirera deg til å tilbe den levande Gud?

Salma sluttar som ho starta med å oppfordra ulike greiner av Israel til å lovsynga Herren.  

 

søndag 15. juni 2025

Salme 134

 Velsign Herren, alle Herrens tenarar,

de som står i Herrens hus om nettene!

2 Lyft hendene mot det heilage og velsign Herren!

3  Herren velsigne deg frå Sion,

han som skapte himmel og jord!

I templet jobba lovsangarane og musikarane på skift. 
Dei var i sving døgnet rundt.

Salme 134 må ha vore ein nocturne, ein nattsong den songarane vart oppmuntra til å stå på o løfta hendene, som forresten er ein normal ting å gjera når me lovar Herren og ber til han. Me løftar hendene til og mot Gud. 

Så vil Herren velsigna oss frå Sion, frå der han har si trone. 

Og kva kan me vel ikkje forventa oss frå "han som skapte himmel og jord." Velsigning utan grenser. 

fredag 6. juni 2025

Salme 133

 Ein song til festreisene. Av David.

Sjå, kor godt og vakkert det er når brør bur saman!

2 Det er som den fine oljen på hovudet

når han renn ned i skjegget, Arons skjegg,

ned over linningen på kjortelen.

3 Det er som dogg frå Hermon

når han fell på Sions fjell.

For der gjev Herren velsigning,

liv til evig tid.

Denne salma er eitt av dei sterkaste insitamenta til kristent fellesskap som me finn i Bibelen. Når Jesustruande finn saman og elskar kvarandre, løyser det ut ei kjelde med åndeleg velsigning for den tida me lever i og heilt inn i den komande tidsalderen. 

Det er så mange kristne som trur dei klarar seg så innmari godt utan fellesskapet og kyrkjelyden  i våre dagar. Det gjer dei ikkje, og når dei ikkje søkjer samfunn med brørne, hindrar dei Gud. Men når Guds barn audmjukar seg innfor kvarandre og seier at "eg treng deg" (som Michael Oh la så stor vekt på i ein tale under Lausannekonferansen i Seoul nyleg), ausest Anden ut over alle i rikt mål, her uttrykt gjennom olja som renn over Arons kropp, og doggen frå Hermon som velsignar Sion, som minnar oss om at Herren velsignar den eine kyrkjelyden gjennom den andre. Det skal halda oss alle i ein audmjuk posisjon.