onsdag 20. mai 2026

Salme 146

 I vers 1 oppfordrar salmisten seg sjølv til å lovsynga Herren. Ofte må me minna oss sjølve om det. For det går ikkje på automaten. 

I vers 2 har han bestemt seg for å gjera akkurat det for resten av livet. 

I vers 3-4 ber han oss om å stola på Herren i alle ting, og ikkje på dødelege menneske, kor mektige dei enn måtte vera. Dette er ein stor og umogeleg kunst utan hjelp frå Den Heilage Ande. Det er så lett for oss å søkja hjelp hos  folk med innflytelse når det røyner på før me søker hjelp hos Gud. Bodskapen er: Søk den uforgjengelege Gud først, forgjengelege menneske etterpå. 

vers 5.-6 Når me har Gud som vår hjelp og vårt håp, er me lukkelege. For han har jo skapt himmel og jord og alt som er, og dessutan er han evig trufast. Du kan stola 100% på han. 

Vers 7-9 er så nydeleg og syner oss Guds hjarta for dei fattige, undertrykte, dei sveltande, dei  bundne, dei blinde, dei nedbøygde, enker, farlause og innflyttarar.  Han møter alle der dei er i liva sine, og mettar dei svoltne, løftar opp dei undertrykte, løyser dei bundne, gjev blinde synet attende, forsørger enker, blir ein far for dei farlause og ei tilflukt for innflyttarane. Dette blir så klårt illustrert i Jesu liv. 

For den som gjer urett, blir vegen krokete, dvs. livet mister retning, og vegen blir lang. 

Vers 10 er ein herleg proklamasjon som slår fast at Herren er konge til evig tid. Herren er Sions Gud. Ingen andre "gudar" har noko på Sionsfjellet å gjera. 

Ingen kommentarer: