tirsdag 24. februar 2026

Salme 142

 Dette er ei klagesalme. 

David blir forfølgd av Saul, og han er veldig redd.

Difor ropar han høgt til Herren, og ber om nåde. 

Han går til Gud og ausar ut sin klage for han. 

Det er til Gud me skal klaga når livet vert vanskeleg. Ikkje til menneske. 

David kjenner seg fanga i hola si, og vågar ikkje gå ut. 

Mange lever i holene sin i overført betydning. Dei kryp inn i seg sjølv, og blir veldig private.  Verda vert liten, dei vert sjølvopptekne og sjølvmedlidande og tenkjer: "Det er ingen som bryr seg om meg!" Ein tanke som alltid er feil.  

Å bu i ei slik hole er triste greier. Det fører til ei svak ånd. Det er betre å koma ut i lyset og gå med Gud. Han veit kor snarene er, og han fører deg utanom dei. 

David søkte ly i ei fjellhole frå Saul og forfølgarane. Der søkte han Gud, og han sanna: "Du er min del i dei levande sitt land." Gud var hans del her i livet, betyr det. Det betyr at Gud var hans store rikdom. 

Du kan tapa mykje her i livet. Men har du Gud som din del, er du verdas rikaste menneske. Men slå deg ikkje ned i ei hole saman med han, men gå ut i verda med han og del han med din neste.  

Du møter fiendar. Dei kan verka veldig sterke, og du vil koma til å kjenna deg ganske hjelpelaus. Men hugs:  du maktar alt i han som gjer deg sterk. 

Når me gøymer oss i ei eller anna hole, gjer oss usynlege, er me i vårt eige fengsel. Då må me ropa til Gud om at han må frelsa oss frå oss sjølve slik at me kan prisa hans namn. Og då vil me merka at me på ingen måte er åleine, me har rettferdige rundt oss. Det oppdaga David også. Det var nokon der som brydde seg om han, og Gud, ja, han gjer alltid godt mot oss. 

Ingen kommentarer: