søndag 11. august 2024

Salme 126

 Då Herren vende Sions lagnad,
var det som ein draum for oss.

2 Då fyltest vår munn med lått,
vår tunge med jubel.
Då sa dei mellom folka:
«Stort er det som Herren har gjort mot dei.»

3 Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss,
og vi vart glade.

4  Herre, vend vår lagnad
som bekkene i Negev!

5 Dei som sår med tårer,
skal hausta med jubel.

6 Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn,
med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.

Sion har tre ulike betydningar i Bibelen:

1) Tempelhøgda i Jerusalem. I GT var dette sentrum for Guds nådige nærvær på jorda. Her vart det ofra og betalt for synd, og her kunne folk koma og ausa ut hjarta sitt for Gud. I GT er også heile Jerusalem nokre plassar kalla Sion, slik som her i Salme 126. 

2) I NT er Sion den sanne Jesu Kristi kyrkje. I 1.Peter kapittel  2 frå vers 4 vert det presisert at atterfødde kristne er levande steinar i Herrens tempel, eit heilagt folk og eit kongeleg presteskap, alt saman omgrep henta frå gudstenestelivet i GT, det som føregjekk i tempelet på Sionsfjellet. 

3) Den tredje tydinga er det himmelske tempel som ein gong i framtida skal koma ned frå himmelen, då Gud skal bu mellom menneska i synleg tilstand på ei gjenfødd jord. Det skjer etter at Jesus har kome att, og dommen over menneska er fullført. 

Me må spørja: Når vende Gud historisk sett Sions lagnad? Det var i 539 f.Kr. då jødefolket etter mange år som fangar i Babylonia fekk koma attende til heimlandet sitt. Det skjedde brått og uventa gjennom eit dekret frå perserkongen Kyros der han også påla dei å gjenreisa det krigsherja landet, og særleg Jerusalem. Dei trudde ikkje sine eigne augo. Det var som ein draum. Dei måtte berre le. 

Men alt kom som svar på bøn, ikkje minst Daniel sine bøner, han som trufast bad for heimlandet sitt tre gongar om dagen, sjølv om han hadde fått ein høg og godt løna stilling i Babylonia. Ein periode som statsminister. I Daniel 9 kan du lesa bønene hans, og dei er det mykje å læra av for oss kristne i dag. 

Når Guds barn ber, skjer det mektige under. 

Guds kyrkje på jorda treng så inderleg at me som trur på Jesus ber for henne. Det er to gode grunnar til det. For det første er kyrkja i vår del av verda i stor grad infiltrert og styrt av djevelske lærdomar, og med det av djevelen sjølv. Stadig fleire kyrkjesamfunn opnar for likekjønna samliv og aksepterer større og større deler av dei mange skeive løgnene som blir spydd ut frå LHBTQ+-rørsla. Parallelt med dette er det blitt nytt liv i universalismen som seier at alle menneske til slutt blir frelst utan at dei treng å venda om frå synd og tru på Jesus. Det er ei enorm forføring, og me som enno ønskjer å ta Bibelens ord bokstaveleg, må ropa til Gud om at han må venda Sions lagnad, for all denne vranglæra fører folk i evig fortaping. Me må be om at Gud auser Anden ut over oss, døyper oss i ein eld som brenn opp alle løgnene som trugar oss. Så kan det henda at me også ein dag ikkje trur det me ser og berre må le, når Gud vender Sions lagnad og sender denne reinsande vekkinga. 

Dersom dette skjer, vil Guds ord bli forkynt frimodig og sterkt frå alle talarstolar, og kyrkja vil bli ei misjonskyrkje som går ut og forkynner evangeliet for alle menneske i ånd og kraft. Og den indre vekkinga vert ei ytre vekking som gjennomsyrer heile samfunnet og innhaustinga vert stor, til jubel og glede for alle truande. Dei som sådde med gråt, haustar med jubel. For i dei tørre tidene var det ein rest som gråtande bad for kyrkja og som vitna om Jesus i kvardagen sin, og når desse får vera med å samla folk inn i Guds rike, og bera dei til Gud som ein bonde ber kornbanda sine inn på låven, då blir det jubel, takk og glede. 

Men kristne i mange land er utsette for grov forfølging og urett. Dei blir trakassert, arrestert, pinte og plaga, og ikkje så få vert drepne for Jesu skuld. Desse greinene av kyrkjetreet treng våre bøner, slik som me i enno større grad treng deira. Men me kan også gjera meir enn å be. Me kan senda dei helsingar til dei som sit i fengsel, me kan senda protestbrev til ambassadar og me kan vera med å senda fysisk hjelp til forfølgde familiar. Så hender det støtt og stadig at pastorar og andre truande vert sette fri mot alle odds, som det hende med Asia Bibi som hadde sete ti år i pakistansk fengsel, dømt til livstid for blasfemi. Ho hadde drukke vatn av ei kjelde som berre var for muslimar, og i ettertid proklamert at Jesus lever og at Muhammed er død, noko som også Koranen lærer. Men lagnaden vende for henne, og i dag lever ho trygt med familien sin i Canada. 

Så eit ord til deg som er råka av ein eller annan vanlagnad. Det kan vera ein alvorleg diagnose, ein økonomisk ruin, eit svik, eit øydelagt ekteskap, arbeidsløyse, eit barn som blir stygt mobba, er blitt kriminell, brukar stoff eller lid av anoreksi eller bulemi. Du er ikkje gløymt av Jesus. Han er hos deg. Og du kan få be til han om at han vender lagnaden din, og ein dag skjer det noko overraskande som fører deg ut av fortvilelsen, og du må berre le, for i all di trengsle var det inga trengsle. 

Gud er ein gud som frelser og vender lagnaden for dei som ber han om det.