søndag 2. juli 2023

Salme 119,107-110

 Eg er djupt nedbøygd.

Herre, gjev meg liv slik du har sagt!

og lær meg dine lover!

109Eg går alltid med livet i hendene,

men gløymer ikkje di lov.

110Dei lovlause sette ei snare for meg,

men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod.


Når salmisten skriv at han er djupt nedbøygd, kan det ha ulike grunnar. Han kan t.d. ha opplevd noko som har teke krafta og livsmotet frå han, og at bøna om liv er ei bøn om å få livsgleda attende. Men det kan også vera at Herren har bøygd han. Han nemner jo dette tidlegare i salma at Herren har audmjuka han, noko som han der takkar for. Jesaja opplevde dette. I Jesaja 6 skriv han om eit mektig møte han hadde med Gud i tempelet der han fekk sjå Gud i sin herlegdom, og lyset frå Gud  var så sterkt at det avslørte profeten som ein løgnar, skrytepave, baktalar og pratmakar. "Ve meg!, sa han, "eg er ein mann med ureine lipper som bur midt mellom eit folk med ureine lipper, og augo mine har sett Herren, allhærs Gud,"  og han var redd livet stod i fare, for ingen kan sjå Gud og leva, som det står.  Når Gud set lyskastaren sin på oss blir me små i oss sjølve, me ser våre avgrunnsdjupe synd, og forstår at me straks må gje Gud rett i alle klagemål og at me må bøya oss inn under hans dom over oss. Jesaja trudde verkeleg at han skulle døy, så sterkt var dette. Det kan vera grunn til å tru at salmisten vår har erfart det same, og no ber han om liv frå Gud, evig liv.  Ingen kan bli kristen av seg sjølv. Ingen kan produsera åndeleg liv. Utan at me blir fødde på nytt ved Den Heilage Ande, forblir me åndeleg døde. Det nye livet som varer evig må me få frå Gud. Me fekk det den dagen me vart kristne, og me må få det kvar dag seinare livet gjennom om me skal hamna vel. 

Vers 108: Gud reinsa Jesajas munn med ei glo frå brennofferaltaret. Etterpå kunne profeten tala Guds livgjevande ord til folket. Når me blir kristne, reinsar Gud språket vårt, og me begynner å tilbe og tala profetisk. Lovsong og tilbeding er våre offergåver til Herren. Dei tek han med glede i mot så lenge me er ærlege,  sanne og lærevillige. 

v.109. Salmisten går alltid med livet i hendene. Det kan bety, som me har vore innom før, at han blir forfølgd. Han er jo ein modig maur som forkynner Guds radikale vilje inn i andre folks liv, og det vekker demonisk motstand. Mange kristne vert drepne kvart år fordi dei forkynner Guds ord med truskap. Dei blir hata, og dei lovlause set opp feller for dei (v.110)  for å få has på dei. Salmisten veit det. Likevel let han seg ikkje vippa av pinnen. Det er blitt eit livsprosjekt for han å leva Guds ord og å forkynna det for menneska. 


Ingen kommentarer: