tirsdag 26. februar 2019

Salme 67

 Denne salma handlar om at Gud er Gud for alle verdas folkeslag, og kan med rette brukast som ein tekst som inspirerer til kristen misjon.  
v.2 er ei bøn ut frå frå den aronittiske velsigninga, ei bøn om at Gud må vera oss nådig, velsigna oss og lat sitt andlet lysa over oss. Kva ber salmisten om? At Gud skal anerkjenna folket sitt og velsigna det med seg sjølv, med sitt nærvær.

v.3 Når det skjer, vil Guds veg og frelse bli kjent mellom alle folkeslag på jorda.   Det er to ting å seia om dette. I følge Romarbrevet 11 vil det at jødane tek imot Jesus føra til "liv av døde" for verda. Me kan altså sjå fram til ei misjonstid i framtida som aldri har hatt sin parallell i tidlegare historie. For det andre: Når Gud velsignar si kyrkje i dag og let lyset sitt skina i forsamlingane, då får me vekking som fører til ny misjonsglød, misjonsvisjon og misjonsiver i Guds barns hjarto. Det var dette som starta den protestantiske misjon på 1700-talet, og som den dag i dag ber Guds hjartesak framover i verda.   Guds heilage ande løftar oss opp til Gud, og frå den posisjonen ser me alle verdas land og folkeslag, dei som Jesus døydde og stod opp for, og som ventar på det ordet som kan frelsa dei og sameina dei med Gud. 

Vert det mektige lyset frå Gud borte i forsamlingane, vert også nauda og omsorga for folkeslaga borte. Men det er jo grunn til å spørja seg: Kor sterkt er dette lyset i dag? Kor opptekne er kristne av Guds misjon, lokalt og globalt? I overraskande liten grad. Kristne lever som folk flest, stort sett. Kvifor det? Anten fordi dei berre er kulturelle kristne og strengt tatt ikkje lever med Gud, eller fordi dei lever åndsfattig og ikkje held Jesuselden ved like i liva sine, eller fordi dei les lite i Bibelen, eller fordi dei ikkje er disippelgjort skikkeleg, eller fordi pastorar og forkynnarar i liten grad han evne til å løfta folk opp til Gud slik at dei kan sjå det Han ser, slik at dei kan få sann informasjon om kva som ligg på hjarta hans. 

Og så er det noko med fokus i det kristne misjonsarbeidet. Når me veit at for kvar 30. kristne fulltidsmisjonær i verda er det berre 1, altså èin einaste, som vender seg til eitt av dei unådde folkeslaga? Det er altså god grunn for oss som kristne å be denne bøna i forsamlingane våre og plassera oss sjølve inn i det store bilete, det som vår Gud og gode frelsar alltid har framfor seg. 

v. 4 er eit omkvede.

v.4a. skildrar det som skjer når folkeslaga kjem inn i Guds lys, som er ein metafor for hans frelse: Dei prisar Gud. Alle som tek imot Guds nåde i Jesus Kristus får ein åndeleg DNA som gjera at ein prisar Gud fordi det er blitt ein del av vår natur å gjera det. 

v.4b er ein mektig lovnad om at ALLE folk ein dag skal prisa Gud, altså at det skal vera ei levande kyrkje i alle verdas folkeslag der Gud blir elska og hans namn løfta opp. Dette er ein naturleg følgje av det enkle faktum at Guds frelse i Kristus er universell, og at Kristus sjølv har sagt at evangeliet om hans rike skal forkynnast som eit vitnemål for alle folkeslag før enden kan koma. 

v.5 er ei bøn om at det som vart lova i vers 4b faktisk skal skje. I misjonsarbeidet er ikkje bøna ein del av arbeidet, det er sjølve arbeidet. Når Guds kyrkje det dette på alvor, fører Gud sjølv arbeidsfolk ut til sin haust. Slik er heile Guds kyrkje involvert i å bringa heile evangeliet til heile verda, som det heiter i Lausannepakta. 

Resten av vers 5 er ein dublett der den første påstanden vert forklart i den andre. At Gud dømmer folka med rettferd, betyr at han leier dei på ein slik måte at han regisserer deira frelse. I boka si "Forberedt på evigheten" skildrar Don Richardson på ein overtydande måte korleis Gud førebur alle folkeslag på evangeliet om Jesus ved å etablera eitt eller anna fenomen i kulturen deira som gjev ressonans inni dei når evangeliet blir forkynt for dei. Sjølv Richardson dette då han  i mange år var misjonær i sawistamma på Ny Guinea, ei historie han har skildra i den fantastiske boka "Fredsbarnet". Etter år med frustrasjon mellom eit folk som elska Judas høgare enn Jesus, fann han til slutt Guds nøkkel til hjarto deira, og alt endra seg. Får du tak i bøkene til Richardson, og dersom du les dei, blir det fort nokre ting som endrar seg i livet ditt.

v. 6: Omkvede 

v.7 Handlar om jordbruket. Gud deler ikkje verda inn i eit åndeleg og eit verdsleg regime. Alt som har med Gud å gjera er åndeleg, og alt han har skapt har med han å gjera, og når me kjem i harmoni med Han, velsignar han alt rundt oss og i oss, både det synlege og det usynlege. Då blir det gode år, og jorda gjev si grøde. 

v.8 slår fast at Gud SKAL velsigna Israel, med det resultat at heile verda skal frykta Han. For ein nydeleg tanke for alle som fortvilar over all vantru og dårskap som er å sjå, og over alle dei menneske som ikkje ser Gud fordi ingen har kome til dei med han. 

Ingen kommentarer: