mandag 25. februar 2019

Salme 66,13-20

 v. 13-15. Salmisten hadde lova Gud brennoffer om han fekk den rette hjelp, og no ville han gå til Herrens hus og halda lovnaden sin. Gud fører oss alltid slik at me til slutt endar opp i hans hus. Salmisten tok med seg eit dyreoffer. Me kjem med oss sjølve, til Guds hus, til kyrkjelyden, og der ber me fram kroppane våre som eit heilagt offer til han (Rom.12,1-3). Det skaper forvandling av våre sinn. 

Synda er for evig sona. Guds rettferd i Kristus er etablert. Men alt dette er fåfengt for oss dersom me held oss sjølve attende og ikkje overgjev oss til Gud og fellesskapet med kropp, sjel og ånd. Men når me gjer det, døyper han oss med sin eld av kraft og kjærleik, han forvandlar sinna våre. 

v. 16. Då blir me VITNER. All åndeleg blygskap forsvinn og frimodig kallar me folk til å koma og høyra kva Gud har gjort mot oss. Det er personleg erfaringa av Guds frelse saman med Andens nærvær i oss som motiverer oss til å vitna. Det er noko fantastisk flott dette. Salmisten kallar dei gudfryktige til å koma og høyra. I dag er dette eit kall som skal gå ut frå Guds forløyste kyrkje til alle menneske: "Kom og høyr kor store ting Gud har gjort mot meg". Her har kvar person si forteljing. Men metaforteljinga vår er om Jesus. Det er det kristne evangelium. Det er HAN me framfor alt vil snakka til folk om. Og snakka MÅ me, fordi hjarto våre er fulle, me kan ikkje anna, og fordi ingen kan tru utan å høyra, og ingen høyrer utan at noko snakkar (Rom.10). 

v.17. Frelse utløyser alltid lovsong til Gud. Han legg ein ny song ned i oss, i hjarte og munn (Salme 40,1-3).  Lovsongen kjem frå Gud, ikkje frå oss. Er lovsongen framand for deg, er du ikkje frelst. 

v.18-20. Ingen må prøva å bruka Gud for å fremja eigne interesser. Ingen må tru han kan ha Guds venskap så lenge han nærer andre uvenskap. Ingen kan stå seg godt med Gud så lenge ein planlegg å skaffa seg goder på andre sin bekostning. Ingen får nåde hos Gud så lenge ein ønskjer å straffa andre. Alt dette er definert som urett. Då vil ikkje Herren høyra. Nei, me må kasta alt slikt over bord når me har med Gud å gjera. Me kan ikkje vera kristne og samstundes jobba for våre eigne interesser. Vår nyvunne posisjon er at me får jobba for HANS interesser, og det er, når sant skal seiast, det største av alle privilegium eit menneska kan nyta i livet. Dette var også salmisten sin posisjon innfor Gud, dette var hans sinnelag. Det kan han seia sidan Gud faktisk hadde svara han positivt på bøna hans, ikkje lagt ho til side og ikkje teke si miskunn frå han.  Han kjenner seg rikt velsigna av den Gud som er velsigna og som velsignar oss med seg sjølv.

Ingen kommentarer: