Vers 28 innheld ein herleg lovnad for alle som forkynner evangeliet: Heile jorda skal minnast det som hende med Jesus, venda om til han og tilbe han. Visjonen om ei verdsvid vekking er sentral mange stader i Bibelen. Det er ingen grunn til pessimisme med tanke på framtida for Guds rike og hans kyrkje, og når me ser på verdssituasjonen, har aldri Guds rike gått fram som no. Dette skulle setja mot i alle som ber for folkeslaga, og som lever for å realisera misjonsbefalinga.
Vers 29 leverer grunngjevinga: Kongeveldet høyrer Herren til og han herskar over folka. Jesus sa: "Eg har fått all makt i himmel og på jord, gå difor ut.." Der evangeliet blir proklamert, vil Jesus gjera si makt gjeldande. Det reiser seg mektig motstand, men ingen motstand kan stoppa Gud. Hans kyrkje opplever tilbakeslag, men hovudtendensen er klår: Det går på fram.
v.30 opnar perspektivet enno meir: Alle mektige skal bøya seg. Dei med makt er dei hardaste nøttene, ofte. Men også desse skal bli fanga av stormen og tvinga i kne framfor himmelens Gud. "Alle som stig ned i støvet" er alle dødelege. Verset vert avslutta med ei personleg vedkjenning: "Men eg lever for han!" Det burde alle menneske seia, for det er det me er skapte, fødde og kalla til.
v.31-32: Kyrkja er Messias` ætt. Ho skal tena Herren og fortelja om han til komande slekter. Ho skal aldri døy, aldri bli borte, men leva og løfta opp den levande Kristus for alle generasjonar, og kunngjera gjennom historia at Herren har synt si rettferd ved å døma han som var uskuldig til døden og frikjenna og gje evig liv til alle skuldige.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar