torsdag 13. august 2009

Salme 10,8-15

v.8-11: Den vonde er ein luring. Han kjempar ikkje i ope terreng, men ligg i bakhald og lurer på den rettferdige. Dette kan forståast både bokstaveleg og i overført tyding: Den vonde snører den rettferdige inn i eit garn av falske klagemål, eller han påfører han umogelege gjeldspostar som "drep" han økonomisk og sosialt, og slik sigrar han over den rettferdige og set han ut av spel. Offeret vert overmanna av brutal makt. Her er det makta og ikkje retten som rår. Og dette gjer den vonde i forvisning om at Gud ikkje ser, ikkje bryr seg og ikkje vil stilla han til ansvar. "Han skjønar ikkje at Gud med sitt tolmod vil gje han sjansen til å venda om, og når dei vonde ikkje skjønar dette, blir det anarki." (Vilhelm A VenGemeren) Slik fungerer vår verd. Retten må vika for makta, og makta vert brukt til sjølviske føremål. Det er synda i sin grellaste farge.

I v.12-15 ber salmisten om at Gud skal gripa inn og endra situasjonen. Han ber Gud om å reisa seg. I vers 1 spør han kvifor Gud ikkje grip inn for å hjelpa. I vers 12 markerer han at no er tida inne for Gud til å aksjonera. Det har gått for langt, og det kan ikkje forsvarast å venta lenger. Han appellerer både til Guds ære, lovnad, omsorg og rettferd.
v.12: Når Gud reiser seg og løfter handa er det alltid for å intervenera i menneska sitt liv på ein spesiell måte, som då han førte israelsfolket ut av Egypt. Ein slik aksjon er det salmisten ynskjer seg. Gud må ikkje gløyma dei audmjuke og elendige, dei som han har lova å møta med nåde og hjelp.
v.13 repeterer ein del av det me alt har vore innom.
v.14 uttrykkjer ei forvisning om at Gud har observert all uretten og vil dømma den vonde og dra omsorg for den hjelpelause som tillitsfullt overgjev seg til han. For Gud har alltid openberra seg som ein hjelpar for farlause og hjelpelause.
v.15 Difor ber han om at den vonde skal bli stilt til ansvar for sine gjerningar, missa makta si (armbrot), bli sett ut av spel, og at vondskapen skal bli utrydda. Det er ei bøn som mange Guds barn ber i vår tid, utsette som dei er for forfylging, falske klagemål, tortur, fengsel og alvorlege tap. Slik bør alle kristne som lever trygt også be for alle dei som er undertrykte av urettferdige regimer.

Ingen kommentarer: