v.16: Herren er konge, dvs over alle menneske og nasjonar, og det er han til alle tider. Ingen kan gjera noko med det. Ingen kan avsetja Gud, berre stilla seg sjølv utanfor hans rike. Og dei som gjer det, kallar salmisten for ”framande”. Her er det ikkje snakk om innvandrarar, for dei snakkar Gud vel om overalt i skrifta, her er det snakk om menneske som er ”framande for Gud i si ånd.” Dei utmerkar seg ved å vera sjølvhjelpne og uavhengige, i motsetning til dei ”hjelpelause” som er omtala i det neste verset. Dei framande skal ryddast ut or Guds land, dei blir stilt utanfor himmelriket på domedag, der dei ”gret og skjer tenner”, som Jesus seier det. Evig anger utan von.
v.17 Dei ”hjelpelause” er derimot innafor, dei som er desperat avhengige av Gud, hans nåde og hjelp. Herren høyrer kva dei ynskjer og gjev dei mot. Me seier gjerne at Herren ikkje oppfyller våre ynskjer, berre sine eigne løfter. Men dette er ikkje sant. Han er veldig interessert i ynskjene våre, og vil gjerne oppfylla dei om dei ikkje er til skade for nokon.
Paulus skriv i 2 Timoteusbrev at ”Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft, kjærleik og visdom.” Når ein kristen mister motet, er han under påverknad av djevelen. Det skjer stadig. Men Gud veit kor viktig det er for oss at me held motet oppe, og han høyrer når den hjelpelause ber og svarar med å gje han mot, les me. Utan mot kjem me til å mangla både kraft, kjærleik og visdom.
Som kristne må me berre be Herren om å gje oss eit godt mot slik at me ser lyst på livet og framtida og frimodig forkynner hans gjerningar som kalte oss frå mørkret til sitt underfulle ljos.
Men skal me ta imot Guds gåver, må me bruka tid med hans ord og takka og prisa han flittig for alle hans gode gåver.
v.18: er ein proklamasjon om at Guds omsorgsvilje andsynes dei ressurssvake og undertrykte. Han vil hjelpa dei til deira rett. Denne gruppa er den første som vert rettslause i eit samfunn. Dei har korkje råd eller kraft til å fremja retten sin. Men alle med makt skal vita at Herren er på dei ressurssvake si side og hjelper dei i konflikt med dei ressurssterke.
Men ikkje berre det. Det som desse menneska har aller mest bruk for er evangeliet. Alle menneske har rett til å høyra evangeliet, og dei som tek imot, får rett til å bli Guds barn, dei som trur på Jesu namn, og det som regel dei hjelpelause og undertrykte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar