torsdag 28. mai 2020

Salme 85,7

 7 Er det ikkje du som vekkjer oss til liv på nytt
          så folket ditt kan gleda seg i deg?
          
v.7. Jo, Gud er den som vekker oss til liv på nytt. Dette vart til dei grader demonstrert gjennom Jesu liv då han vekte opp døde menneske, og då han  reinsa spedalske. Om dei sistnemnde ikkje var fysisk døde, var dei sosialt døde. Då Jesus hadde rørt ved dei, vart dei reine og kunne venda attende til familiane sine og leva i samfunnet som dei hadde gjort før sjukdomen råka dei så tungt.

Også i dag lækjer Gud, og kvar gong det skjer fører det til stor glede. Men enno større glede blir det kvar gong ein syndar vender og blir frelst. Det evige livet er i Gud. Når eit menneske vender om frå syndene sine og kjem til Gud, får det evig liv som ei gåve, og gleda vert overveldande i den frelste syndaren, i kyrkja som jo berre er full av frelste syndarar og i Guds himmel som elskar å frelsa syndarar. 

Ein dag skal heile Israel bli frelst. Gud samlar i dag verdas jødar i Israel for så i neste omgang å frelsa dei frå synd og evig død. Då skal Israel attreisast som sin tenar som skal bringa Guds velsigning til alle folkeslag. Esekiel såg ein dag ein dal full av døde bein. Desse beina illustrerte Israel etter 2000 år i diaspora. Men no samlar Gud beina i Israel, byggjer det opp til ein kropp som han kler med knoklar, musklar, indre organ og hud. Så bles han liv i den døde nasjonen, og i dag ser me korleis denne profetien blir oppfylt medan med ser på. Tusenvis av jødar i Israel og over heile verda tek no imot Jesus som frelsar og Herre. Gud gjev folket liv på nytt, og me er glade. 
 
På 1500-talet låg Europa under for ei overmektig katolsk kyrkja som fylte hovuda på folk med løgnene sine, og trykte dei ned økonomisk og åndeleg. Då gjenoppdaga Martin Luther kjernen i evangeliet, at eit menneske vert rettferdig for Gud ved å tru på Jesus, og ikkje gjennom lovgjerningar. Han oppdaga av Jesus hadde betalt alt det som vår frelse kosta, at Guds frelse er gratis, og at alle som vil kan ta imot denne gåva utan å måtta betala fem flate øre for ho, korkje i form av pengar eller gode gjerningar. 
 
Bodskapen gjekk som ein frisk pust gjennom Tyskland, Nederland, Sveits, Mähren, Böhmen, Danmark, Sverige og Noreg. USA er i det store og heile grunnlagt på det nye åndelege fundamentet som reformatorane Luther, Zwingli og Calvin la for folk i Europa. Dei vart vekte til nytt liv gjennom evangeliet, og dei kunne fryda og gleda seg som frie barn av den veldige Gud. Paven var avskaffa, og den einaste anerkjente mellommannen mellom Gud og menneska var Jesus Kristus. HAN vart no deira einaste rettferd, glede og håp. 

Reformasjonen kom til å leggja grunnen for rike vekkingstider i alle desse landa, og særleg blomstra det på 17-og 1800-talet. Me hugsar menn som John Wesley, Jonathan Edwards, Charles Finney, Charles Spurgeon og D.L. Moody. Menn som talte Guds ord slik at folk i hundretusentals søkte å få samfunn med Gud og evig frelse. "Den store oppvakninga" vart det som hende i USA under Jonathan Edwards kalla, og på 1800-talet var det tre slike store rørsler, og folk vart uendeleg glade, ei glede dei måtte dela med verda, og mange tusen av dei som hadde blitt grepne av Kristus reiste ut som misjonærar til framande land. 

På 1700-talet låg nordmennene nede i rus og all slags umoral. Valdsnivået var eventyrleg, og det såg dårleg ut for landet vårt. Då stod det fram ein ung mann, utsendt av Gud, han heitte Hans Nielsen Hauge. Han var 25 år i 1796 då Gud møtte han og døypte han i sin kjærleik og sende han ut til fots i heile landet for å dela evangeliet med menigmann. Han talte og skreiv døgnet rundt, og i laupet av dei åtte neste åra vart Noreg vekt til nytt liv. Ja, så markant var dette skifte at til og med historikarar i våre dagar kallar Hauge for "mannen som vekte Noreg", eller  "den første moderne nordmann." All vekkingskristendom i Noreg etter den tid har sitt opphav i Hauge. Han var Guds reidskap nr 1 i den einaste nasjonale vekkinga i norsk historie. Resultatet var overveldande. Lenge var Noreg det landet i verda som sende ut flest misjonærar i høve til folketalet. Slik er det ikkje lenger. 

Når Gud vekker oss menneske opp for dei store verdiane i livet, fred med Gud, tilgjeving og evig liv, då blir folk uendeleg glade. Då flyttar himmelen inn i folks hjarto, og er det noko som pregar himmelen, så er det glede. 

Ingen kommentarer: