torsdag 28. mai 2020

Salme 85,2-6

Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.
          
   
  2 Herre, du har vist godvilje mot landet ditt,
          du vende lagnaden for Jakob.
          
   
  3 Du tok bort skulda til folket ditt,
          dekte over all deira synd.
          
   
  4 All din harme tok du tilbake,
          du vende deg om frå din brennande vreide.
          
   
  5 Før oss tilbake, Gud, vår frelsar,
          lat din uvilje mot oss ta slutt!
          
   
  6 Vil du vera harm på oss for alltid
          og la vreiden vara frå slekt til slekt?


Vers 2 startar med ein proklamasjon, eit vitnemål om at Gud har synt landet sitt godvilje, og vendt lagnaden for det.

Når det gjeld Israel har dette skjedd mange gongar i historia. Det skjedde då folket vart fridd ut frå slaveriet i Egypt og faktisk vart historias første egentlige nasjon basert på lov og rett og ikkje på rå makt. Det skjedde då folket fekk koma attende til landet sitt etter 70 år i fangenskap i Babylonia, og i moderne tid då staten Israel vart oppretta i 1948, og forfølgde jødar frå heile verda fekk venda heim til fedrelandet sitt. 

Men vårt perspektiv går vidare, for alle som trur på Jesus er blitt ein del av Israel som åndeleg nasjon, det som Jesus kallar for Guds rike. Gud vender  i sin godvilje også vår lagnad når nauda er påtrengande stor, og me ber til han med eit ærleg sinn. Då frir han oss ut. Og om det ikkje skjer straks, gjev han oss styrke til å stå i situasjonen me er komne i.  Fridomen kjem i Guds time. Det erfarte Josef då han måtte sitja 13 år i fengsel i Egypt utan å ha gjort noko gale. Men Guds godvilje var hos han. Det same erfarer tusenvis av kristne i dag som sit i kummerlege fengselsceller fordi landet dei bur i ikkje toler vitnemålet om Jesus. Gud er hos dei, og midt i trengslene kan dei nyta fridomen i Kristus, medan fiendane deira er bundne av mørke krefter som dei ikkje trur på.   

Men me kan også sjå dette verset i eit frelseshistorisk perspektiv. For me var alle fortapte, håplaust fortapte i våre synder, og himmelen var stengt for oss med ein mur som ingen kunne trenga gjennom eller klatra over. 

Men då kom Jesus Kristus, Guds Son og reiv muren ned slik at alle som no vil kan koma seg inn i Guds rike og overgje seg til himmelens Gud og bli hans barn. Herren Jesus vende lagnaden, ikkje berre for Jakob, men for alle menneske i heile verda. 

v.3. Gud tok bort all verdas synd då Jesus døydde på krossen. Det fortel Hebrearbrevet oss. Inga synd kan lenger hindra oss i å koma til Gud og bli elska av han. Synda er fjerna frå hans ansikt og er ikkje lenger å finna som eit uoverstigeleg hinder mellom oss og han. Så gå til han i dag, kall han pappa, og takk han for hans gode gåver, og mest for frelsa i Jesus Kristus. 

Då Jesus døydde på krossen vart han råka av Guds harme over verdas synd. Denne harmen kan aldri råka deg og meg så lenge, og så sant me ikkje forkastar Jesus, for akkurat DET finst det naturlegvis ikkje noko frelse og tilgjeving. Poenget med frelsesverket er jo å få etablera fellesskap mellom oss og Gud, men dersom folk ikkje vil ha dette fellesskap, blir dei ståande utanfor. Ikkje fordi Gud har definert dei utanfor, men fordi dei har definert seg utanfor sjølve.  

v.5 og 6 er ei bøn. Folket ber om å få koma attende til landet sitt som dei hadde blitt bortført frå. Me kjenner historia frå Bibelen då jødane vart deportert til Babylonia av kong Nebukadnesar. 

Men denne bøna er også høgst relevant å be for folk som har vore kristne, men som av ulike grunnar har rota seg bort frå Gud. Det er ein veg attende. Den har Jesus opna, og det er fint for folk som har rota seg bort frå Gud å be han om hjelp til å finna attende t. Det gjer han meir enn gjerne. Han har ingen uvilje mot fråfalne, nei, på ingen måte. Han har jo elska dei til døden, og den som har elska eit menneske til døden, får ikkje uvilje mot vedkomande.

Vil du vera harm på oss for alltid? spør salmisten. Svaret er nei, det vil han ikkje. Harmen hans er uttømt og har for lengst teke slutt. Me ser dette enno tydlegare enn David, og me kan berre fryda oss i han som har frelst oss så grundig som han faktisk har gjort. 

Ingen kommentarer: