lørdag 4. april 2020

Salme 83

Dette er enno ei salme av Asaf, Davids lovsongsleiar.
Denne salma er kraftig kost, og ufatteleg aktuell 3000 år etter at ho vart skriven. 


Asaf begynner med å be Gud om ikkje å halda seg i ro, og ikkje vera stille. Situasjonen er nemleg veldig farleg. Israels fiendar har slått seg saman for å leggja planar for korleis dei saman skal kunna utsletta heile nasjonen. Det kunne like så godt vore skrive i dag. Det er nok at dei nasjonane som helst skulle ha sett Israel sletta frå verdskartet, og me veit frå historia at det har reist seg riker som til og med har ønskt å utsletta heile det jødiske folket. Og eg må få sagt dette: Jødehatet er eit fenomen som reflekterer det gudlause menneske sitt hat mot Gud sjølv. Det er ikkje så lett å straffa og skada Gud, men å straffa og skada folket hans, det er i utgangspunktet langt lettare. Kampen mot Israel og jødefolket er ikkje ein politisk kamp, men ein åndskamp.

Men Gud har også eit anna folk i verda som mange vil ha bort frå den offentlege arena, og mange vil ha det bort frå sine grenser. Eg skriv naturlegvis om den kristne kyrkja, den delen av menneskeslekta, menneske frå alle land og riker, alle nasjonar og folk og tungemål som har knytta seg til Jesus, Guds Messias, kongen over jødane. I Jesus Kristus er me nemleg alle jødar. Og denne nasjonen av truande menneske trugar djevelens hegemoni i verda og han gjer sitt ytterste for å feia oss av banen. I Noreg trugar dei oss til tausheit, ikkje når me talar trøyst og oppmuntring, det tålest, men når me kallar til omvending og lærer folk at dei må leggja om livskursen for å bli frelst, ja, då reiser det seg ein veldig motstand. I Kina har president Xi lyst krig mot alle frimodige kristne som vitnar om Jesus, han vil ha dei bort, han sørger for at kyrkjer vert rivne, han overvaker befolkninga si på ein måte som historia aldri før har sett maken til og fengslar dei som på nokon måte vik bort frå den kommunistiske ideologien slik han har forstått denne, og han opphøgjar seg til gud for kinesarane. Det er livsfarleg for han sjølv. Han førebur sin eigen undergang så godt han kan. Han gjer det trongt for Jesusfolket, men han kan aldri stoppa Gud og hans planar med Kina. Han kan ikkje ein gong forseinka dei. Gud er suveren.
Men Kina er ikkje åleine. Nord-Korea er verst. Og så kan me nemna Somalia, Eritrea, Iran, Pakistan, India, Nepal, Butan, Laos, dei sentralasiatiske statane, Vietnam, Myanmar og så godt som heile Nord-Afrika, alle desse landa har regentar som yt Kristus og kyrkja hans motstand.
Og me ber med salmisten her i vers 14: "Lat dei bli som tisteldun, som halmstrå for vinden!" Kva bøn er dette? Det er ei bøn og Den Heilage Andens mektige vær. Når han kjem med kraft til oss blir menneska flytta på som tisteldun i vinden, dei blir fanga inn av Gud og dei mister totalt kontrollen på liva sine, dei vert skræmde og dei spør etter Herrens namn (v.17), det namnet som gjev frelse. Herleg.
Då er det mange maktstrukturar som går til grunne, og mange mektige taper posisjonen sin og dei bøyer seg djupt i støvet og sannar til Gud vår Fars ære, at Jesus Kristus er Herre! Og her ser me konturane av den siste store innhaustinga før Jesus kjem attende for å dømma levande og døde.

Og i dette været vil til slutt heile Israel også bli frelst. Det kjem til skje fort, brått ser dei at den lidande Herrens tenar som er omtala i Jesaja 53 er ingen andre enn Jesus, og gråtande vil dei falle ned for han, ta imot hans frelse og anerkjenna hans kongedøme, noko som vil bli til stor velsigning for alle menneske på denne jorda. Ja, som liv av døde, skriv Paulus i Romarbrevet kap.11.
          
   
  

Ingen kommentarer: