tirsdag 24. februar 2026

Salme 142

 Dette er ei klagesalme. 

David blir forfølgd av Saul, og han er veldig redd.

Difor ropar han høgt til Herren, og ber om nåde. 

Han går til Gud og ausar ut sin klage for han. 

Det er til Gud me skal klaga når livet vert vanskeleg. Ikkje til menneske. 

David kjenner seg fanga i hola si, og vågar ikkje gå ut. 

Mange lever i holene sin i overført betydning. Dei kryp inn i seg sjølv, og blir veldig private.  Verda vert liten, dei vert sjølvopptekne og sjølvmedlidande og tenkjer: "Det er ingen som bryr seg om meg!" Ein tanke som alltid er feil.  

Å bu i ei slik hole er triste greier. Det fører til ei svak ånd. Det er betre å koma ut i lyset og gå med Gud. Han veit kor snarene er, og han fører deg utanom dei. 

David søkte ly i ei fjellhole frå Saul og forfølgarane. Der søkte han Gud, og han sanna: "Du er min del i dei levande sitt land." Gud var hans del her i livet, betyr det. Det betyr at Gud var hans store rikdom. 

Du kan tapa mykje her i livet. Men har du Gud som din del, er du verdas rikaste menneske. Men slå deg ikkje ned i ei hole saman med han, men gå ut i verda med han og del han med din neste.  

Du møter fiendar. Dei kan verka veldig sterke, og du vil koma til å kjenna deg ganske hjelpelaus. Men hugs:  du maktar alt i han som gjer deg sterk. 

Når me gøymer oss i ei eller anna hole, gjer oss usynlege, er me i vårt eige fengsel. Då må me ropa til Gud om at han må frelsa oss frå oss sjølve slik at me kan prisa hans namn. Og då vil me merka at me på ingen måte er åleine, me har rettferdige rundt oss. Det oppdaga David også. Det var nokon der som brydde seg om han, og Gud, ja, han gjer alltid godt mot oss. 

lørdag 17. januar 2026

Salme 141

 I vers 2 og 3 oppfordrar salmisten som så ofte før Herren om å høyra på han. 

Bøn 1 finn me i vers 4, og det er ei bøn om at Herren må vakta munnen hans slik at det som kjem ut av han er både sant og rett og godt. Slik må eg forstå dette. Det som kjem ut av munnen svarar til det som bur i eit menneske sitt hjarta,  og difor bed han Herren om ikkje bøya hjarta hans mot det vonde og bed om vern mot gudlause miljø som legg vonde planar rundt eit bort med mange gode og saftige rettar. 

Vers 5 er spennande. Der ber salmisten om å bli slått og refsa av ein som er rettferdig, det opplever han som kjærleik, som olje på hovudet, som ei kjelde til åndskraft. 

I vers 5, mot slutten der, bedyrer han at han set bøna si opp mot dei vonde og deira vondskap. Å be himmelens Gud om stoppa vonde menneske sin vondskap, er høgst legitim. Det bør me verkeleg halda på med. 

Vers 6 og 7 finn er ikkje enkelt å kommentera. "Dommarane deira" må vera dei vonde sine leiarar. Dei skal gå til grunne samstundes som dei må erkjenna at salmisten sine ord, altså Guds ord, er gode og sanne ord. Vers 7 må jo handla om effekten av at vonde menneske har fått regjera så alt for lenge: Mange rettferdige har måtta ofra med liva sine, og er blitt kasta i grunne massegraver. Berre nokre set plogen i jorda, veltar knoklane fram. Det er diverre realiteten alle plassar der dei vonde har makt. 

I vers 8 ber salmisten for livet sitt. Han føler det er truga. Fienden har sett ut feller for han, og han ber om at fienden sjølv må falle i fella han har lagt for andre. Det må vera heilt på sin plass å be slik også for kristne i dag. 

fredag 2. januar 2026

Salme 140

 Vers 1-6. Dette er ei bøn som forfølgde kristne kan be. Dei er vel kjende med vonde menneske som spisser både sine verbale og fysiske åtak mot dei. Det skjer kvar dag. Forfølgarane er lovlause i den forstand at dei bryr seg katten i Guds lover, og for å få has på dei kristne, lagar dei sine eigne lover og som fungerer som feller for trufaste. 

Vers 7-9 startar med den gode vedkjenninga som alle Guds barn elskar å uttrykkja: "Du er min Gud!" Det er ein kristen sitt hjartespråk. Det er også bøna om nåde. Nåde er eit samleuttrykk for Guds gode vilje og ufortente hjelp. Me menneske kan aldri tenkja for høgt om Guds nåde. 

Vers 8 er ein proklamasjon om at Gud vernar Davids hovud i kamp. I hovudet føregår det tankeverksemd.  Gud hjelper kristne å halda hovudet kaldt og argumenta skarpe når dei blir stilte til ansvar for det dei trur på, 

Vers 9 er ei motbøn. Det er interessant å be Gud om at fienden må mislukkast i dei vonde planane sine. Slik kan me alle be når me ser at folk har vonde hensikter. 

I vers 10-12 ber salmisten om at det skal gå skikkeleg dårleg for dei som vil han vondt, at dei må få smaka fruktene av sin eigen vondskap, og at dei må bli utviste frå landet. Det er heilt legitimt å be Gud om å straffa dei vonde for deira vondskap. Det kan bli deira redning.