onsdag 1. november 2023

Salme 119,149-152

 Høyr meg i di miskunn, Herre,

          gjev meg liv etter dine lover!
          
   
 150 Dei som skamlaust jagar meg, er nær,
          dei er langt borte frå di lov.
          
   
 151 Herre, du er nær,
          alle dine bod er sanning.
          
   
 152 Av dine lovbod har eg lenge skjøna
          at du har grunnlagt dei for evig.

v. 149: Når me ber, vil me jo helst at Gud skal høyra oss slik at han svarer oss positivt. Det er jo hensikten med bøna, heile poenget med at Gud i si miskunn har opna denne døra inn til seg for oss. Kva er det så han ber om? Han ber om liv, om det livet som spring ut frå Guds lover. Guds lover er nemleg livsfremjande. Dei er nøye avpassa dei krav naturen set for at me skal klara oss godt her i verda. Alle som prisar Gud og stolar på han erfarer Guds nåde på alle livsområder, alle som held kviledagen heilag blir velsigna dei andre seks vekedagane, alle som ærar foreldra sine, haustar velsigninga som kjem av sterkt samhald i familien, alle som unngår å skada andre, minskar sjansen for å få fiendar, alle som gifter seg og er tru mot ektefellen sin unngår katastrofale og helsefarlege samlivsbrot, samt kjønnssjukdomar osv. 

v.150. Men den som forkynner Guds lover og formanar menneska til å halda dei, utset seg likevel for fare. Dei skamlause, dei som lever langt frå Guds lover, og det er mange av dei,  hissar seg skikkeleg opp og kan i verste fall begynna å jaga predikanten. Forfølging for Guds ords skuld er velkjent i Skriftene, kyrkjehistoria og frå vår eige tid. Det er mange av Herrens kvinner og menn som blir jaga. Men den som lid urett, blir lutra og styrkte med Anden og tilført nye kvalitetar som vil vera til glede for mange. Og Guds ord er sanning, og difor verd å kjempa og lida for. Det er det einaste som kan frelsa folk frå djevelens makt og alle hans undergravande løgner.  

v.151. For Herren er alltid nær den som blir forfølgt. Han er med han i nauda, står det i Salme 91, og gjennom alle mørke dalar, som det står i  Salme 23. 

v.152. Alt me menneske finn på er flyktig, meir eller mindre. Idear kjem og går, styreformer likeeins. Men Guds bod, dei er evige. Dei står fast, nett som naturlovene, og om mogeleg enno fastare. Folk kan prøva å setja dei til sides, men vil berre skada seg sjølv i kampen mot Gud. Men det er vår oppgåve som kristne å hevda og forkynna Guds lover slik at folk kan gje dei si tilslutning og sleppa å gjera dyrekjøpte negative erfaringar. Og når lovene blir anerkjende, vil dei alltid føra menneska til Kristus. Då blir ikkje berre livet her og no styrkt, men dei som lærer han å kjenna får evig liv, for det evige livet er å kjenna Gud personleg, og ta imot den tilgjevinga som Jesus ved sin død har skaffa oss.

Ingen kommentarer: