mandag 17. juni 2019

Salme 74

Vers 1. Asaf spør Gud om kvifor Israel er støytt bort for alltid, og kvifor han er så sint på flokken sin, den han gjeter og elskar. Han forstår det ikkje.

Asaf har gjort opp med seg sjølv at Gud må ha støytt folket bort for alltid. Men det hadde han jo slett ikkje. Asaf var nok ein litt tungsindig type som drog for vidtgåande negative konklusjonar. Det er lett for å gjera det for melankolikarar.

Vers 2. Asaf ber Gud om å tenkja på den flokken han vann seg i gamal tid, og som dei bortstøytte er etterkomarar til, i håp om at historia skal ha betydning for Guds handlemåte. Når me er i krise og ber, tek me i bruk alt som finst av gode argument.

Det er eit poeng her at Gud har vunne seg eit folk. Han vann dei ved å openberra seg for Abraham og ved å overtyda han om at han var elska og utvald, og Abraham overgav livet sitt heilt og fullt til Herren.

Slik har Jesus også vunne oss. Han openberra seg for oss, kalla oss til seg, betrudde oss sin kjærleik som me tok imot og vart forvandla av.

Vers 3-8. Asaf oppmodar Gud til å gå opp til tempelruinane og studera fienden sine herjingar, som berre kan karakteriserast som vandalisme. Her er det blitt hogge, rive og brent, ingenting vakkert bevart og spart,  i sanning eit trist syn.

Vers 9. Lyset har slokna. Profetane forsvunne. Merkene borte. Det er ingenting å orientera seg etter. Ingenting fast som folket kan stola på.

I vers 10 spør Asaf kor lenge motstandarane skal spotta, og om kor lenge dei skal forakta Guds namn For det er DET dei gjer.  Sjølve Israels samabrot sette Israels Gud i eit dårleg lys, og dessutan uttrykkjer  Israels motstandarar direkte ringakt for Guds namn, ein gud utan kraft til å frelsa.

I vers 11 ber Asaf Gud om å gjera slutt på denne situasjonen, at han ikkje lenger skal sitja med hendene i fanget, men løfta dei og gjera ein slutt på uretten.

Vers 12 markerer eit markant skilje i salma. Her begynner Asaf å sanna kven Herren er, og minna seg sjølv om hans stordom og hans storverk. Han forkynner for seg sjølv, kan du seia, og slik fungerer all lovsong og tilbeding. Først sanna han at Gud er kongen hans frå gamal tid, og at han har gjort store frelsesverk på jorda. Underforstått: Det Gud har gjort før, kan han gjera ein gong til.

Vers 13. Ein gong kløyvde Gud Raudehavet slik at Israelsfolket kunne gå tørrskodde over og bli frelst frå egyptarane.

Vers 14. Leviatan er eit sjøuhyre som er omtalt fleire plassar i Bibelen. Det representerer dei vonde og fælslege maktene i verda som trugar folks liv. Gud gjev han til føde for folk i øydemarka.

Vers 15. Under ørkenvandringa gav Gud Israelsfolket vatn på overnaturlegvis , og då dei skulle inn i Kanaan, let han Jordan tørka ut slik at dei trygt kunne gå over.

I vers 16 går han heilt attende til 1.Mosebok 1, til den fjerde skapingsdagen då sola, månen og stjernene vart skapte. Både dagen og natta er Guds.

Vers 17. Sommar og vinter har han fastsett, Jorda sin helningsvinkel er hans påfunn. Utan denne kunne ikkje noko liv eksistert på kloden er det blitt meg fortalt. Grensene som er nemnde her er ikkje landegrenser, men grenser for ulike naturtypar og økosystem.

Vers 18. Fordi Gud er så stor og mektig, er fienden, han som spottar Herren, ein dåre, eit desorientert menneske som trur for smått om Gud og for stort om seg sjølv.

Vers 19. Turteldua er det truande Israel, Herrens armingar, den sanne kyrkja, kan me seia. Ho er heilt avhengig av Guds vern, omsorg og forsyn, det er mange som er ute etter utsletta henne. Asaf ber om at Gud skal passa godt på henne.

Vers 20. Han ber vidare Gud om å sjå til pakta si. Eg trur dette må vera Abrahamspakta som me les om i 1.Mosebok 17, som er mellom dei truande i Abrahams æt, dei som er heil i si ferd, og Gud. Ikkje alle i Israel tilhøyrer Gud, for landet er fullt av mørke stader der valden rår.

 Me for vår del tilhøyrer Israel ved at me har knytta oss til Jesus, han som er Israels konge, den levande Guds son, og den nye pakta i Kristus er slik at så lenge me trur på han, ser himmelens Gud bort frå alle våre synder og reknar oss som rettferdige og himmelen verdige. I vår naud ber me: Herre, ikkje sjå til syndene våre, dei er mange, men sjå hen til Jesuspakta og vurder situasjonen vår ut frå DEN.

Vers 21 er ei bøn om at den undertrykte ikkje lenger skal vera undertrykt. Verda er i dag full av undertrykkjarar som plyndrar folk og held dei utplyndra nede i armod. Det er heilt på sin plass å be ei bøn mot dette svineriet.

All undertrykking har sitt opphav i djevelen, den store undertrykkaren. Når folk vert fri frå hans makt, prisar og lovar dei Gud. Det skjer heilt spontant.

I vers 22 ber Asaf Gud om å reisa seg og føra si sak. Det er ei god bøn som me også kan be. Mektige krefter i Noreg vil fjerna Guds innflytelse over nasjonens liv, og vil hindra barn og unge å bli kjent med Gud, han som har deira evige lagnad i si hand. Guds moderne fiendar spottar han med å gjera han liten og uvesentleg, og ved å framstilla boda hans som urettferdige og gått ut på dato.

Vers 23. I våre dagar går folk i gatene og ropar mot Gud. Dei vil ha rett til å ta livet av barna i mors liv, og dei vil ha rett til fritt å leva etter sine seksuelle lyster, korleis dei no enn måtte sjå ut. Dei larmar fælt, og dette er ei bøn om at Gud ikkje skal gløyma dei, dvs at han skal gjenreisa si ære på ein eller annan måte.

Livet handlar ikkje om oss, men om Gud. Det er HAN som er hovudpersonen i universet, og skal vera det i våre liv. Å avsetja Gud som Gud i samfunnet, påfører oss stor skade, rett og slett fordi Gud er Gud, og han er den einaste av sitt slag, og han stiller menneska til ansvar for det dei tenkjer, trur og gjer.


Ingen kommentarer: