tirsdag 3. august 2010

Salme 77

v.1 Asaf ropte til Gud, og vart høyrt.
v.2-9 Kva var problemet hans? Guds tilsynelatande passivitet.

Sjølv om Asaf søkte Gud natt og dag, utan opphald, og ba om at Herren måtte gripa inn for si sak, hende ingenting. Og dette gjekk så tungt inn på han at han vart heilt stum. Lamma. Overvelda av sorg. Han var utrøysteleg, meir og meir uroleg, og i vers 7-9 spør om Guds nåde er forbi? om dei er forkasta? om vreiden er større enn medkjensla? osv.

Guds tilsynelatande passivitet har alltid vore eit problem for truande menneske. Skal Guds kyrkje sigra, og vinna menneske for himmelen, som ho er sett til, må Gud på banen og gjer sine under mellom oss. Utan at Gud er aktiv, hjelper det ikkje kor aktive me er. Det har me alle forstått. Ikkje sant?

Det er lett for oss kristne vesteuropearar, som lever i ei tid,, og i ein del av verda prega av "moderne gudlaus verkelegheit", å kjenna oss att i denne delen av Salme 77. Har Gud gløymt oss? Vil han ikkje sjå til oss meir? Har hans nåde opphøyrt for alltid? Har løftene hans svikta? Har han gløymt å vera oss nådig? Er vreiden hans større enn medkjensla?

Asaf kjende på botnlaus naud for Guds rike, og ei enorm lengsle etter å erfara Guds nærvær og sjå Guds gjerningar. Han kunne ikkje sova når det vonde gjekk fram på bekostning av det gode. Det var ei kval for han, ein tortur i sinnet. Er du og eg der? Der bør me koma.

v.10-20 Korleis fekk Asaf hjelp? Gjennom Guds ord. Han begynte å tenkja på alle dei åra då Gud faktisk var aktiv i Israels historie, og han bestemte seg for å henta håp og næring frå dei undera som Gud hadde gjort før. I staden for å sjå inn i mørkret og forbanna det, vel han å meditera på Guds ord, og tala med menneska om det som står der. Her syner Asaf oss veg. I tider då Gud tilsynelatande er passiv, trenar han oss i å tru på Ordet, slik at me kan blir sterke til den dagen då Gud grip avgjerande og mektig inn mellom oss. Tenk på ei idrettskvinne. Grunnlaget for siger legg ho i mellom meisterskapa. Det er for seint å trena når meisterskapet startar. Slik trenar Gud oss no slik at me er godt budde den dagen då moroa begynnar.

Det er fantastisk lurt å prisa Herren. Slik gleder me han og talar til oss sjølv. Orda våre har stor makt over tanken.

Asaf vel å prisa Gud for at han er ein heilag Gud og for at ingen er så stor som han (v. 13). Sei det ut du også og smak på orda. Gjenta dei så for deg sjølv og Gud, mange gongar. Det har effekt.
Vidare seier han: "Du er ein Gud som gjer under, du har kunngjort din styrke mellom folka, med din arm har du fridd ut folket ditt..." og så siterer han dei mektige undera som hende då Israel vart ført ut av Egypt.

Då Israel sto ved Raudehavet, hadde dei ingen utveg. Alt var stengt. Men ikkje for Gud. Han opna ein veg for dei gjennom havet.

Slik er det i dag for oss som enkeltpersonar og for Guds kyrkje. Det kan sjå ut til at alle vegar er stengde. Men det er berre slik det ser ut. For har me Gud i oss og med oss, opnar han nye vegar for oss der det ikkje var vegar før. Slik har Gud alltid vore, og slik vil han alltid vera.

Så pris Herren for hans storverk, og snakk med menneska om det som Gud har gjort for deg, i deg og gjennom deg. Asaf hugsa utferda frå Egypt. Me har heile Jesusforteljinga å sjå tilbake på. Israelittane vart frelste frå egyptarane. Me er blitt frelste frå alle våre synder, gravlagde med Kristus og reist opp til eit nytt liv saman med han som aldri kan døy.

Ingen kommentarer: