fredag 2. januar 2026

Salme 140

 Vers 1-6. Dette er ei bøn som forfølgde kristne kan be. Dei er vel kjende med vonde menneske som spisser både sine verbale og fysiske åtak mot dei. Det skjer kvar dag. Forfølgarane er lovlause i den forstand at dei bryr seg katten i Guds lover, og for å få has på dei kristne, lagar dei sine eigne lover og som fungerer som feller for trufaste. 

Vers 7-9 startar med den gode vedkjenninga som alle Guds barn elskar å uttrykkja: "Du er min Gud!" Det er ein kristen sitt hjartespråk. Det er også bøna om nåde. Nåde er eit samleuttrykk for Guds gode vilje og ufortente hjelp. Me menneske kan aldri tenkja for høgt om Guds nåde. 

Vers 8 er ein proklamasjon om at Gud vernar Davids hovud i kamp. I hovudet føregår det tankeverksemd.  Gud hjelper kristne å halda hovudet kaldt og argumenta skarpe når dei blir stilte til ansvar for det dei trur på, 

Vers 9 er ei motbøn. Det er interessant å be Gud om at fienden må mislukkast i dei vonde planane sine. Slik kan me alle be når me ser at folk har vonde hensikter. 

I vers 10-12 ber salmisten om at det skal gå skikkeleg dårleg for dei som vil han vondt, at dei må få smaka fruktene av sin eigen vondskap, og at dei må bli utviste frå landet. Det er heilt legitimt å be Gud om å straffa dei vonde for deira vondskap. Det kan bli deira redning.