lørdag 26. april 2025

Salme 132,1-5

 Ein song til festreisene.

Herre, kom i hug David

og alt han heldt ut!

2 Han svor til Herren,

gav Jakobs Mektige ein lovnad:

3 «Eg vil ikkje gå inn i huset mitt,

ikkje leggja meg i senga,

4 ikkje unna meg blund på auga

og ikkje la augneloka kvila

5 før eg har funne ein stad for Herren,

ein bustad for Jakobs Mektige.»


Salme 132 er mektig lesnad, og kong David blir med sin iver for Herren og Herrens hus framstilt som eit føredøme for komande generasjonar. Me må hugsa av David hadde vore død i lang tid då denne salma vart skriven, og ho peikar framover mot Jesus. 

David førte paktkista opp frå Obed-Edom sin låve og til Jerusalem. Dette les me om i 2.Krønikebok 15. Det skjedde under stor jubel og med song og musikk. I Jerusalem vart kista ståande i Davids tabernakel, eit stort telt fullt av lovsong 24/7. Dette avspeglar Davids hjarta. Han elska Herren, og han elska å stå Herren nært, og tilbe og lovsynga han. For kor vil Gud bu? I hjarto til dei som elskar og hyllar han. Han bur ikkje i hus laga av hender, men i audmjuke mennesker som ikkje kan leva utan han, og som ikkje finn ro utan at dei har  nærkontakt med Gud, og før dei har etablert eit fellesskap av truande menneske som Gud kviler i, der hans nærvær er "tett" og der hans gjeringar skjer. 

torsdag 17. april 2025

Salme 131

1 Ein song til festreisene. Av David.

Herre, hjartet mitt er ikkje hovmodig,
auga mine er ikkje stolte.
Eg går ikkje med tankar
som er for store og underfulle for meg.

2 Nei, eg har fått mi sjel til å vera stille og roleg
som eit lite barn hos mor si.
Som det vesle barnet, slik er mi sjel i meg.

3 Israel, vent på Herren
frå no og til evig tid!

v.1-2. Å vera kristen er å vera eit enkelt barn av Gud. Det handlar ikkje om å vera mest kunnskapsrik eller flinkast i klassen. Det handlar ikkje om å kunna framvisa suksess. Det er lett å falla i den grøfta. Det handlar om å vera elska av Gud og å elska Gud, som det er når eit lite barn har funne roen hos mora si. 

Denne salma er til alle stressa kristne som har lyst å bli sett, høyrt og anerkjent av andre som gjerne har gjort det betre i kristenlivet. Slutt med denne kavinga. Det betyr ingenting kva andre synst om deg. Det einaste som betyr noko er at Gud elskar deg, og han elskar deg nett like høgt som han gjer med dei som gjer det godt og som alltid er i rampelyset. 

v.3 Du kan slappa heilt av, og har Gud større planar med di teneste for han enn dei du ser faldar seg ut i dag, kan du trygt venta på han og hans time. Du blir aldri noko meir enn barn av Gud uansett. Den største verdien har du allereide casha inn, min ven.