onsdag 25. juli 2012

Salme 29,1-2

Ein salme av David.
       
          Gudesøner, gjev Herren ære!
          Gjev Herren ære og makt.
         
   
 2 
Gjev Herren den ære hans namn skal ha,
          bøy dykk for Herren i heilag prakt!

          

v.1: Gudesøner kan vera englane (jmf Jobs bok kap.1), men kan også vera eit uttrykk for menneske i og med at me er skapte i Guds bilete. Eg får for det siste alternativet. Det er lite naudsynt å oppmoda englane til å lova Gud, dei gjer det med glede heile tida, er oppslukt av å æra Gud, men det er heilt naudsynt å oppmoda menneska til å gjera det, for me gløymer det heile tida og vender hjarta og sinn mot det som høyrer denne verda til, det prosaiske, og ofte mot det syndige, og dersom me ærar nokon eller noko, rettar me beundringa mot oss sjølve, andre menneske, vitenskapen eller kunsten. Me ærar det skapte framfor Skaparen. Slik er det falne menneske. Men her vert me oppmoda om å venda om til Gud og gje HAN ære og makt, for det er han som fortener det, og ingen andre.

Gud har all makt i himmel og på jord. Det viktigaste med dette er at HAN HAR UINNSKRENKA MAKT TIL Å TILGJE OSS SYNDENE VÅRE. Men då må me overgje fortida vår, livet her og no og framtida i hans hender. Gjev me han makt, attreiser han oss som sanne søner og døtre og let fritt koma til seg når det måtte høva for oss, og me får vera med han så mykje me ønskjer det. Me er blitt barn i hans hus. 

Den som gjev Herren ære ved å følgja hans ord og prisa hans namn, opplever at Guds kraft aukar på i livet. Ein får autoritet i den åndelege verda, og folk opplever seg tiltalt av Gud når ein snakkar, demoniske makter må vika når ein byr dei og sjukdomar må sleppa taket i møte med Guds lækjande kraft i den kristne

v.2: Herrens namn skal ærast frå sola står opp til ho går ned, meiner eg det står ein plass. Han skal ærast for å ha skapt oss og alle ting, for at han tek vare på oss og held alt oppe med sitt ord, at han har frelst oss, at han sender oss ut i verda for å tena han i hans kraft. 

Å bøya seg for Herren er å anerkjenna hans autorietet over sitt eige liv, og ta inn over seg det han talar til samvitet om. Gjer me det, kler han oss i heilage klede. Han ber oss ikkje om å lappa på livet og gjera så godt me kan, men han tilreknar oss Jesu rettferd av nåde. Den som ser og forstår dette, er eit lukkeleg og fritt menneske.


Ingen kommentarer: