torsdag 12. juli 2012

Salme 25,14-22

    15 ע Mine auge er alltid vende mot Herren,
          for han dreg mine føter ut or garnet.
      
   
16 פ Vend deg til meg og ver meg nådig,
          for eg er einsam og hjelpelaus.
      
   
17 צ Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,
          før meg ut av mine trengsler!
      
   
18 Sjå mi naud og mitt strev
          og tilgjev all mi synd!
      
   
19 ר Sjå mine fiendar, kor mange dei er!
          Dei hatar meg med eit nådelaust hat.
      
   
20 ש Vern mitt liv og berg meg,
          lat meg ikkje bli til skamme,
          for eg søkjer tilflukt hos deg.
      
   
21 ת Lat uskuld og rettsinn verna meg,
          for eg set mi von til deg!
      
   
22 Gud, fri Israel ut
          frå alle deira trengsler!

Vers 15 er eit sterkt uttrykk for kva BØN er for noko, DET ER Å HA AUGO VENDE MOT HERREN. Gud treng ikkje alle orda våre, han vil berre ha kontakt, og ein ting kan du vera sikker på: augo HANS er alltid vende mot DEG, og når du vender blikket mot HAN, har de ein sterk personleg kontakt. 

Når me får sjå Gud, erfarer me fridom i sjela, for han er ein Gud som dreg føtene våre ut av garnet, les me. Denne fridomen erfarer me når me ser han, for fridomen ligg i kjærleiken, og kjærleiken kjem til oss gjennom Guds gode blikk som talar sterkare enn ord, og denne godleiken bevarer oss mot å synda og gjera dumme ting som bind oss på ein negativ måte. 

David ber så i vers 16 om at Gud skal venda seg mot han, og gje han det himmelske fellesskapet han treng i si einsemd. Han ber om å få sjå Guds ansikt, dei gode augo og smilet hans. 

Ofte ber me slik. Det er naturleg. Men David har alt det han ber om. Men problemet ligg hos han sjølv. Han har vanskar med å fokusera, han har blikket vendt mot Gud, men synet hans er dimt slik at han ikkje ser at bøna hans alt er besvart før ho er beden. Slik er det gjerne når nauda er stor. Me misser Gud av syne og trur han har vendt seg bort frå oss. 

I vers 17 ber han Gud om å ta bort det som tyngjer han, løysa problema for han fortare enn svint, og føra han ut or problema som han openbert har skapt sjølv ved å synda (v. 18) Det er heilt legitimt å be Gud om å hjelpa deg med problemer som du sjølv har påført deg ved å vera umoralsk eller dum. Me trur at Gud tilgjev oss syndene våre, men tenkjer fort at konsekvensane må me ber sjølv, at han let oss steika litt i vårt eige feitt. Men Gud er ikkje slik. Han frir oss også ut av følgjene av syndene våre. 

I vers 19 klagar han over fiendane sine. Det fører tankane mine til alle kristne som i vår tid opplever trakassering og forfølging. Dei fleste kristne i verda er i ein slik situasjon. Dei må betala for trua si med yrkesforbod, diskriminering, fengsel, tortur og død. Jesus sa: Har dei behandla Meisteren slik, kan ikkje læresveinane hans venta å bli behandla på nokon betre måte. Det er vondt å bli hata, og ein blir fort freista til å hata tilbake. Guds barn har berre ein ting å gjera med dette: å gå til Gud med det. Me må overlata fiendane våre til han, og be om nåde til å elska dei etter Jesu befaling. 

Difor ber han i vers 20-21 om å bli verna mot synd gjennom det personlege sterke fellesskapet med Gud, han som gjev oss håp om betre tider. Det er ei stor kraft i håpet, håpet om himmelen, men også håpet om betre tider før himmelen. Håpet held oss oppe. Når me veit at Gud har teke sakene våre i sine hender, tenkjer me fort at det som er dårleg i dag, kan bli betre i morgon. Stundom høyrer eg det sagt: "Det skjer ikkje mirakler!" Jo, det gjer det. Det skjer mirakler. Gud kan snu ein vanskeleg situasjon på ein augneblink, eller han kan bruka ein vanskeleg situasjon for å snu oss. Det er eit mirakel begge deler. 

I vers 22 vert perspektivet utvida. Her handlar det ikkje lenger berre om David, men Israel, som han strengt tatt representerer. Det er ei bøn som me må be for jødane og Israels land og folk den dag i dag. Trengslene deira har vore utan sidestykke gjennom historia, og er det den dag i dag mange stader, og hatet mot Israel veks seg større og større. Ikkje minst i Noreg. Det vil bli eit problem for oss.  Men det er også i ei bøn for den lidande Jesu Kristi kyrkje, som er pota inn i Israel. Årleg må rundt rekna 160 000 kristne lata livet for fordi dei trur på Jesus, og for kvar martyr er det eit mangesifra tal av kristne som sørgjer og lid store tap.


Ingen kommentarer: