lørdag 6. februar 2021

Salme 89,39-46

  "Den du har salva" er Israels konge. Herren har vraka han og gjort pakta som han inngjekk med David til inkje. 

Det er vanskeleg å lesa desse versa utan å assosiera dei med det som skjedde med Jesus, han som var salva av Gud framfor nokon, og som vart støytt bort som ingen andre. Ja, skriv Jesaja: Det behaga Gud å knusa han. 

I denne teksten finn me ingen synder som kongen har gjort som har ført Guds dom over han. 

Det fører også tankane våre til vår kjære frelsar. Han vart ikkje dømd for noko han sjølv hadde gjort, men for noko som me hadde gjort. For det var våre synder han bar og vart straffa for. 

I vers 40 les me elles at Herren vanhelga kongens krone i støvet. Og Kristus vart vanhelga, kledd i ei purpurkappe og fekk ei tornekrone tredd nedover hovudet sitt før dei spotta han, håna han og spytta på han. 

v.41. Murane hans vart rivne, og borgene hans lagt i grus. Det var ingen og ingenting som kunne forsvara Jesus i hans siste timar. Han hadde både Gud og menneske imot seg. 

 v.42 Kristus vart plyndra. Soldatane delte eignelutane hans mellom seg, og då han hang på krossen vart han spotta av dei som var til stades og gjekk framom. "Er du Messias, så stig ned. Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa." 

v.43. Gud gav motstandarane hans siger, og då han til slutt måtte gje etter for døden, vart dei glade. Endeleg kvitt denne plagsame profeten. 

v.44. "Hans kvassa sverd" var hans mektige ord. Jesus var stille som eit lam som vart frakta til slaktarbenken. Han kunne ikkje dra sverdet og bruka ordet som han alltid elles hadde i si makt. Herren heldt han ikkje lenger oppe i striden. 
 
v.45. Og hans jordiske glans drukna i blod og støv og høge skrik. I tre år hadde han tent folket som ein sann Messias, undervist dei om Guds rike, verna dei fattige mot klagemål, tilgjeve syndene deira, lækt sjukdomana deira og fordrive fiendane som stod dei imot, dei mange vonde åndene som plaga dei og påførte dei fysiske og psykiske sjukdomar. No var alt dette slengt til jorda. Nederlaget verka komplett. 
 
v.46. Og hans ungdoms dagar vart forkorta. Jesus vart berre 33 år, og han døydde sveipt i skam. Krossen er skammens tre. 

Det er ikkje mykje lys i Salme 89, det er den einaste klagesalma i Bibelen utan eit streif av håp i seg. Det er som om ho berre stansar på langfredag. 

Men me skal få lesa henne i lys av resten av Bibelen, og me veit at ingen kunne ta Jesu liv, han gav det frivillig. Når me les om hans smerte, så veit me: Det var våre synder han bar og vart straffa for. Difor blir me så fulle av takksemd når me les om hans tolmod i møte med dei små menneska som ville gjera seg store på hans bekostning. Dei skulle berre visst. Alle skulle berre visst. Også dei som lever i dag som ikkje bryr seg om han som er deira einaste håp, dei skulle berre visst.