torsdag 9. juli 2009

Salme 9,16-21

v16-17. Heidningane = nasjonane eller folkeslaga. Dei som går imot Guds folk, set feller for seg sjølv. Det er ein kjend bibelsk tanke som me skal framheva når ting ser mørke ut for oss som trur. Det er Gud sjølv som sørger for at dei som fremjar tiltak som skal stoppa eller hindra Guds sak gjennom oss, kjem til å stoppa opp. Han sørger for at dei går i eiga snare. Slik gjer Gud seg til kjenne for menneska gjennom sin rettferdige dom.

v.18 skildrar med klåre ord den evige domen over alle gudlause: DØDSRIKE vil vera deira opphaldsplass, og ut frå Det nye testamentet veit med at salmisten her syner til det som Jesus kallar "den andre døden", den evige fortapinga. Kven er dei gudlause? Det er dei som gløymer Gud, dvs dei som ikkje tek omsyn til han og til dei rettane han har i liva våre.

v.19: Nokre gløymer altså Gud, men Gud gløymer ikkje den fattige. Kven er den fattige? Det er han/ho som er desperat etter Gud. Dette kan vera folk som er fysisk fattige, men det kan også vera menneske som er fattige i ånda, som Jesus seier i Matteus 5,2, folk som kjenner seg uendeleg fattige utan Gud.

v.20-21: er ei bøn om at Gud må reisa seg og ikkje lata menneske lukkast i kampen sin mot han. Når Gud reiser seg, skjer det alltid dramatiske ting til dom og frelse, menneska vert realitetsorienterte: dei vert små og redde og Gud åleine vert stor. Og Gud veit at dette er det som me treng her hos oss no. Nordmenn flest handsamar Gud som ein bagatell, og ofrar han knapt noko merksemd. Dei gjer gladeleg ting som vanærar Han som har skapt oss til si ære. Men dette vil endrar seg den dagen Gud reiser seg. Då vil menneska bli forferda over seg sjølve og over arrogansen sin, og dei vil spørja om korleis dei kan bli frelst frå Guds vreide over våre synder. Det er vekkjing på sitt beste.

tirsdag 7. juli 2009

Salme 9:10-15

v.10: Medan Guds program for menneska alltid er fridom, er djevelen ein stor undertrykkar. Og fordi menneska moralsk og åndeleg sett er djevelens barn, har dei ein sterk tendens til å kontrollera og undertrykka kvarandre. Det skjer på alle nivå i samfunnet, frå familien til storpolitikken. Det skjer gjennom manipulasjon, trugsmål, urimelege lover, underbetaling, men også gjennom ulike former for avhengighet. Dette lyser mot oss berre me opnar ei avis.

Men mest av alt er menneske undertrykt av personleg synd og skuld. Ein klarer ikkje å kvitta seg med sin eigen egoisme, lettvintheten, nytingssjuka, vanesyndene og gudløysa i hjarta. Slik er alle menneske fanga av djevelen.

Det er berre ein måte me kan bli fri på, og det er ved å ta vår tilflukt til Herren, som er ei borg for den undertrykte. Me kan ikkje bli fri frå syndene våre gjennom reinsing eller forbetring. Alle slike forsøk fører oss lenger og lenger inn i fortviling. Me må berre stola på at han har døydd for syndene våre, og at Gud for Jesu skuld frikjenner oss frå alt som me ber på som me ikkje kan bli kvitt ved eige strev. Då blir me fødd på nytt, og me får Den Heilage Anden i oss som ein mektig ressurs mot alt svineri som vil prega oss negativt. Me forventar ikkje lenger at me skal vera syndfrie, men i Jesu namn dømer me oss sjølve, sannar me syndene våre, tek avstand frå dei og stolar på at det hos Jesus er full dekning for all den tilgjeving eg treng for å kunna leva med Gud no og i all framtid.

Nokre er undertrykte av sjukdom, og ber Herren natt og dag om lækjedom og fridom. Og det er naturleg. Men svært fort kan det verta slik at livet begynner å dreia seg om sjukdomen og problema. Ein er ikkje berre sjuk, men ein er undertrykt av sjukdomen. Og eg vil gjerne framheva i denne samanhengen at liksom Herren er ei borg for syndaren, er han også ei borg for den sjuke. Hos Jesus er det lækjedom for alle sjukdomar, det kan du og eg berre takka og prisa han for. Men inntil han lækjer oss, vil han at me skal stå over sjukdomane våre og ikkje vera undertrykte av dei. Sjukdomen skal ikkje setja dagsorden, det skal Jesus gjera. Me er jo hans læresveinar sjølv om me er sjuke. Me fornektar ikkje sjukdomen, men seier til Herren i vår ånd: Dette her er småting for deg, Jesus. Det gjer vondt hos meg, Herre, og eg er begrensa. Men eg er hos deg med det alt, og eg takkar deg for at du har full lækjedom for alle mine sjukdomar og sår, og medan eg ventar på forløysinga, vil eg fryda meg i deg og tena deg.

Men Herren er også ei borg for alle som er utsett for ytre undertrykking. For djevelen og hans lakeiar kan ta frå oss alt som finst av rettar som gjeld vårt borgarlege liv, men dei kan ikkje ta frå oss den indre fridomen i Jesus, dei kan ikkje ta frå oss Gud, dei kan ikkje ta frå oss verdigheten, for dette er ikkje knytt til denne døyande verda, men til den oppstandne Kristus som alltid er hos oss. Dei mange forfølgde kristne veit alt om dette.

v.11 stadfester dette. Dei som kjenner Herrens namn, er dei som stadig kallar på han, og dei som stadig kallar på Jesus, skal vita at han er hos dei og aldri vil gå ifrå dei. Det er ein lovnad.

v.12 er ei oppfordring til å lovsynga Herren, ei formaning som grip attende til starten av salma. Dei som bur på Sion er alle dei som stolar på det som hende med Jesus på Golgata. Sion er Jerusalem, og det som gjorde denne plassen til sentrum for Guds nærvær var templet, der det dagleg vart bore fram offer til Gud. Men det var også i denne byen Gud sjølv bar fram det offeret som skulle kunna setja strek over alle synder til alle tider, og det er alle dei som stolar på krafta i dette offeret som ikkje lenger vert tilrekna sine synder og som på den måten har flytta inn på Sion der Gud bur, og som nyt godene ved det. Men Sions innbyggjarar har også eit klårt definert oppdrag som lyder slik: kunngjer hans storverk mellom folka! Kva skal liva våre dreia seg om? Å lovsyngja Herren, og forkynna hans storverk mellom folka. Enkelt og greit. Det er dette me er sett i fridom for å gjera. Den som er bunden i sine synder kan ikkje gjera dette. Berre dei som har funne fridomen i Jesus.

v.13: Kvart år vert meir enn 100000 kristne drepne fordi dei er kristne, eller fordi dei har forkynt evangeliet. Det går ikkje upåakta hen hos Gud. Ein dag skal Herren hemna dei trufaste venene sine. Forfølgjarane vil få betalt etter sine gjerningar. Det som har skjedd, vil aldri bli gløymt. Ei heller det tap og den smerte Guds barn har lidd pga truskapen mot Herren og oppdraget. Gud har det siste ordet i denne saka.

Men domen råkar også alle som føretek drap på barn i morsliv. Abort er krig mot Gud. Og her er tala abnorme, kanskje 60 millionar per år på verdsbasis. Domen over foreldre, politikarar og helsepersonell som har påført verjelause foster døden, vil bli svært streng, om dei då ikkje skulle venda om og søkja forløysing for denne synda hos Jesus.

Dei små borna som brutalt vert utrydda på denne måten av vår tids korrupte menneske, er ikkje gløymde av Gud. Han høyrer og hugsar dei tause skrika deira. Dei er skapte i hans bilete for å æra han og realisera hans planar med verda.

v.14 er ei bøn om nåde, dvs at Gud i sin nåde skal fri han ut av den livstrugande situasjonen han er i og løfta han ut or dødens portar, som han har erfart før.

v.15 så han enno ein gong kan forkynna Herrens pris og fagna seg i kyrkjelyden. Og her ser me poenget med Guds frelse: Me er frelste for saman å prisa Herren og forkynna hans pris (= evangeliet).




mandag 6. juli 2009

Salme 9:5-9

v.5 For du har halde oppe retten min og ført saka mi. Dette ordet er ei stor trøyst for alle som vert forfølgde for Jesu skuld, eller for dei som er urettvist anklaga for eitt eller anna utan å kunna prova at det er anklagaren som tek feil, slik at folk flest trur på anklagaren. Då er det fantastisk å vita at Gud veit om personen si uskuld og at han sjølv tek på seg å føra denne personen si sak. Og Gud er ikkje berre advokat for borna sine, han er også den som sit med det siste ordet, han er domar, og domen han fell er alltid rettferdig.

v.6-7 lærer oss at Gud dømer både nasjonar og enkeltindivid. Guds domsgjerning er tosidig: han dømer her og no, og han dømer endeleg på den store oppgjersdagen. Domen som Gud fell i tida er alltid mogeleg å appellera og påverka (jmf. Abraham då han bad for Sodoma og Gomorra), men den endelege domen kan ikkje appellerast. Den står fast i all æva.

Det er tungt når Gud dømmer. Dei vonde slettar han ut, les me. Og då må me spørja: Kven er dei vonde? Det er dei som aktivt held Gud ute frå liva sine, og som aktivt går inn for å skada sin neste fysisk, psykisk eller sosialt. Som regel utfører dei skadeverket i den beste hensikt, men vondskap er det okke som, og Gud skal døma dei til undergang for evig og alltid. Namna deira skal bli stroken ut or Guds store bok.

Heile byar let Gud gå til grunne, heile samfunn. Korleis kan slikt gå til? Dei har fylt syndemålet sitt, og har ikkje meir å gå på. Berre Gud veit korleis det ligg an for oss i Noreg, kor lang tid det vil ta før han må gripa inn til dom. Men dersom me ikkje vender om til han, sannar syndene våre og gjer det gode, vil den øydeleggande domen ein dag koma.

v.8: Men Herren har ingen ende. Han er evig, og hans herredøme er evig, i motsetning til denne verdas riker og makthavarar som er ytterst tidsavgrensa. Ingen kan truga Herrens posisjon. Alle kan opponera mot han, og kritisera han, og det gjer folk, men til sjuand og sist er det han som skal døma oss, og ikkje andre vegen. Dette skulle kalla oss til å vera audmjuke innfor Gud. Ikkje primært fordi han er større og sterkare enn oss, men fordi han er så mykje meir innsiktsfull og rettferdig enn oss. Difor må me la oss døma av Gud i samvitet, og ta hans allmenngyldige ideal (lov) innover oss, måla oss med det idelle og kjenna på den store avstanden det er mellom det me er og det me skulle ha vore. Det gjer oss audmjuke og nådehungrige, me kjem inn i vekkjing.

v.9: For han skal døma med RETTFERD, dvs ut frå dei djupe krava som kjærleikens lov stiller til oss. I Matteus 25 får me eit bilete av dette: "Eg var i fengsel, og de vitja meg." Og motsett: "Eg var sjuk, og de såg ikkje til meg."

Ingen kan leva opp til denne lova av seg sjølv. Denne kjærleiken må me få hos Gud, og den får me saman med Jesus når me tek i mot han som er Guds gåve til oss.

onsdag 1. juli 2009

Salme 9,1-4

Vers 1-2 er ein hyllest til Herren der David lover at han skal forkynna om Herrens storverk, at han vil vera glad og fryda seg i Gud og at han vil lovsyngja namnet åt Den Høgste. Slik sett skildrar desse versa det kva det kristne livet dreier seg om primært.

Å prisa Herren av heile sitt hjarta inkluderer heile sjelslivet med evner, vilje, kjensle og fornuft. Og den som prisar Herren slik, vil oppleva under på under i livet sitt som ein kan fortelja andre menneske om. Lovprisning og forkynning heng tett saman. Den som flittig og av hjarta prisar, lovsyng og tilber Herren, vil alltid ha noko å vitna om.
Kvifor er det slik? Fordi me er skapte til dette. Når me prisar Herren, lever me sant, og det opnar for Guds makt i liva våre. Lever du sant?

v.3: David frydar og gleder seg i Gud. Han bestemmer seg for å gjera det. Det er ein viljessak. "Eg VIL.." skriv David. DET ER RETT OG SLETT DETTE HAN VIL MED LIVET SITT. Er det dette du vil? Eller kva er du eigentleg vil med livet ditt? Å hopphøgja Gud på jorda eller noko anna?

v.4: Du treng ikkje vera i godt humør for å prisa Gud, David venta på åtak frå fiendar. Ein kan bli nervøs av mindre. Men han visste at Gud var nær hos han, og at i møte med Gud ville fiendane gå til grunne. Korleis kunne David vita at Gud var nær? Fordi han var ein som tilba Gud av heile sitt hjarta, og slike menneske opplever alltid Gud som nær. Gud tronar på sine lovsongar, les me, og der lovsongen lyder, der er Gud sjefen.

Meir seinare