tirsdag 4. november 2014

Salme 41,5-11

  5 Men eg seier: « Herre, ver meg nådig;
          læk meg, for eg har synda mot deg!»
         
   
 6 Fienden talar vondt om meg:
          «Når skal han døy og namnet hans gå til grunne?»
         
   
 7 Kjem det ein og ser til meg,
          talar han tomme ord.
          Hjartet hans samlar på det vonde,
          så går han ut og talar om det.
         
   
 8 Alle som hatar meg, kviskrar saman,
          dei legg vonde planar mot meg:
         
   
 9 «Noko vondt har råka han,
          no ligg han der og står aldri meir opp.»
         
   
10 Jamvel venen min som eg leit på,
          han som åt ved mitt bord,
          lyfter hælen mot meg.
         
   
11 Men du, Herre, ver meg nådig og reis meg opp,
          så eg kan gje dei att.


Vers 5 er ei bøn om nåde,  tilgjeving og lækjedom. I King James er det snakk om lækjedom av sjela. Det kommuniserer godt med at salmisten innrømmer å ha synda. Sjela kjennest sjuk og lurvete ut for ein truande som syndar.   Men her er det også snakk om fysisk sjukdom. Det forstår me i vers 7 der det står om folk som kjem og "ser til han", omtrent som "venene" til Job.

v.6: Problema har tårna seg opp for David. Han blir baktalt, og det er nokon som ønskjer livet av han og dei vil at namnet hans skal fjernast frå historia, og dei legg planar om å få rydda han av vegen. Her er det snakk om forsøk på overlagt drap.


v.7-8: Fiendane står ikkje ope fram, men gjev inntrykk av å vera vener. Men når dei er på sjukebesøk, er det berre for å finna noko negativt som dei går ut og deler med sine likesinna. Dei føler til dei grader at dei har overtaket, og likar det, drivne av hat som dei er. Hatet er ei mektig drivkraft i nokre menneskes liv. Det blindar alle sansar og får uretten til å verka rettferdig. Men hatet er ei kardianalsynd, og alle tankar og handlingar som spring ut av hatet er vonde og syndige, kor rettferdige dei enn måtte verka.

v.9: Men dei synest dei får god hjelp av den sjukdomen som har råka salmisten. Dei reknar med at den vil føra han til døden slik at han aldri meir reiser seg opp. Alle som ønskjer at eit menneske skulle vore død, er under påverknad frå helvete. 

v. 10 er brukt i NT om Judas Iskariot som sveik Jesus. Men han er èin av mange som har falle sine næraste i ryggen. David opplevde det med sonen Absalon, utan at DET fråtek verset nokon profetisk karakter.  

v.11 Er ei bøn om at Gud i sin nåde må reisa han opp slik at han kan betala fiendane sine attende. Hemnmotivet er vanleg i Salmane. Men oftast slik at salmisten ber Gud om å hemna han. Men her vil han gjera det sjølv. Det har samanheng med at David var Israels konge, og som konge hadde han domsrett i Israel.