torsdag 20. juli 2023

Salme 119,115-119

 115 Vik frå meg, valdsmenn!

          Eg vil ta vare på boda frå min Gud.
          
   
 116 Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva.
          Lat ikkje mi von bli til skamme!
          
   
 117 Støtt meg så eg blir berga
          og alltid har dine forskrifter for auge.
          
   
 118 Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du,
          for dei fer med svik og løgn.
          
   
 119 Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg,
          difor elskar eg dine lovbod.

v. 115. Fordi han held fast på Guds ord, blir salmisten forfølgd av valdsmenn,
Kva er det å ta vare på Guds ord? Som eg har sagt så mange gonger før: det handlar om å lesa, lytta, memorera, praktisera og dela det med andre. Det kan gjera folk veldig sinte, og det kan utløysa forfølging. I Nigeria og Pakistan er t.d. kristne nærast dagleg utsette for vald som ofte endar i drap. Aldri i historia har forfølginga av kristne vore på eit høgt nivå over så lang tid som no, og det er tiltakande.
  
I v. 116- 117 ber han om at Gud må halda han oppe i trua og støtta han slik at han ikkje misser vona, og han ber om at Gud må berga han frå desse valdsmennene. Og, kjære lyttar, om du ikkje sjølv er forfølgd, er det rett og rimeleg at du ber for dei kristne som er det, og då kan du be om at valdsmennene må vika frå dei, at Gud vernar dei mot død og skadeverk, og at han støttar dei i kampen slik at dei blir berga. Dette er desperate dagsaktuelle bøner. 

v.118 har eit djupt alvor over seg, og bør kunngjerast vidt og breitt: Alle som villar seg bort frå Guds forskrifter, vil bli vraka fordi dei driv med svik og løgn. Guds forskrifter er Guds lover samt hans veg til frelse frå synd og død. Johannes døyparen seier om Jesus:  "Den som trur på Sonen har evig liv, men den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert over han." Gud gav Israel lova på Sinai, og han var heilt seriøs med det. Men ingen av dei klarte å halda lovene hans, og det klarar ikkje me heller.  Difor gav Gud i sin djupe kjærleik Sonen sin til oss alle for å frelsa oss frå lovas mange krav, og då var han om mogeleg enno meir seriøs. Me tullar ikkje med Gud. Det er ikkje frelse i andre enn i Jesus, og vårt høve til han avgjer Guds høve til oss, om me vert aksepterte eller forkasta. 

v.119. Kven er dei lovlause som Herren vil fjerna som slagg? Det er dei som fornektar lovene hans og vil erstatta dei med sine eigne eller andre sine. Det skjer i stor stil i våre dagar. Folk tek ikkje Gud seriøst lenger. Han er som eit støv i lufta for dei. Men Gud let seg ikkje avfeia. Han er ikkje ein fjern idè. Han er skaparen av himmel og jord og verdas mektige dommar, og han vil fjerna opprørarane som slagg, les me her, og då må eg leggja til: dersom dei då  ikkje vender om frå sine ville vegar. Gjer dei det, vil dei bli frelste. Og fordi det er slik, bevegar me som kjenner og elskar Gud oss ut i samfunnet med evangeliet om Jesus og ber folk om å snu, snu seg mot Gud, innrømma syndene sine og sitt behov for tilgjeving, be Gud om nåde og overgje liva sine til Jesus og bli hans disiplar. Då blir slagg til gull. 
Salmisten avsluttar dette verset med at han elskar Guds lover. Alle Guds barn gjer det. Å elska Gud er å elska hans bod. 

 

tirsdag 11. juli 2023

Salme 119,111-114

  Dine lovbod er min eigedom for alltid,

          dei gleder mitt hjarte.
          
   
 112 Eg bøyer hjartet mot dine forskrifter
          for alltid, til evig tid.
          
   
 113 ס Eg hatar dei som har eit delt hjarte,
          men eg elskar di lov.
          
   
 114 Du er mitt vern og mitt skjold,
          eg ventar på ditt ord.

v.111. Salmisten har teke imot Guds ord, og då er dette ordet blitt hans eigedom, både lova og evangeliet. Han gler seg over Guds lover. Det gjer han fordi dei er eit uttrykk for Guds rettferd og godleik, og slike verdiar er lette å gleda seg over for Guds barn. 
v.112
Salmisten bøyer hjarta sitt til Guds forskrifter. Ser me dette verset i lys av vers 113 ser me at det handlar om ikkje å leva dobbeltliv, om ikkje å rosa Guds lover offentleg, men leva i konflikt med dei på privaten.  Me har sett mange kristne leiarar i det siste som har forkynt ein annan standard for andre enn den dei har praktisert i sine eigne liv. Salmisten vil for all del ikkje vera ein av desse. 
v114 er ei vakker og sterk kristen vedkjenning, ei tilbeding, ein lovsong. Og prøv no å seia desse orda høgt til Herren, du også: "Du er mitt vern og mitt skjold", og sei det ofte. Etter kvart vil du tru det i djupet av hjarta ditt, og det vil vera så godt for deg, så styrkande. Og dessutan: I denne tida me lever i no, når folk skjelv meir og meir for det dei ser kan koma over oss,  har me verkeleg bruk for Herren som vern og skjold. Det er no tid for alle å overgje liva sine til Gud og søka tilflukt hos han med heile seg og med alle sine. 
Salmisten ventar på Herrens ord, seier han. Dette handlar neppe om Bibelen, men om leiing i ei eller annan sak han stod oppi. For Gud talar gjerne til oss direkte når me treng leiing. Det kan du rekna med. 

søndag 2. juli 2023

Salme 119,107-110

 Eg er djupt nedbøygd.

Herre, gjev meg liv slik du har sagt!

og lær meg dine lover!

109Eg går alltid med livet i hendene,

men gløymer ikkje di lov.

110Dei lovlause sette ei snare for meg,

men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod.


Når salmisten skriv at han er djupt nedbøygd, kan det ha ulike grunnar. Han kan t.d. ha opplevd noko som har teke krafta og livsmotet frå han, og at bøna om liv er ei bøn om å få livsgleda attende. Men det kan også vera at Herren har bøygd han. Han nemner jo dette tidlegare i salma at Herren har audmjuka han, noko som han der takkar for. Jesaja opplevde dette. I Jesaja 6 skriv han om eit mektig møte han hadde med Gud i tempelet der han fekk sjå Gud i sin herlegdom, og lyset frå Gud  var så sterkt at det avslørte profeten som ein løgnar, skrytepave, baktalar og pratmakar. "Ve meg!, sa han, "eg er ein mann med ureine lipper som bur midt mellom eit folk med ureine lipper, og augo mine har sett Herren, allhærs Gud,"  og han var redd livet stod i fare, for ingen kan sjå Gud og leva, som det står.  Når Gud set lyskastaren sin på oss blir me små i oss sjølve, me ser våre avgrunnsdjupe synd, og forstår at me straks må gje Gud rett i alle klagemål og at me må bøya oss inn under hans dom over oss. Jesaja trudde verkeleg at han skulle døy, så sterkt var dette. Det kan vera grunn til å tru at salmisten vår har erfart det same, og no ber han om liv frå Gud, evig liv.  Ingen kan bli kristen av seg sjølv. Ingen kan produsera åndeleg liv. Utan at me blir fødde på nytt ved Den Heilage Ande, forblir me åndeleg døde. Det nye livet som varer evig må me få frå Gud. Me fekk det den dagen me vart kristne, og me må få det kvar dag seinare livet gjennom om me skal hamna vel. 

Vers 108: Gud reinsa Jesajas munn med ei glo frå brennofferaltaret. Etterpå kunne profeten tala Guds livgjevande ord til folket. Når me blir kristne, reinsar Gud språket vårt, og me begynner å tilbe og tala profetisk. Lovsong og tilbeding er våre offergåver til Herren. Dei tek han med glede i mot så lenge me er ærlege,  sanne og lærevillige. 

v.109. Salmisten går alltid med livet i hendene. Det kan bety, som me har vore innom før, at han blir forfølgd. Han er jo ein modig maur som forkynner Guds radikale vilje inn i andre folks liv, og det vekker demonisk motstand. Mange kristne vert drepne kvart år fordi dei forkynner Guds ord med truskap. Dei blir hata, og dei lovlause set opp feller for dei (v.110)  for å få has på dei. Salmisten veit det. Likevel let han seg ikkje vippa av pinnen. Det er blitt eit livsprosjekt for han å leva Guds ord og å forkynna det for menneska.