Viser innlegg med etiketten evig liv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten evig liv. Vis alle innlegg

torsdag 20. juli 2023

Salme 119,115-119

 115 Vik frå meg, valdsmenn!

          Eg vil ta vare på boda frå min Gud.
          
   
 116 Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva.
          Lat ikkje mi von bli til skamme!
          
   
 117 Støtt meg så eg blir berga
          og alltid har dine forskrifter for auge.
          
   
 118 Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du,
          for dei fer med svik og løgn.
          
   
 119 Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg,
          difor elskar eg dine lovbod.

v. 115. Fordi han held fast på Guds ord, blir salmisten forfølgd av valdsmenn,
Kva er det å ta vare på Guds ord? Som eg har sagt så mange gonger før: det handlar om å lesa, lytta, memorera, praktisera og dela det med andre. Det kan gjera folk veldig sinte, og det kan utløysa forfølging. I Nigeria og Pakistan er t.d. kristne nærast dagleg utsette for vald som ofte endar i drap. Aldri i historia har forfølginga av kristne vore på eit høgt nivå over så lang tid som no, og det er tiltakande.
  
I v. 116- 117 ber han om at Gud må halda han oppe i trua og støtta han slik at han ikkje misser vona, og han ber om at Gud må berga han frå desse valdsmennene. Og, kjære lyttar, om du ikkje sjølv er forfølgd, er det rett og rimeleg at du ber for dei kristne som er det, og då kan du be om at valdsmennene må vika frå dei, at Gud vernar dei mot død og skadeverk, og at han støttar dei i kampen slik at dei blir berga. Dette er desperate dagsaktuelle bøner. 

v.118 har eit djupt alvor over seg, og bør kunngjerast vidt og breitt: Alle som villar seg bort frå Guds forskrifter, vil bli vraka fordi dei driv med svik og løgn. Guds forskrifter er Guds lover samt hans veg til frelse frå synd og død. Johannes døyparen seier om Jesus:  "Den som trur på Sonen har evig liv, men den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert over han." Gud gav Israel lova på Sinai, og han var heilt seriøs med det. Men ingen av dei klarte å halda lovene hans, og det klarar ikkje me heller.  Difor gav Gud i sin djupe kjærleik Sonen sin til oss alle for å frelsa oss frå lovas mange krav, og då var han om mogeleg enno meir seriøs. Me tullar ikkje med Gud. Det er ikkje frelse i andre enn i Jesus, og vårt høve til han avgjer Guds høve til oss, om me vert aksepterte eller forkasta. 

v.119. Kven er dei lovlause som Herren vil fjerna som slagg? Det er dei som fornektar lovene hans og vil erstatta dei med sine eigne eller andre sine. Det skjer i stor stil i våre dagar. Folk tek ikkje Gud seriøst lenger. Han er som eit støv i lufta for dei. Men Gud let seg ikkje avfeia. Han er ikkje ein fjern idè. Han er skaparen av himmel og jord og verdas mektige dommar, og han vil fjerna opprørarane som slagg, les me her, og då må eg leggja til: dersom dei då  ikkje vender om frå sine ville vegar. Gjer dei det, vil dei bli frelste. Og fordi det er slik, bevegar me som kjenner og elskar Gud oss ut i samfunnet med evangeliet om Jesus og ber folk om å snu, snu seg mot Gud, innrømma syndene sine og sitt behov for tilgjeving, be Gud om nåde og overgje liva sine til Jesus og bli hans disiplar. Då blir slagg til gull. 
Salmisten avsluttar dette verset med at han elskar Guds lover. Alle Guds barn gjer det. Å elska Gud er å elska hans bod. 

 

onsdag 25. september 2013

Salme 36,11-13

  11 Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,
          di rettferd for dei ærlege av hjartet.
         
   
12 Lat ikkje foten til den stolte trø meg ned!
          Handa til den lovlause skal ikkje jaga meg bort.
         
   
13 Der ligg dei, dei som gjer urett.
          Dei er støytte ned og kan ikkje reisa seg.


Vers 11: Å kjenna Gud er det evige livet (Joh 17,3). Det er kjerna i det å vera eit kristent menneske. Ingen kan kjenna Gud utan at Gud gjer seg kjent for vedkommande. Dersom ikkje Gud stadig tek seg av oss og viser seg for oss, misser me kontakten med han Dette er ei bøn om at Gud skal bevara oss i trua slik at me kvar dag kan nyta hans nåde. Vilkåret for at han handlar slik me oss er at me er ærlege menneske. Dersom me skjuler oss for han, blir uærlege, vil han skjula seg for oss. 

Vers 12 er ei naturleg bøn for alle som vert forfølgde for trua si. Mange vert trødde ned og jaga bort frå hus og heim fordi dei trur på Jesus og samlar folk om Ordet, bøna og nattverden. "Den lovlause" er den som ikkje godkjenner Guds lov slik ho er gjeven oss gjennom Bibelen, som gyldig for livet sitt, og som slost mot at Guds lov skal lyda og ha innflyting på folks liv.

Vers 13: Dei "stolte" er dei som går mot Gud. Det er dårskap. Han dømmer dei og støyter dei ned. Den evige fortapinga ventar alle som ikkje vil audmjuka seg og bøya seg for Gud og hans ord. Då kan dei ikkje meir reisa seg meir.