onsdag 6. november 2013

Salme 38,17-23

    17 Eg sa: Lat dei ikkje gleda seg over meg
          og ikkje briska seg når foten min er ustø.
       
   
18 For eg held på å falla,
          mi smerte står alltid for meg.
       
   
19 Ja, eg vedkjenner mi skuld
          og sørgjer over mi synd.
       
   
20 Men fiendane lever og er sterke,
          dei som hatar meg utan grunn, er mange.
       
   
21 Dei som løner godt med vondt, står meg imot
          fordi eg jagar etter det gode.
       
   
22 Herre, forlat meg ikkje!
          Min Gud, ver ikkje langt borte frå meg!
       
   
23 Skund deg og hjelp meg,
           Herre, mi frelse



vers 17: Salmisten har liten interesse av at fiendane hans skal triumfera over han når han mislukkast. Synda i menneskeslekta viser seg så tydeleg i det faktum at me kan kjenna på glede når det går dårleg for folk me ikkje likar. Ja, berre det at det finst folk me ikkje likar er eit reint syndig trekk. 

vers 18; Han heldt på å falla. Det er grunn til å tru at han snakkar om eit åndeleg fall. For i vers 19 snakkar han om at han vedkjende skulda si og sørgde over synda han hadde gjort. Å "falla" er altså ikkje å falla i synd, men å falla og ikkje reisa seg att. Ved å sanna syndene våre for Gud, reiser me oss att, og då er ikkje fallet vårt kvalifisert. 

Vers 20: Men fiendane har ingen syndenaud. Dei er sterke og levande og yt frimodige truande motstand. Er du ein som vitnar om Jesus, vil det alltid vera nokon som ikkje likar deg, ja, som kan koma til å hata deg og gjera livet trongt for deg. Du vil dei berre godt (vers 21), men vert ikkje forstått, og du blir løna med det som vondt er. Dei står deg imot, fordi du jagar etter det gode, dvs etter at dei skal bli kjent med Gud og oppleva frelse ved trua på Jesus og  at du og dei skal nå fram til himmellandet. 

vers 22-23 er ei bøn om at Gud ikkje må svikta og forlata han, ei heller vera langt borte frå han, men at han skal skunda seg og hjelpa. Den siste linja er ei vedkjenning: "Herre, mi frelse!"  Den skal du, min kjære lesar, ofte ta i din munn. Det er Herren Jesus som er di frelse. Du treng ikkje leita etter frelsa di i deg sjølv, korkje i kjenslelivet eller i ditt kristne engasjement, men berre i Jesus. Han er i sin person DI FRELSE.