søndag 30. april 2023

Salme 119.81-83

  81 כ Eg tærest bort av lengsel etter di frelse,

          eg ventar på ditt ord.
          
   
 82 Auga sloknar, eg ventar på dine ord,
          eg spør: «Når vil du trøysta meg?»
          
   
 83 Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk,
          likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.

Herre Jesus! Du som er Guds ord, du er også i dette ordet me deler med kvarandre i dag. Nær trua vår, og styrk oss ved Den Heilage Ande. Amen! 

v. 81 Salmisten tærdest bort av lengsel etter Guds frelse. Det er sterke ord. Han ventar på eit ord frå Gud, ei openberring som kan redda han ut av ein fastlåst situasjon. Det er i alle fall den mest nærliggjande tolkinga, og slik kan me alle be om me har det slik. 

Men dette kan også vera forkynnaren si bøn. Han lengtar desperat etter at folk skal bli frelst, etter vekking, etter at Gud skal koma med friske, sterke, sanne og skapande ord som trenger inn i folks sinn som tveegga sverd som kløyver ånd, sjel, marg og bein og dømmer hjartans tankar og råd, som det står i Hebrearbrevet 4, og driv folk til omvending og tru, rykker dei ut av djevelens makt og fører dei inn i Guds evige rike. Slike ting lengtar eg etter. 

v.82 Salmisten skriv av "augo sloknar". Det kan bety at han kjem til å døy, eller at han er i ferd med å mista all inspirasjon og kraft, mista gløden. Eg trur helst det siste. Det følest ubehageleg, stundom panikkaktig når det skjer. Kva hender med meg no? Eg var jo så brennande og varm, så takksam og glad, men no har eg mista motet. 

Dette er ikkje Guds verk. Dette er fiendens gjerning i liva våre. Gud gjev oss aldri ei ånd som gjer oss motlause, men ei ånd som verkar visdom og kraft. Difor skal me avvisa motløysa, søka inn i Guds ord og be Gud om å forbarma seg over oss og igjen fylla sinn og tanke med lys optimisme. 

v.83 Salmisten føler seg som ein utbrukt skinnsekk kasta på bålet, og han tenkjer kanskje tilbake på den tida då han var ny og frisk og full av Ande og kraft. No er han redd for at Gud har forkasta han, at det er slutt, og tanken skremmer han. Og det kan eg forstå. For ein forkynnar å døy og gå i grav utan å ha sett gjennombrot, er ein marerittanke. Forstå det den som kan. Men poenget med å vitna og forkynna om Jesus er jo at folk skal koma til tru, bli glad i Jesus og begynna å følgja han. Men uansett: store resultat eller ikkje, for sin eigen del heldt salmisten fast på Guds ord, og det vil eg ha sagt: Det gjer eg også. Håpar at du også kan seia det same. For då er det i alle fall håp for oss, og ein dag vil me erfara at Gud løftar tenesta vår opp på eit høgare nivå, og me vil sjå langt større resultat enn det me har gjort så langt. Så fatt mot, og lukke til. 

torsdag 27. april 2023

Salme 119,79-80

Lat dei som fryktar deg, koma tilbake. Lat dei som kjenner dine lovbod, koma til meg. Lat meg få følgja dine forskrifter med heile hjarta, så eg ikkje blir til skamme."

Gode Gud og Far! Takk for ditt ord som har kraft i seg til å frelsa, fornya, lækja, rettleida, utrusta og inspirera. Gjer det også her og no. Eg ber i Jesu namn. Amen!

Salmisten har opplevd at kyrkjelyden han var ein del av er blitt sprengt. Ikkje fordi folk har falt frå Gud i hjarto sine, men av andre ytre grunnar, truleg som eit resultat av forfølging. 

Han ber her om at dei må koma attende, at fellesskapet, samfunnet med dei heilage, skal attreistast. Alle Guds barn elskar sin åndelege familie. Ja, skriv Johannes i sitt første brev: søskenkjærleiken er eit bevis på at eit menneske er ein sann kristen og har Gud i hjarta.

Så ber han om personleg fornying og helging. Han vil ikkje berre lyda Guds bod i det ytre, men han vil gjera det gode ut frå kjærleiken til Gud og nesten, han vil likna Kristus. 

Det er ei god bøn som me alle gjer lurt i å be. Å halda Guds bod i det ytre har sjølvsagt sin verdi. Men det fører ingen av våre medmenneske til Kristus, det strøymer ingen varme ut frå oss når me følgjer lovene av plikt. Først når me følgjer dei fordi me elskar Gud og nesten, vil me formidla liv frå Gud til våre medmenneske. Så be slik, kjære kristne ven.

Det er ein konstant frykt hos sanne kristne om å falla frå Herren, gå på eit fatalt nederlag, eit fall som bringer skam over eins eige liv, over Guds rike, Guds kyrkje ja,  over Gud sjølv. Og jo fleire slike fall me observerer skje (og det har vore ganske mange dei siste åra), jo meir aukar denne frykten. Å falla slik er det Bibelen kallar "å bli til skamme."  Salmisten ber om at Gud må bevara han frå å bli til skamme, og Jesus har også lært oss å be "før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde", og det med god grunn. 

tirsdag 18. april 2023

Salme 119,76-77

 Lat di miskunn vera mi trøyst

          slik du har sagt til din tenar!
          
   
 77 Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva,
          for eg frydar meg over di lov.

Gode Gud og Far! Takk for ditt ord som har kraft i seg til å frelsa, fornya, lækja, rettleida, utrusta og inspirera. Gjer det også her og no. Amen!

Ingen og ingenting kan trøysta ein kristen som Gud. Jo, me kan ta imot trøyst frå medmenneske. Det rekk eit stykke på veg, men Guds trøyst rekk heilt fram. Ingen kjenner oss som han, ingen elskar oss som han og difor kan ingen trøysta som han. Ikkje all sorg er lik. Me sørger når ein av våre næraste døyr, dersom eit ekteskap går i oppløysning, når eit kjæledyr døyr, når eit kjærasteforhold tek slutt, eller når me har mista jobben eller gått på ein grov økonomisk smell.  Korleis trøystar Gud? Gjennom evangeliet, ved å forsikra oss om at me er elska og tilgjevne menneske. Han talar inn i hjarto våre, og forsikrar oss om at han er vår gode Far som erstattar alle tap me har lidd, ja, ikkje berre erestattar dei, men han overoppfyller tapa våre. Han gjev oss dobbelt tilbake, les me hos profeten Jesaja 40. Kvifor let Gud oss oppleva sorg og smerte? Fordi me skal kunna trøysta andre som opplever smerte med den trøyst me sjølve har fått av Gud. Gud let oss gjennomleva ting for å utdanna oss til gode sjelesørgarar for andre. 
Når Gud ved sin Heilage Ande auser sin kjærleik ut i hjarto våre, blir det skapt nytt liv der inne. Når det skjer første gong, blir eit menneske fødd på nytt. Når det skjer på dagleg basis, blir kristenlivet stadig fornya. For kristenlivet handlar om å leva i Guds kjærleik og nåde. Det gjer oss både fri frå lova sine krav, dei har Jesus oppfylt på våre vegne, og det gjev oss kjærleik til lova sitt innhald. Me elskar lova, ikkje fordi ho dømmer oss, det kan ho ikkje lenger, men fordi ho avspeglar Guds kjærlege vesen til oss og alle menneske. 

tirsdag 11. april 2023

Salme 119,73-76

    73 י Dine hender har skapt meg og halde meg oppe. 

          Gjev meg skjøn så eg lærer dine bod!
          
   
 74 Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade,
          for eg ventar på ditt ord.
          
   
 75 Herre, eg veit at lovene dine er rette,
          at du var trufast då du audmjuka meg.
          
   
 76 Lat di miskunn vera mi trøyst
          slik du har sagt til din tenar!

Gode Gud og Far! Takk for ditt ord som har kraft i seg til å frelsa, fornya, lækja, rettleida, utrusta og inspirera. Gjer det også her og no. Amen!

Vers 73 inneheld to teologiske sanningar: Du er skapt av Gud, og det er Gud som held liv i deg. Det er ikkje tilfeldig at du bevegar deg på jorda, Gud har skapt deg fordi han har ein plan med livet ditt, ein særeigen plan som berre du kan fylla fordi det berre er du som er du. Men Guds plan blir ikkje oppfylt automatisk, du må seia ja til Gud og hans plan, og difor må du be Gud om skjøn slik at du kan læra hans bod å kjenna, ikkje berre etter sin ordlyd, men etter sin kjærlege intensjon. 
Vers 74 plasserer deg i det kristne fellesskapet. Dette fellesskapet er ein sentral del av Guds plan med deg. For denne planen kan berre verkeleggjerast og utfalda seg i fellesskap med andre kristne (eller gudfryktige som me les her).
vers 75 skildrar ein erfaring alle kristne har meir eller mindre, nemleg det å bli avslørt av Guds lov. Lova spring ut frå Guds fullkomne kjærleik til alle menneske, og når du ærleg speglar deg i desse lovene, vil du sjå at du slett ikkje alltid, eller kanskje til og med svært sjeldan, i dine val, prioriteringar og gjerningar er motivert av kjærleik til dine medmenneske.  Og når du skjønar korleis det er fatt med deg, kor stor avstanden er mellom deg og Gud, mellom korleis du skulle vore og korleis du er, blir du skamfull og audmjuk. Og det er ein god ting, for som me har nemnt mange gongar før: den audmjuke får nåde. 
Då blir Guds store miskunn di trøyst, slik me les i vers 76. Audmjuke menneske har ingenting anna å stola på enn at Gud møter dei med nåde, og det gjer han meir enn gjerne, for det har han lova å gjera, og han held ord. Det kan du vera sikker på. Jesus er tydeleg på dette i forteljinga om tollaren og farisearen som gjekk opp til tempelet for å be. Farisearen bad sjølvgode og sjølvrettferdige bøner, og gjekk heim utan å vera frelst. Tollaren bad berre om nåde, og gjekk frelst heim til sitt hus.