onsdag 11. juli 2018

Salme 65.1-4

Dette er ei takkesalme, tydelegvis knytt til innhaustningstida.

v.2. Lovsongen tilhøyrer Gud på Sion. Lovsongen er himmeltonen som alltid strøymer mot vår gode og allmektige Gud og far. Sion er templet, plassen der Gud er nær med sin frelsande nåde. I dag er kyrkjelyden Guds tempel, og der er lovsongen til Gud grunntonen.

Me lover gjerne å takka  og æra Gud dersom han vil hjelpa oss når me sit heilt fast i livet, og held lovnaden ved å offentleggjera og vitna om hans velgjerningar mot oss.

v.3. For Gud er ein gud som høyrer når me ber, og be, ja det er noko ALLE kan gjera. Den som ber, kjem til Gud. Og kan me tillata oss å sjå ein overveldande profeti i dette verset når det står at "til deg kjem alle menneske"? Kan me kopla dette til Johannes 1 der det står at Jesus er lyset "som lyser opp KVART menneske"? Dette er sterke tankar for ein som elskar Gud og som tener han og lengtar etter at alle som Jesus Kristus døydde for skal kunna nyta fruktene av hans frelsesgjerning: samfunnet med Gud.

v.4. Menneska kjem til Gud når skulda deira blir for stor å bera for dei. Den einaste måten å bli kvitt syndene sine på er ved å koma til Gud med dei. All synd er gjort mot Gud, og det er han som har påtalemakt, og av den grunn  er han den einaste som kan tilgje, og det gjer han meir enn gjerne. Han gav jo Sonen sin for å kunna gjera det, og Jesus betalte dyrt for vår tilgjeving og fridom.


onsdag 4. juli 2018

Salme 64,8-11

v.8. Alle som går til åtak på Guds barn, utset seg for Gud. Me har eit stjerneeksempel i Saulus frå Tarsus. Han ville setja alle kristne i fengsel, men Gud slo han i bakken utanfor Damaskus, blinda han og gjorde han hjelpelaus. Det vart til frelse for han, og seinare for millionar av andre.

v.9. Gud fører motstandarane sine til fall. Før eller seinare går det slik med dei alle, og dei ikkje sluttar med vondskapen sin og vender om frå sine synder. Til slutt blir dei råka av sine eigne ord.
Jesus seier: "Etter orda dine skal du frikjennast, og etter orda dine skal du dømmast skuldig."

v.10 skildrar den åndelege vekkjinga som kjem når Gud kunngjer sine dommar over motstandarane sine. Då begynnar folk å frykta Herren. Dette ser me illustrert i Apostelgjerningane. Det kjem frykt for Herren over folket når Gud dømmer, og dei begynnar å tena han. Dei kunngjer hans verk, dvs. Jesu Kristi fullkomne frelsesverket, og det gjer dei fordi dei plutseleg "forstår det han har gjort". Det indikerer at Den Heilage Ande er i aksjon. Det er Han som gjev slik forståing.

v.11. Dei rettferdige er dei truande, som søkjer si tilflukt hos Herren, dei som gleder seg i Gud, dei ærlege som prisar seg lukkelege fordi dei stolar på Gud, og det har dei all mogeleg grunn til å gjera. For Gud er trufast og god, og han gjer det han har lova, og ofte meir til. 




Salme 64,5-7

5Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause.
Brått skyt dei han, dei er ikkje redde.
6 10,11+ Dei styrkjer kvarandre med vonde ord.
Dei talar om å setja snarer
og seier: «Ingen vil sjå dei.»
7 Jer 17,9 Dei tenkjer ut vondskap.
«No er vi klare, tanken er tenkt,
det er store djup i menneskehjartet!»
v.5. Som kristne er me i stadig konflikt med vonde åndsmakter som vil skremma og sveikka oss, og desse verkar gjennom menneske som hyser dei. Ein vaken og frimodig kristen er farleg for mørkers fyrste, og vil koma til å merka hans vreide. Han/ho blir gjenstand for åtak og klagemål. 
v.6. Det finst eit vondskapens fellesskap. Farisearane og dei skriftlærde kom saman for å snakka om korleis dei skulle nøytralisera Jesus. Slike møter er det fleire av enn det me anar også i dag. Konservative og frimodige Jesusvener opplevest som eit trugsmål og ein festbrems, og folk snakkar om dei, og kanskje også nokon legg planar for korleis ein kan få stoppa dei. I mange muslimske land er det vanleg at det vert sett opp feller for dei kristne slik at dei skal røpa sine forbodne kristne aktivitetar. 
v7. Dei tenkjer ut vondskap, som er overlagt skadeverk. Og når dei føler at planane er vasstette, går dei til aksjon. Dei truande anar fred og ingen fare, alt har føregått så stille og umerkande, min santen er det store djup i mennesketanken. Under ei vakker overflate kan det syda av djevelskap. 

søndag 1. juli 2018

Salme 64,1-4

v.2. David bed Gud om vern. Fiendane er skremmande, og David er redd for livet sitt. Dette er ein situasjon som norske kristne så langt ikkje kjenner nemneverdig til. Men for dei truande i Midt-Austen er dette ei meiningsfull bøn.

v.3. Det er ein heil bande, ja, ein heil hop som er ute etter han, og han har ingen andre å støtta seg til enn Gud. Trua hans er på prøve.
Det finst eit sjukt fellesskap i verda, vondskapens fellesskap. I vår tid ser me mange terrorgrupper som går til åtak på verjelause menneske, og poenget er å skapa redsle. Dei er djevelens tenarar. Og så har me alle mafiaorganisasjonane som gjennom grove krominelle handlingar vil kontrollera økonomien i samfunnet kun for å berika seg sjølve. Som kristne har me all mogeleg grunn til å be mot desse menneska og dei åndsmaktene som styrer dei.

v.4 Åtaka deira er ikkje berre fysiske, men også ideologiske. Dei "kvesser pennen", siktar seg inn med beiske og giftige ord mot det som dei meiner er Davids veikaste punkt. Slike folk er ikkje interesserte i sanninga, men leitar etter ting i offerets liv, ord og tankar som det er lett å gå til åtak på. Gjennom ord vil dei rettferdiggjera sine vonde handlingar. Dei er vonde inn til kjernen av si sjel, og ideologien som dei roser seg av, gjer dei berre enno vondare, for då får dei ei kjensle av att all skade dei utfører blir gjort i ein god hensikt, og då er det jo berre bra.

Det er mykje ideologisk krisg mot kristne, Bibelen og kyrkja i vesten også, inkludert Noreg, og no sist var det helbredelsespredikantane Svein Magne Pedersen og Tom Roger Edvardsen som fekk smaka pisken av Verdens Gang. Her var det ingen velvilje, nei, berre motvilje og forakt.

Det er godt at me har ein Gud som har teke på seg å forsvara barna og tenarane sine. Ikkje ved å føra dei utanom all smerte, men ved å gje dei ein visdom som er uimotståeleg. Guds rike sigrar til slutt.