v.5. Guds utvelging er suveren. Han vel ut kven han vil til å stå han nær. Ingen kan koma til Gud på eige initiativ eller i eiga kraft. Det er berre når Gud grip inn i liva våre og dreg oss til seg at me kan bli hans barn. Elles er vegen stengt for oss. Men dei som Gud dreg til seg, får nyta Guds godleik og det heilage i hans tempel. "Ingenting kan erstatta Guds nærvær i våre liv," seier Kalley Heilingerthal. Kva er "det heilage" i Guds tempel? Det er Guds eige ord. Jesus seier i Matteus 4: "Menneske lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem ut av Guds munn!" Guds ord er vår mat, og den er god i alle meiningar av ordet, næringsrik og smakfull.
v.6. Gud svarar "i rettferd", dvs ut frå hans vilje til å hjelpa/frelsa dei som ber, og den viljen er uimotståeleg sterk. Og han svarar med "skremmande gjerningar", eller "veldige gjerningar" som det står i nokre oversettingar. Kva gjerningar er det? Det er Guds frelsesgjerningar, store under og teikn som me kan lesa om i GT, Jesu undergjerningar i NT, hans død og oppstode, Andens kome og alt han har gjort for oss heilt opp til vår tid då evangeliet om Jesus er blitt gjort kjent over heile verda.
v.7. Gud reiste fjella med sin styrke. Forfattaren visste godt at fjella ikkje er evige, slik som mange av hans samtidige må ha trudd. Dei er reist opp frå eit lågare nivå, slik også geologane i dag fortel oss. Det er Gud som har reist dei opp, eller sørga for dei prosessane (platetektoniske rørsler) som har pressa dei til vers.
v.8 Verset minner oss om Jesus som stilte stormen på Genesaretsjøen, samt det som hende då sjøfolka kasta Jona i havet. Men det brusande havet her er først og fremst folkehavet, det store fleirtalet som i sin store dårskap kollektivt reiser seg mot Gud, hans ord og hans folk, og lagar store stormar i Guds barns liv. Men Herren døyver dei slik at dei berre kan gjera avgrensa skade.
v.9 Dei som bur lengst borte (ved jordas ende) blir slegne av forundring over desse teikna, og dei lovar Gud og glkeder seg i han frå morgon til kveld.
v.10-14 handlar om Guds omsorg for bonden og jordbruket, truleg den viktigaste næringsgreina på jorda. Utan gode tilhøve i landbruket, blir det svolt og elende. Difor vitjar Herren jorda og vatnar henne slik at det spirer og gror og avlingane blir gode.
Men avsnittet kan også brukast om Guds rike der Jesus og hans disiplar er såmenn som sår sitt ord i menneska. Dei pløyer, sår, vatnar og gjødslar, og der jordsmonnet er godt, blir det god avling. Der jordsmonnet er ringt, mindre. Jesus pg Paulus illustrerer dette i fleire likningar.
I denne settinga er det godt å vita at Herren sjølv besøker jorda for å vatna henne og skapa gode vilkår for vekst og haust, og at "Guds bekk er full av vatn", eit bilete som fører tankane i retning av Den heilage ande.
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
Viser innlegg med etiketten Salme 65. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Salme 65. Vis alle innlegg
mandag 18. februar 2019
Salme 65, 5-14
Etiketter:
5-14,
Den heilage ande,
folkehavet,
Guds utvelding,
Kalley Heilingerthal,
Salme 65
onsdag 11. juli 2018
Salme 65.1-4
Dette er ei takkesalme, tydelegvis knytt til innhaustningstida.
v.2. Lovsongen tilhøyrer Gud på Sion. Lovsongen er himmeltonen som alltid strøymer mot vår gode og allmektige Gud og far. Sion er templet, plassen der Gud er nær med sin frelsande nåde. I dag er kyrkjelyden Guds tempel, og der er lovsongen til Gud grunntonen.
Me lover gjerne å takka og æra Gud dersom han vil hjelpa oss når me sit heilt fast i livet, og held lovnaden ved å offentleggjera og vitna om hans velgjerningar mot oss.
v.3. For Gud er ein gud som høyrer når me ber, og be, ja det er noko ALLE kan gjera. Den som ber, kjem til Gud. Og kan me tillata oss å sjå ein overveldande profeti i dette verset når det står at "til deg kjem alle menneske"? Kan me kopla dette til Johannes 1 der det står at Jesus er lyset "som lyser opp KVART menneske"? Dette er sterke tankar for ein som elskar Gud og som tener han og lengtar etter at alle som Jesus Kristus døydde for skal kunna nyta fruktene av hans frelsesgjerning: samfunnet med Gud.
v.4. Menneska kjem til Gud når skulda deira blir for stor å bera for dei. Den einaste måten å bli kvitt syndene sine på er ved å koma til Gud med dei. All synd er gjort mot Gud, og det er han som har påtalemakt, og av den grunn er han den einaste som kan tilgje, og det gjer han meir enn gjerne. Han gav jo Sonen sin for å kunna gjera det, og Jesus betalte dyrt for vår tilgjeving og fridom.

Abonner på:
Innlegg (Atom)