torsdag 30. april 2020

Salme 84,9-10

Herre, Allhærs Gud, høyr mi bøn.
Vend øyra til , du Jakobs Gud


Gud, vårt skjold, vend auga hit,
          sjå på han du har salva!

Vers 9. Salmisten ber om at Gud må høyra på han. Skulle det vera naudsynt? Har ikkje Gud sagt at han vil lytta?

Jo, det er ein stålfast bibelsk sanning: Gud høyrer når me ber. Ingen treng be om at Gud skal høyra orda me seier. Men det salmisten ber om her er at Gud skal bønhøyra han og gje han det han ber om, og det er lett for oss alle å forstå at han gjer akkurat det. 

Han vender seg til Herren, Allhærs Gud, himmelens Gud, han som har fullkomen oversikt både i tid og rom, og Jakobs Gud, han som hadde sin bustad i templet og var midt i sitt folk. Det er den same Gud som bur i himmelen og som bur i oss og som alltid er nær oss, han som utrustar oss, leider oss og brukar oss. 

Salmisten kallar Gud for "vårt skjold". Det er eit fint uttrykk som fortel oss at Gud beskyttar oss mot alt mogeleg vondt som møter oss i livet. Det kan vera vonde menneske, vonde åndsmakter, falske klagemål og det eine med det andre. Gud passar på oss. 

Eitkvart skjold må løftast om det skal vera noko hjelp i det. I Efesarbrevet 6 kallar Paulus trua på Gud som skjold. Og han skriv: Grip framfor alt trua som skjold, for med det kan de sløkkja alle fiendens brennande piler.

Ein kristen er under åtak, alltid, og trua på Jesus er det mest effektive våpen me har mot djevelens brennande piler. Kva piler er det snakk om? Ei stygg løgn om Bibelen og Gud, ei kraftig freisting, ein løgntanke om at du er verdilaus eller om at Gud bryr seg om alle andre, berre ikkje deg. For det du har gjort og det du står i er på ingen måte i harmoni med å ha eit rett forhold til Gud. Djevelens klagemål kan vera nokså heftige.

Men me har fått eit skjold som duger, og når me løftar Kristus opp framfor oss, han den fullkomne, allmektige og uangripelege, må fienden gje tapt og vika bort, for i Kristus møter han ei overmakt han ikkje kan stå seg mot. Du og eg kan anklagast for mange feil me har gjort. Men ikkje Jesus Kristus. Han stod fast i alle prøvingar og freistingar, ikkje for si eige skuld, men for VÅR skuld, for at ME skulle ha noko å forsvara oss med når anklagaren kjem med sine hjartelause avsløringar. 

Og så ber salmisten om Herrens oppmerksamheit. "Vend auga hit", seier han.  "Sjå på han du har salva!" Kven er det Herren har salva? Det er Jesus. Han seier sjølv i Lukas 4: Du har salva meg å forkynna fridom for fangar osv. Jesus er Messias, den som er salva, Guds eigen Son. 
Det er ei strålande, mektig og forløysande sanning: Når den allmektige Gud vender blikket sitt mot deg som trur på Jesus, ser han berre Jesu kvalitetar. Du er ved tru og dåp plassert i han, og det er HAN og hans gjerningar som gjeld for Gud. Denne edle sanninga er ditt skjold. 

Men du treng ikkje løfta Kristus opp for Gud, for Kristus er sendt av Gud for å representera deg i all æva, og ikkje ein minutt på døgeret taper han dette av syne. 
Salmisten ber: Sjå på han du har salva. Ikkje sjå på meg, men på Han. Det er naturleg å be slik, og bøna er besvart før ho er beden. Amen! 

torsdag 23. april 2020

Salme 84:5-8

 Sæle er dei som bur i ditt hus,
          dei skal alltid lova deg.
          
   
  6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,
          dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.
          
   
  7 Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,
          gjer dei han til ei kjelde.
          Haustregnet legg òg si signing over han.
          
   
  8 Dei går frå kraft til kraft,
          dei stig fram for Gud på Sion.


Kven er det som får bu i Herrens hus? Det er dei som tek imot Jesus som Herre og frelsar. Får han bu i deg og ha ein heim i deg, då får du bu saman men han i hans hus. Det er Guds gjensidighetsprinsipp. 

Herrens hus er Guds familie, hans sanne kyrkje. Denne er ikkje identisk med eit kyrkjesamfunn eller eller ein lokal kyrkjelyd, men den lokale kyrkjelyden er det næraste du kjem Guds familie på jorda, og har du Jesus som din Gud, vil du alltid søka fellesskap med andre truande. Det er eit kjenneteikn på ein kristen. 
Å få bu i Guds hus, dvs å vera i eit fellesskap der Jesus er sentrum, er sann lukke. Å koma saman, lovsynga Gud, be saman, dela Guds ord med kvarandre, det er det sterkaste ein kristen er med på, og han får aldri nok.

Tre gongar i året drog jødane opp til templet for å feira dei viktigaste høgtidene i Bibelen:  påske, pinse og lauvhyttefesten. Dette var årets absolutte høgdepunkt for dei då dei kunne koma saman i det store fellesskapet og erfara den krafta som kjem til uttrykk når mange truande kjem i lag for å prisa Herren. Eit ordtak er slik: Mange bekker små gir en stor å. Slik er det i kristenlivet også. Alle kristne har Den Heilage Ande, alle har minst èi nådegåve. Når me kjem saman, går alle desse livgjevande bekkene saman til ei mektig elv, og då skjer ofte dei store og gode tinga i liva våre. Å om alle kristne kunne forstå denne samanhengen. Då hadde mangt sett annleis ut hos oss. 

På vegen mot Jerusalem gjekk pilgrimane gjennom dalen med bakatre. Denne omdanna dei til ei kjelde. Guds folk har Guds velsigning med seg. Der dei går, blir det liv og glede, som når regnet fell etter lang tids tørke. Slik må det bli sidan Gud bur i oss. Han er jo ingen passiv holebuar eller eremitt som gøymer seg bort djupt inni deg ein plass. At han bur i deg betyr at han er over deg og rundt deg og strøymer ut frå deg som levande vatn som vatnar eit eventuelt åndeleg skrint miljø som du måtte bevega deg i til dagleg. Og no spør eg deg: Er dette noko du kjenner deg att i? Dersom ikkje er det godt mogeleg at du må invitera Jesus inn i livet ditt på nytt og be han om å fylla deg med Den Heilage Ande, den Anden som er det levande vatnet som strøymer ut frå alle truande. 

Haustregnet legg òg si signing over dalen med bakatre. Den Heilage Ande kjem altså ikkje berre frå dei som trur på Jesus, han kjem stundom kraftfullt direkte frå himmelen over heile samfunn, slik som me opplever det når dei store vekkingane tek tak. Her hos oss for år attende, i Kina og Aust-Afrika den dag i dag. 

Vers 8 er vidunderleg, og me skal lesa det i esjatologisk perspektiv. Me er på vandring mot Guds himmel. Me skal heim til Gud, vår rette Far.  På denne vandringa går me frå kraft til kraft. Det er ikkje naturleg for ein kristen at krafta i livet hans minkar med åra, men at ho aukar. Det er ikkje naturleg at produktiviteten vert mindre med åra, men at den blir større. Det er ikkje naturleg at ein vert mindre evangeliserande i kvardagen, men meir. Det er ikkje naturleg at ein stadig vinn færre menneske for Kristus, men fleire. Me går frå kraft til kraft. Eit stadig høgare nivå av kraft er det snakk om her. For Guds kraft er nemleg noko han gjev for at me skal vera Kristi vitner i ei fortapt verd. Apg.1:8. Det er ikkje naturleg at nådegåvene blir færre, men fleire. DET er den naturlege utviklinga i eit kristenliv. Dersom det går motsett veg, er det eit teikn på at eit har stoppa opp på vandringa, eller at ein har snudd og er på veg attende til den verda ein forlet når ein vende om til Gud og begynte på himmelvegen. Då er det berre èin ting å gjera: Å snu seg 180 grader rundt og begynna vandringa mot Guds by saman med alle dei andre som er på same vegen, og ta del i lovsongen som ber oss alle framover. 

onsdag 15. april 2020

Salme 84:2-5

Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.
          
   
  2 Kor elskelege dine bustader er,
           Herre Sebaot!
          
   
  3 Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel
          etter Herrens føregardar.
          No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.
          
   
  4 Sporven har funne ein heim,
          svala har fått seg eit reir
          der ho kan leggja sine ungar,
          ved dine altar, Herre Sebaot,
          min konge og min Gud.
          
   
  5 Sæle er dei som bur i ditt hus,          dei skal alltid lova deg.

Vers 3 kunne godt vore skrive av ein kristen i ei tid med corona. Kyrkjene står tomme, og dei truande er spreidde, og nokre av oss lengtar etter å kunna koma saman for lovsynga Gud i lag, be saman og dela Guds ord og Herrens nattverd. 

Denne salmisten elskar Guds hus, og Guds hus her er naturlegvis templet i Jerusalem, men sjølvsagt enno meir dei som samla seg der. Johannes skriv at kjenneteiknet på ein sann kristen er at han/ho elskar sine kristne søsken, og elskar du folk, elskar du å vera saman med dei. Det er eit dårleg teikn når kristne klarar seg utan fellesskap.

v. 4. Fuglar lagar reir. Dei må ha ein heim for sine små. Alle kristne må ha ein heim på jorda der dei kan leggja ungane sine. Alt liv reproduserer seg. Sanne kristne er i det minste opptekne av å vinna nye menneske for Kristus, og nye kristne må inn i kyrkjelyden for å bli bevart hos Gud og for å kunna veksa og utvikla seg normalt. Me legg dei ved Herrens alter, dvs. så nær til Gud som mogeleg.  

v.5 I Guds hus er Guds barn lukkelege. Det finaste dei veit er å lovsyngja Jesus saman med andre som elskar han. Himmelen er full av lovsong til Gud. Når me blir kristne kjem himmelen og lovsongen der inn i hjarto våre, og er han først der, kjem han fort ut frå lippene våre, og når me slår oss saman, kvar med vår røyst, blir det eit mektig kor som blir lytta til både i himmel og på jord. Me er skapte til å lova Gud. Det er vårt fremste kall og vår største glede. Om me må slutta med alt anna, så vil me halda fram med å lova Gud, rett og slett fordi me elskar han så høgt, og fordi me har forstått at det er rett, og at det er sjølve meininga me liva våre. 

lørdag 4. april 2020

Salme 83

Dette er enno ei salme av Asaf, Davids lovsongsleiar.
Denne salma er kraftig kost, og ufatteleg aktuell 3000 år etter at ho vart skriven. 


Asaf begynner med å be Gud om ikkje å halda seg i ro, og ikkje vera stille. Situasjonen er nemleg veldig farleg. Israels fiendar har slått seg saman for å leggja planar for korleis dei saman skal kunna utsletta heile nasjonen. Det kunne like så godt vore skrive i dag. Det er nok at dei nasjonane som helst skulle ha sett Israel sletta frå verdskartet, og me veit frå historia at det har reist seg riker som til og med har ønskt å utsletta heile det jødiske folket. Og eg må få sagt dette: Jødehatet er eit fenomen som reflekterer det gudlause menneske sitt hat mot Gud sjølv. Det er ikkje så lett å straffa og skada Gud, men å straffa og skada folket hans, det er i utgangspunktet langt lettare. Kampen mot Israel og jødefolket er ikkje ein politisk kamp, men ein åndskamp.

Men Gud har også eit anna folk i verda som mange vil ha bort frå den offentlege arena, og mange vil ha det bort frå sine grenser. Eg skriv naturlegvis om den kristne kyrkja, den delen av menneskeslekta, menneske frå alle land og riker, alle nasjonar og folk og tungemål som har knytta seg til Jesus, Guds Messias, kongen over jødane. I Jesus Kristus er me nemleg alle jødar. Og denne nasjonen av truande menneske trugar djevelens hegemoni i verda og han gjer sitt ytterste for å feia oss av banen. I Noreg trugar dei oss til tausheit, ikkje når me talar trøyst og oppmuntring, det tålest, men når me kallar til omvending og lærer folk at dei må leggja om livskursen for å bli frelst, ja, då reiser det seg ein veldig motstand. I Kina har president Xi lyst krig mot alle frimodige kristne som vitnar om Jesus, han vil ha dei bort, han sørger for at kyrkjer vert rivne, han overvaker befolkninga si på ein måte som historia aldri før har sett maken til og fengslar dei som på nokon måte vik bort frå den kommunistiske ideologien slik han har forstått denne, og han opphøgjar seg til gud for kinesarane. Det er livsfarleg for han sjølv. Han førebur sin eigen undergang så godt han kan. Han gjer det trongt for Jesusfolket, men han kan aldri stoppa Gud og hans planar med Kina. Han kan ikkje ein gong forseinka dei. Gud er suveren.
Men Kina er ikkje åleine. Nord-Korea er verst. Og så kan me nemna Somalia, Eritrea, Iran, Pakistan, India, Nepal, Butan, Laos, dei sentralasiatiske statane, Vietnam, Myanmar og så godt som heile Nord-Afrika, alle desse landa har regentar som yt Kristus og kyrkja hans motstand.
Og me ber med salmisten her i vers 14: "Lat dei bli som tisteldun, som halmstrå for vinden!" Kva bøn er dette? Det er ei bøn og Den Heilage Andens mektige vær. Når han kjem med kraft til oss blir menneska flytta på som tisteldun i vinden, dei blir fanga inn av Gud og dei mister totalt kontrollen på liva sine, dei vert skræmde og dei spør etter Herrens namn (v.17), det namnet som gjev frelse. Herleg.
Då er det mange maktstrukturar som går til grunne, og mange mektige taper posisjonen sin og dei bøyer seg djupt i støvet og sannar til Gud vår Fars ære, at Jesus Kristus er Herre! Og her ser me konturane av den siste store innhaustinga før Jesus kjem attende for å dømma levande og døde.

Og i dette været vil til slutt heile Israel også bli frelst. Det kjem til skje fort, brått ser dei at den lidande Herrens tenar som er omtala i Jesaja 53 er ingen andre enn Jesus, og gråtande vil dei falle ned for han, ta imot hans frelse og anerkjenna hans kongedøme, noko som vil bli til stor velsigning for alle menneske på denne jorda. Ja, som liv av døde, skriv Paulus i Romarbrevet kap.11.