torsdag 23. april 2020

Salme 84:5-8

 Sæle er dei som bur i ditt hus,
          dei skal alltid lova deg.
          
   
  6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,
          dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.
          
   
  7 Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,
          gjer dei han til ei kjelde.
          Haustregnet legg òg si signing over han.
          
   
  8 Dei går frå kraft til kraft,
          dei stig fram for Gud på Sion.


Kven er det som får bu i Herrens hus? Det er dei som tek imot Jesus som Herre og frelsar. Får han bu i deg og ha ein heim i deg, då får du bu saman men han i hans hus. Det er Guds gjensidighetsprinsipp. 

Herrens hus er Guds familie, hans sanne kyrkje. Denne er ikkje identisk med eit kyrkjesamfunn eller eller ein lokal kyrkjelyd, men den lokale kyrkjelyden er det næraste du kjem Guds familie på jorda, og har du Jesus som din Gud, vil du alltid søka fellesskap med andre truande. Det er eit kjenneteikn på ein kristen. 
Å få bu i Guds hus, dvs å vera i eit fellesskap der Jesus er sentrum, er sann lukke. Å koma saman, lovsynga Gud, be saman, dela Guds ord med kvarandre, det er det sterkaste ein kristen er med på, og han får aldri nok.

Tre gongar i året drog jødane opp til templet for å feira dei viktigaste høgtidene i Bibelen:  påske, pinse og lauvhyttefesten. Dette var årets absolutte høgdepunkt for dei då dei kunne koma saman i det store fellesskapet og erfara den krafta som kjem til uttrykk når mange truande kjem i lag for å prisa Herren. Eit ordtak er slik: Mange bekker små gir en stor å. Slik er det i kristenlivet også. Alle kristne har Den Heilage Ande, alle har minst èi nådegåve. Når me kjem saman, går alle desse livgjevande bekkene saman til ei mektig elv, og då skjer ofte dei store og gode tinga i liva våre. Å om alle kristne kunne forstå denne samanhengen. Då hadde mangt sett annleis ut hos oss. 

På vegen mot Jerusalem gjekk pilgrimane gjennom dalen med bakatre. Denne omdanna dei til ei kjelde. Guds folk har Guds velsigning med seg. Der dei går, blir det liv og glede, som når regnet fell etter lang tids tørke. Slik må det bli sidan Gud bur i oss. Han er jo ingen passiv holebuar eller eremitt som gøymer seg bort djupt inni deg ein plass. At han bur i deg betyr at han er over deg og rundt deg og strøymer ut frå deg som levande vatn som vatnar eit eventuelt åndeleg skrint miljø som du måtte bevega deg i til dagleg. Og no spør eg deg: Er dette noko du kjenner deg att i? Dersom ikkje er det godt mogeleg at du må invitera Jesus inn i livet ditt på nytt og be han om å fylla deg med Den Heilage Ande, den Anden som er det levande vatnet som strøymer ut frå alle truande. 

Haustregnet legg òg si signing over dalen med bakatre. Den Heilage Ande kjem altså ikkje berre frå dei som trur på Jesus, han kjem stundom kraftfullt direkte frå himmelen over heile samfunn, slik som me opplever det når dei store vekkingane tek tak. Her hos oss for år attende, i Kina og Aust-Afrika den dag i dag. 

Vers 8 er vidunderleg, og me skal lesa det i esjatologisk perspektiv. Me er på vandring mot Guds himmel. Me skal heim til Gud, vår rette Far.  På denne vandringa går me frå kraft til kraft. Det er ikkje naturleg for ein kristen at krafta i livet hans minkar med åra, men at ho aukar. Det er ikkje naturleg at produktiviteten vert mindre med åra, men at den blir større. Det er ikkje naturleg at ein vert mindre evangeliserande i kvardagen, men meir. Det er ikkje naturleg at ein stadig vinn færre menneske for Kristus, men fleire. Me går frå kraft til kraft. Eit stadig høgare nivå av kraft er det snakk om her. For Guds kraft er nemleg noko han gjev for at me skal vera Kristi vitner i ei fortapt verd. Apg.1:8. Det er ikkje naturleg at nådegåvene blir færre, men fleire. DET er den naturlege utviklinga i eit kristenliv. Dersom det går motsett veg, er det eit teikn på at eit har stoppa opp på vandringa, eller at ein har snudd og er på veg attende til den verda ein forlet når ein vende om til Gud og begynte på himmelvegen. Då er det berre èin ting å gjera: Å snu seg 180 grader rundt og begynna vandringa mot Guds by saman med alle dei andre som er på same vegen, og ta del i lovsongen som ber oss alle framover. 

Ingen kommentarer: