tirsdag 22. juni 2021

Salme 89,47-53

 I vers 47 spør salmisten om kor lenge elende skal vara, kor lenge Gud vil løyna seg for han, kor lenge han skal bli straffa, problemstillingar som dukkar opp i hovudet på alle Guds barn som opplever fastlåst liding. 

v. 48-49. Etan minnar Gud om kor kort livet hans er, at det er i ferd med å renna ut utan at han har fått gjort det han meinar han var etla til. Skulle livet hans renna ut i sanden utan at han hadde fått gjort det han var etla til? Mange seriøse kristne er nervøse for dette, at livet vart til ingen eigentleg nytte.

v.50 Og Etan etterlyser Guds miskunn og truskap, som han synest er vanskeleg å få auge på. Det er heller ikkje ukjende tankar for anfekta kristne. 


v.51-52. Vidare ber han Herren om å ta omsyn til all den spott og hån han har måtte tola, ikkje berre frå folk i nærmiljøet, men frå mange folk. Og her får me ei kjensle av at Etan her representerer Kristus, han som er salva (messias) og som per i dag gjennom kyrkja si vert håna og spotta av mange folk kvar dag.


Salme 89 er den einaste klagesalma som aldri snur og blir til ei tillitssalme eller lovsalme. Men det siste verset kan likevel med litt godvilje tolkast slik, for salma  ebbar ut med ein doksologi, Det får gå som det vil. Uansett skal Herren vera velsigna, han skal lovsyngast av si kyrkje sjølv om hans handlemåte er fullstendig ubegripeleg. Amen tyder: Det skal vera sikkert og visst.