torsdag 22. desember 2011

Salme 19,12-15

v.12 Lova åtvarar oss slik at me ikkje rotar oss opp i ting som er farlege for oss, og for å stoppa oss i å skada andre. Det siste påfører oss skuld, og å leva med skuld er farleg både i det korte og lange løp.

Å halda Guds lover løner seg stort. Lovene er i samsvar med skaparverket og tilpassa dette. Spelar me på lag med lovene, spelar me på lag med skaparverket, og det vil me tena på. Dessutan liker Gud at me held lovene hans, og han løner oss for det med å velsigna oss utover det normale. Ikkje fordi me har fortent det, men fordi han er god og vil stadfesta ordet sitt.

v.13 David er veldig klår over at han har mange synder, og dei fleste registrerer han ikkje ein gong. Han ber difor om å bli reinsa også frå skjulte synder. Det skjer ved at lyset over livet vert sterkare og ein ser detaljane i eigen livsførsel tydlegare. Då blir det meir å innrøma og ta tak i.

v.14 er ei bøn om å bli bevart frå stoltheit, arroganse og syndige haldningar. Den som det blir, vil aldri gjera ting store klanderverdige mistak, for synda kjem alltid innafrå. Får du skikk på ditt indre, vil det syna positivt att i det ytre. Dette fordrar kontinuerleg analyse, gjerne saman med ein annan truande.

v.15 a er ei fantastisk bøn. Den er fødd i ein person som elskar Gud og som meir enn noko ønskjer å representera han på ein god måte, og som vil at Gud skal bli ståande i eit godt lys mellom menneska. Det skjer gjennom oss som trur, det me seier og gjer.

onsdag 21. desember 2011

Salme 19,8-11

Dette avsnittet lovprisar Guds lov, dvs Guds ord. Det er god samanheng mellom vers 8-11 og 1-7: : Slik som sola opplyser jorda og vårt ytre miljø, slik opplyser Guds ord sjela og vårt indre miljø. Slik som sola syner menneske sanninga om den fysiske verda, slik syner Guds ord oss sanninga om den usynlege, åndelege verda.

Det ligg implisitt i dette avsnittet at Guds ord er truverdig og påliteleg. Det toler all gransking.

Kjært barn har mange namn. Guds lov blir her kalla Herrens vitnemål, Herrens befaling (statuttar), Herrens påbod, agen for Herren og Herrens domar, uttrykk som me også kan finna att i Salme 119.

v.8 Guds lov fornyar sjela. Kan også omsettast slik: Guds lov fører sjela til omvending. Det samsvarar med det Paulus lærer oss om lova sin funksjon, den kom til for at synda skulle bli stor, for å avsløra oss som ubehjelpelege syndarar og som difor driv oss til Kristus.

Herrens vitnemål er eit anna uttrykk for Guds lov. Den reflekterer det som er i Guds indre, hans gode vilje og plan.  Når me menneske augnar det som er der av godleik og sanning, vert me kloke.

v.9 Herrens befalingar gleder hjarta. Ikkje berre ved å vita om dei, men ved å følgja dei, naturlegvis. Hans påbod opplyser augo, dvs. hjelper oss til å sjå og tenkja klårt, til å avsløra det løgnaktige i tankar og haldningar som me og andre måtte ha. Guds lover gjer oss til sjåande menneske.

v.10 At lova vert kalla "agen for Herren" har vel samanheng med at ho er i seg sjølv full av autoritet, at Gud står 100% bak henne og at dersom me støyter mot henne, støyter me mot Gud. Dinest skaper lova age for Herren når me prøver å følgja henne, og merkar kor me kjem til kort i alle ting.

v.11 Menneska reiser over heile verda for å skaffa seg pengar og rikdom. Men legg mindre energi i å få tak i det som er langt meir verdfullt, Guds gode vilje. Det er dårskap av første klasse. Guds lov er det mest verdfulle me har fordi det gjev alle mennesker gode liv her og no om me følgjer henne, og evig liv hos Gud i etterkant. Slik er ho søtare enn honning og honningkake. Det følgjer fest med denne lova.


mandag 19. desember 2011

Salme 19,1--7

Dette avsnittet lærer oss om det som me i teologien kallar for "den generelle eller allmenne openberring." Gud talar til oss om si store makt og sin herlegdom gjennom naturen; jorda som me bur på, sola som går sin gang og skifte mellom dag og natt.

Himmelen forkynner om Guds herlegdom, og jorda om hans henders verk. Alt me ser rundt oss er skapt av Gud på forunderleg vis. Det andar av intelligens, estetikk og moral. Alle kan sjå det og dra ufattelege goder av det, og det er grunn for alle å takka og lova han som har skapt oss og plassert oss inn i eit skaparverk av slike veldige dimensjonar.

Gud talar gjennom sitt verk utan ord. Skaparverket talar for seg sjølv. På domens dag er difor alle utan orsaking, skriv Paulus i Romerbrevet 1, for det folk kan vita om Gud ligg rett framfor dei. Både hans usynlege vesen og hans evige kraft og hans guddom kan alle kjenna gjennom hans gjerningar.

søndag 18. desember 2011

Salme 18,44-51

v. 44-46. David førte mange krigar, og opplevde gong etter gong at Gud gav han siger og makt over fiendane. For oss er det viktig å vita at Gud er ein Gud som bergar sine barn frå folk som vil kjempa mot dei. Når det blir tøft rundt deg, er du ikkje åleine. Herren er med deg som ei kjempe som vil frelsa (Sefanja 3). Sørg berre for at du kampen din er rettferdig, elles har du ikkje Gud med på laget.


v. 47. er ein proklamasjon: Herren lever, 
ei velsigning: Velsigna er mitt berg 
og ein lovsong:   Opphøgd er Gud, min frelsar!
Som kristne skal me proklamera at Jesus lever og me skal velsigna og lovsyngja hans namn. Det er vår grunnaktivitet. I NT blir det då også markert at Jesus er det grunnfjellet som me får byggja liva våre på. 


Van Gemeren skriv i sin salmekommentar: " Einkvar kristen forstår at den kongen som her er omtalt er ingen annan enn Jesus Messias. Kongane av Davids hus og ætt kunne i større og mindre grad fylla utfylla rolla si, men Guds rike kom fullt og heilt med Jesus, og i han får me ta imot Guds kjærleik (hesed), og i han vinn me siger. Hans frelse inkludera omsorg for heile vårt liv og velvære, åndeleg og timeleg." (Expositor`s Bible Commentary, Zondervan forlag bind 5 side 177)
          

I v. 48 erklærer David at Gud hemnar han eller "gjev han hemn" og legg folkeslag under han.
Jesus er den som skal døma alle folkeslag når dei skal samlast for hans trune. Dei er alle underlagt Sonen.
Som kristne overlet me all hemn til Herren, og jobbar for ved trua å leggja folkeslag under HAN. 



v. 49. sjå over.

v. 50. Fordi Gud har gripe så suverent inn i livet hans vil David takka og lova han mellom folkeslaga.
Å lovsyngja Gud mellom folkeslaga er ein sentral tanke også i Romerbrevet 15. I lovsongen løftar me opp Gud på ein slik måte at dei som ikkje kjenner han blir dregen mot han og merkar hans sterke, gode og heilage nærvær. Difor må lovsongen ut der dei ikkje-truande bevegar seg. Det skaper tru der tru ikkje eksisterer.



v.51. På norsk står det at Gud gjev kongen siger, men både på engelsk og tysk står det utfriing eller frelse. Den han har salva er her Messias. Guds omsorg for Messias Guds miskunn inn i livet hans er poengtert over alt i GT. I NT ser me det i Jesu liv. Då Jesus Messias vart reist opp frå dei døde vart han frelst og fridd ut frå døden og alle fiendemakter for alltid. 


Denne sigeren har alle hans etterfølgjarar del i ved trua.

lørdag 17. desember 2011

Salme 18,38-43

v.38-43 Handlar om Davids siger over fiendane sine. Gud var med David i krigen, og gav han alt han trong for å dra i land ein herleg siger. Fiendane vart totalt knuste, og ryktet om Davids framgang førte til at andre kongar underordna seg utan motstand.

Siger i krig var på den tid synonymt med Guds støtte. Krig var ikkje synd, og det var ingen skam knytt opp til det å overvinna fiendane sine. Tvert om.

I GT hadde Israels folk domsrett over dei andre folka. I NT vart denne domsretten overført til Jesus. Han skal døma verda med rettferd når han kjem attende til denne verda, etter at evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag. Då skal han også knusa fiendane sine, les me i Openberringsboka. 

Guds rike er i vår nytestamentlege setting blitt globalt. Det skal etablerast i alle land og nasjonar gjennom forkynninga av evangeliet. Vår krig er ikkje mot kjøt og blod, men mot dei vonde åndsmaktene som held menneska fanga i vantru og vondskap. Dei kan me berre nedkjempa gjennom inderleg bøn og rettferdige liv.

Dersom me lever rett etter Guds ord, forkynner ordet og ber i Den heilage ande, vil me oppleva at fienden slepp taket i menneska me har rundt oss slik at dei kjem til oss for å finna frelsa, og me kan på vår side føra dei til Jesus.

Det er viktig at omvendinga er grundig nok, og at folk ikkje får lov å ha noko av det gamle att å kosa seg med. Har dei det,  vil djevelen igjen innta dei og føra dei bort frå Gud. Syndene må kastast ut som skit i gatene (v. 43).

fredag 16. desember 2011

Salme 18,36-37

v.36: Gud og hans frelse er eit skjold, eit skjermbrett, mellom den truande og alt trugar hans/hennar liv og eksistens. Frelse er her eit uttrykk for Guds absolutte vilje til å berga barna sine ut av vanskelege situasjonar.

Det er mange krefter her i verda som vil trykkja ein truande ned. Men Guds høgre hand held han/ho oppe. Som foreldre veit me kva dette handlar om. Me kan ikkje overlata barna våre til kreftene sitt frie spel. Enno mindre gjer Gud det. Han utøver dagleg omsorg langt ut over det me har forstand til å be om.

På tysk står det: "Di rettferd styrker meg". Guds rettferd er synonymt med Guds godvilje for oss. 

"Guds godleik har gjort meg stor", les me i King James. Bibelselskapet overset slik: "Du bøyer deg ned og gjer meg stor." To ting er å seia om dette: Gud tek i sin godleik vare på ryktet vårt slik at me ikkje taper respekt i samfunnet, snarare tvert om. Dinest vil alle som opplever seg elska av Gud oppleva seg store, verdfulle og viktige.

v.37. Den gode Gud ser også til at livsvegen er framkomeleg og romsleg nok. Han ryddar vegen for oss og jamnar han ut slik at me ikkje vaklar. Dette hadde David erfart, og det er han ikkje åleine om.

torsdag 15. desember 2011

Salme 18,32-35

v.31. Dette er to retoriske spørsmål der svaret er gjeve: Det finst ingen annan Gud enn Herren, og det fisnt ikkje noko anna fjell (grunnvoll å byggja livet på) enn han.

v.33. Bibelselskapet: Gud kler meg i styrke. Lutherbibelen og King James: Gud utrustar meg med kraft. Resultat: David får ny etisk kapasitet. Han lever uklanderleg, fullkome, heilhjarta.

Dette motsvarar det å bli fylt av Anden. Den som det blir, får ny åndeleg og etisk kapasitet. Blir sann, kjærleg og sigrande.

v. 34. Han/ho spring som ein hjort og bevegar seg på høgdene, dvs nær Gud. Så mange kristne rotar med synd og det den nærverande verda har å by på av goder og gleder at dei hamnar langt ned i dei åndelege dalane der gudsnærværet er svakt og freistingane og anfektingane mange. Men det er altså mogeleg for alle å koma seg opp på høgdene og erfara Guds kraft og få sjå verda og menneska med eit profetisk blikk, ovanfrå, får Guds synsstad.

v. 35. Denne erfaringa av Andens kraft gjer ein kristen til ein mektig krigar for Gud. Ein lærer seg å "spenna bronsebogen", dvs bruka Guds ord inn i folks liv slik at dei misser motsandskrafta, overgjev seg og blir sanne kristne.

søndag 11. desember 2011

Salme 18,28-30

v.28. David er sikker på at Herren vil tenna lampen hans, dvs gje han håp og lysa opp i mørkret hans, anten det er rundt han eller i han. Guds lys er Guds kjærleik. Den som veit seg elska av Gud kan aldri vera utan håp.

v.29 Ingen motstandar kan stå seg mot den som går med Gud. Ingen hindringar er for høge for slike. Det handlar om å konfrontera problema og ikkje gå utanom, men utfordra vanskane. Gjer du det, vil Guds kraft koma til sin rett i livet ditt. Du hoppar over murar og sigrar over dei vonde åndehærane som trengjer på deg. 

v.30. Guds veg er fullkomen. Guds veg er det same som Guds ord. Dette  fortel oss korleis me skal leva. Dette ordet er reint, står det på norsk. King James seier at Guds ord er bevist. Begge omsettingane markerer at Guds ord er truverdig og usvikeleg.
Herren er ein skjold for alle som stolar på han. Det er ein fantastisk tanke av Herren alltid stiller seg mellom den truande og dei utfordringar og farar han/ho møter på sin veg. Jesus er ein mellommann, ikkje berre mellom oss og Gud, men også mellom oss og andre menneske. Han skjermar alltid dei truande venene sine. Den som vil ha med deg å gjera, får med Jesus å gjera.

lørdag 10. desember 2011

Salme 18,13-27

v.13-15. Gud brukar naturkatastrofar til å stoppa Davids fiendar.

v. 16-19. Slik vart David fridd frå fiendane sine, fordi han var til glede for Gud.

v. 20-24 er ganske framand for oss evangeliske kristne. Det høyrest mest ut som sjølvrettferd og skryt når me les det, men det samsvarar med mykje anna me les i Bibelen, og handlar vel om at dersom ikkje vår omvending fører til eit rettferdig liv, er han ikkje sann og ekte. David kjenner seg trygg på at han lever innanfor dei grensene Gud har sett for han, og at han oppfører seg slik at Gud med rette løner han for innsatsen. Det er eit poeng i dette. Dersom me lever utanfor grensene som Gud har sett for oss, lever me i synd, og då stenger me for Gud i liva våre. Held me oss innanfor, lever me rettferdig og det opnar for Guds velsigning og vern.

v.25-26 lanserer eit viktig og litt skremmande perspektiv: Gud er mot oss slik me er mot kvarandre. Det er eit uttrykk for hans rettferd, og ingen kan vel klaga på det.

v.27. Dei audmjuke er dei som aktar andre høgare enn seg sjølv, som ikkje lever for å fremja seg sjølv og som ikkje slost for eigne rettar, men for andre sine. Dei skal Gud ta seg av og frelsa. Dei andre skal han plukka ned.

onsdag 23. november 2011

Salme 18,7-12

v. 7: Då skalv jorda. Gud svara på Davids bøn med jordskjelv. I den siste tida skal det auka på med jordskjelv på jorda. I Johannes opneberring 8,1-6 ser me at dette vil vera eit resultat av alle bønene til dei truande som må tola forfølging og trengsel. Når denne verdas vreide råkar Guds kyrkje, råkar Guds vreide denne verda.

Dei neste versa (8-15) er fulle av uttrykk som syner oss at Gud dømmer verda gjennom naturkatastrofar, og at han er i desse katastrofane. Når folk trur at Gud er fråverande, er han nærverande i sin vreide over folks synder, og over den motstand som dei viser hans ord og hans kyrkje.

mandag 21. november 2011

Salme 18,5-7

v.5 innheld stor dramatikk. David kjende at døden tok kvelartak på han, og han vart dregen mot undergangen av "undervasstraumar" som var alt for sterke til at han kunne berga seg i land.

v.6: Dødsriket hadde spent reip rundt han, og dødsfeller låg, som moderne udetonerte landminer, over alt der han ferdast. Han kunne når som helst bli fanga.

v.7: Når alle vegar her på jorda er stengde for oss menneske, er det alltid èin veg som er open for oss, vegen oppover mot vår himmelske far. David kalla på Herren, og Herren høyrde han frå sitt heilage tempel.

Herren høyrer alle som ber til han i si naud, også deg som les desse linjene. Be trøstig til Gud og erfar hans underfulle hjelp.

søndag 20. november 2011

Salme 18

v. 1: David seier at han vil elska Herren. Grunnen til dette er at han har erfart og opplevd Herren som sin styrke. Me ønskjer gjerne at Gud skal gje oss kraft til å leva som kristne, og det er ikkje noko gale i det. Men mest av alt ønskjer Gud personleg å vera vår styrke. Krafta ein kristen treng ligg i fellesskapet med Gud.

v. 2 innheld fleire sterke uttrykk for korleis David opplever Gud: fjell, del, frigjerar, skjold, frelseshorn og  borg (eller fort).
At Herren er eit fjell inneber at han er urokkeleg på alle måtar. Han står fast på det han har sagt og bestemt sjølv om verda står på hovudet. Det er godt for oss alle å vita.
Herren er den truande sin "del". Det betyr at han er vår arv. Neppe kan eit truande menneske tenkja på noko større enn at han /ho skal arva Gud, ikkje arva det Gud har, men sjølve Gud.
At Gud er vår frigjerar har han prova gjennom heile frelsessoga. Han fria Israel ut or fangenskapa i Egypt og Babylonia, og på krossen fria han oss alle frå syndas skuld og makt. I Jesus finn me vår fullkomne fridom, ja, har er vår fridom.
Skjold. Eit skjold kan me svinga i alle retningar og parera fienden sine piler. Me slepp å svinga Herren, HAN STILLER SEG MELLOM OSS OG ANGRIPAREN. Han er rundt oss på alle side og vernar oss mot freistingar og farar av alle slag. Det skal gje deg tryggleik.
Frelseshorn. Altera i templet var utstyrte med 4 horn kvar. Dei sto øvst på hjørnene. Dersom ein person hadde drepe ein annan i vanvørdnad, kunne han springa til templet, koma seg inn i Det heilage (som var forbode for vanlege folk) og gripa om alterhorna, så var dei frelste frå blodhemnaren.
Jesus er vårt frelseshorn. Så lenge me held fast i han, kan ingen hemn nå oss for dei syndene me har gjort.
Borg. Gud er ein heim for sine barn, ein sterk heim som ingen framande makter kan trenga inn i.

v.3: David vil kalla på Herren, han vil vigsla seg til bøn og lovprisning, for Herren er verd det. Me fortener ikkje Guds venskap, men me får det av nåde. Men Gud fortener vår takk og pris, men får det alt for sjeldan. Men David tek eit val. Han seier : EG VIL KALLA PÅ HERREN OG PRISA HANS NAMN (verbet halal tyder å prisa Gud med høg røyst, opphaveleg "noko som får noko anna  til å skina", lovsongen set spotlighten på Gud for vår neste). Det er eit val, ei bestemming. Dette skal eg berre gjera uansett kva eg føler. Det er underordna. Lat det også vera noko du og eg bestemmer oss for. Han er verd det.
Å prisa Herren er eit mektig våpen i den åndelege kampen me lever i. Det driv fienden på flukt slik at våre medmenneske blir sensitive for Gud.

mandag 7. november 2011

Salme 17,10-15

v. 10 Gudlause menneske har ein tendens til å lukka seg for innspel utanfrå. Dei har bestemt seg, og er skråsikre på at det valet dei har teke er rettferdig, sjølv om kjærleiken manglar.

Det er viktig prinsipp: Der kjærleiken manglar, eksisterer det ikkje noko rettferd.

v.11-12 Dei er fast bestemt på å fella offeret sitt. Som jegerar er dei. Når dei har fått teften av bytet sitt, er dei ustoppelege og heilt overgjevne til det drepande oppdraget. Ja, det er som ei fortrylling hos dei.

Me ser det i vår tid i mange muslimske land der Guds barn er utsette for overgrep av verste sort. Styresmaktene eller grupper i landa jaktar på kristne, og dei er fast bestemte på å reinsa landa sine for kristne menneske, noko som får dei til å gjera forferdelege ting i guden sin sitt namn.

v.13-14. Salmisten ber Gud om å reisa seg, gå imot han og tvinga han i kne. Fienden er her den person som utøver ugjeringar, men også den åndsmakt som inspirerer han. Det er ei legitimt for oss kristne å be Gud om å slost for oss. Vår oppgåve er å slost for Han, så får han slost for oss.

v.15 er ei tillitsfråsegn. Salmisten er sikker på at han skal få sjå Guds ansikt når han ein dag vaknar or dødens djupe søvn. Det er den kristne vona. Me skal sjå Jesus i hans glans og majestet, og det me ser skal metta oss. Ingenting kan gjera oss så glade, trygge og lukkelege som tanken på Jesus. Den dagen me ser han som han er, vil det heilt ta av for oss. No veit me at vår forløysar lever. Då vil me sjå det og forstå rekkevidda av det på ein heilt annan måte, og me vil jubla av glede i all æva.

tirsdag 11. oktober 2011

Salme 17,6-9

v.6 På ny ber David om Guds oppmerksamheit, og han ber om at Gud i sin godleik skal gjera eit under for han, dvs frelsa han frå fiendar.

v. 7 Davids kall dreiv han på flukt frå Saul. For å gå Guds veg, kom han i konflikt med makta. Det er klassisk for kristne. Når me fullfører misjonspåbodet, provoserer me djevelen som eggjar folk mot oss. Difor treng kristne som går for Jesus stadig Guds underfulle vern og hjelp og søkja livd ved hans høgre hans, dvs i hans nærleik.

Kristne bør gjera alt dei kan for å halda seg nær til Gud. Fordi Gud vil det, og fordi der er DER Guds vern for våre sårbare liv er mest effektivt.

v.8 hentar motivet sitt frå Moses` song i 5. Mosebok 32,10 - 11 der Israel metaforisk vert omtala som Guds augnestein, og som ørnunger verna av mors vengjer. Det er sterke bilete på nærleik, empati, kjærleik, omsorg og ansvar. Auge er det mest kjenslevare området på kroppen. Det minste rusk på auga vekkjer fullt fokus, og har du det, handlar livet ditt om å få det bort.

Slik vil Gud av me som truande skal forstå hans høve til oss. Det aller minste problem som me får, ser Gud på som sitt eige. Han kjenner det som ein intens smerte i djupet av si sjel.

v. 9 David er blitt som ein beleira by, fiendane tenkjer berre på å drepa han, dei er dødsfiendar. Mordarånda er gamal i menneskeætta og skriv seg attende til Kain. Han gav rom for djup sjalusi som dreiv han til å drepa broren Abel (1.Mosebok 4). Etter den tid har det overlagte mordet vore ein dagleg affære mellom oss menneske. Jesus sa: "Fienden er komen for å stela, drepa og øyda, men eg er komen for at de skal ha liv og overflod."







søndag 9. oktober 2011

Salme 17,1-5

v.1-2 er ei oppfordring til Gud om å lytta velvillig til det salmisten har å be om. Tre sterke uttrykk brukar han for å understreka behovet sitt: "Lyd etter", "høyr" og "merk" . Han har ingen baktankar med bøna si, han meiner seg å ha ei ærleg sak.

David må ha møtt klagemål som han meiner er usanne, og han treng Guds hjelp for å få dei avsanna og bli frikjent. Å bli møtt med falske klagemål er eit mareritt, og det kan vera svært vanskeleg å bli trudd for den som slost for eiga sak. Ein treng Guds hjelp i slike tidern for å få fram sanninga slik at ein kan bli frikjent også i menneska sine augo.

At Gud er rettferdig innber at han alltid handlar ut frå kjærleik og sanning. Difor er rettferd og frelse nærskylde omgrep i Bibelen. Dette skriv Paulus sterkt om i Romarbrevet. Vers 1a kan då også lesast slik: "Lyd etter Herre, DU SOM ER MI RETTFERD."

At Gud er hans rettferd tyder at hans evige frelse er i Gud, men òg at det berre er Gud som kan hjelpa han til siger i den aktuelle saka.

v.3: David er blitt testa , eksaminert om natta og prøvd ("med eld" er ikkje med i engelske omsetjingar) av Gud, men utan at det er funne noko gale hos han.

Truleg er det betre med ei imperativomsetjing her: Prøv meg, test meg, spør meg!

At Gud prøver oss menneske er ein sentral bibelsk tanke. Han prøver oss for å avdekka synd, veikskapar, feil og manglar slik at me kan bli "reparerte" og styrkte.

Når Gud prøver oss, opplevest det gjerne som sjølvprøving eller sjølvrefleksjon.

David står sin prøve til og med når det gjeld ordbruken. Det er det ikkje mange som gjer. Den som kan styra tunga si er eit fullkome menneske, skriv Jakob.

v.4-5 "Guds vegar" står her i opposisjon til "røvarstigar". Røvarane hadde inga medkjensle med nokon, og handla ut frå det. Gud derimot er full av medkjensle og sympati og handlar ut fra det. Slik også med David. Som konge kunne han, som så mange andre, ha alliert seg med kriminelle, men han allierte seg med Gud i staden. Dette gjorde stega hans faste, dvs han sto ikkje i fare for å skli og falla, men gjekk trygt framover i Guds fotspor, dvs i hans leiing og etter hans ord.

torsdag 6. oktober 2011

Salme 16,9-11

v.9 Gleda som David kjenner på omfattar heile han med hjarta, kropp og sjel. Hjarta uttrykkjer senteret for hans åndelege liv, sjela er psyken, tradisjonelt sett på som senter for kjensler, vilje og intellekt. Alt i han er fylt av himmelsk glede, ei gleda som brer seg i kroppen og skaper tryggleik.

Dette avsnittet nyttar Peter om Jesus under sin store pinsetale. Han markerer at denne salma ikkje høver fullt ut på andre enn på vår store frelsar og herre Jesus Kristus.

v.10 Jesus vart ikkje overgjeve til dødsriket. Han kom tilbake, og han gjekk ikkje til grunne. Som den første overvant han dødens destruktive krefter, og han gjorde det på vegne av oss alle.

Som kristne overgjev Gud oss ikkje til dødsriket, men tek oss inn i Abrahams fang den dagen me døyr. Der får mevera inntil verda skal dømast og gjenfødast.

Det kan vera eit poeng at denne ordninga er for "Guds trufaste tenarar". Alt i Guds rike er av nåde, men nåden oppdrar oss til å bli gode tenarar for Gud.

v.11 Livsens veg er evangeliet. Det må alle menneske få forkynt, bli opplært i. Ingen kan tenkja seg fram til Guds frelsesråd. Paulus skriv: "Det som ikkje kom opp i noko menneskahjarta, men som Gud har lagt ferdig for dei som elskar han." (1.Kor 2).

Alle må undervisast av Herren lærer oss gjennom det skrivne Ordet, Bibelen, og gjennom trufaste tenarar som forkynner og forkynner, talar og skriv, kallar og lokkar og står på natt og dag.

Store verdiar står på spel. Det er snakk om å fylla opp alle plassar for Herrens åsyn, der det er evig glede, ei glede som me får ein forsmak på når lovsangen losnar i kyrkjelyden og me blir fanga inn av Den Heilage Ande og misser kjensla av tid og stad.

mandag 3. oktober 2011

Salme 16,4-8

v.4 slår fast at dei som spring etter andre gudar må tola mange plager, utan at dette vert presisert. Desse plagene er Guds dom over avguderiet. Alle menneske opplever vanskelege tider, men dei som held seg til Herren, vil aldri gå fortapt og få den type plager. Vidare er alle religionar lovreligionar som plagar folk med eit utal plikter som dei må oppfylla for å bli akseptert eller for å ha suksess i livet.

David tek kraftig avstand frå desse gudane. Han ville i vår tid neppe vore for religionsdialog.

v.5. Det er Herren som er Davids del, dvs. hans arv, rikdom og fordel. At Herren er hans "staup" eller "beger" tyder at Herren er hans mat og drikke, hans næring. Hans liv er heilt og fullt knytt til samfunnet med Gud og det som dette samfunnet gjev han.
I nattverden vert dette oppfylt på ein spesiell måte for oss som lever i den nye pakt.
Jesus ba i Getsemanehagen om å sleppa å drikka det beger som Far gav han å drikka. Dette begeret var Guds vreide over våre synder. Men fordi han drakk dette, kan me drikka nådens beger.

v.6 Det er ein venleik i Gud som kjem fram for alle som trur og tek imot hans nåde. Gud er den fagre grunnen og den herlege arven for ein kristen. Slik var det ogsp for dei truande i GT.

Levittane i den gamle pakt fekk ikkje tildelt land. Det var Herren som skulle vera deira arv, og dei skulle gjera teneste i templet, på fager grunn. Resten av folket skulle underhalda levittane gjennom tiendeordninga.

I den nye pakta er alle truande menneske prestar for Gud (1. Peter 2), og Jesus er den fagre grunnen me byggjer liv og teneste på. Hans venleik går over alt me kan førestella oss. Det vil me ein dag få sjå.

Jesus Kristus er Guds gåve til verda, og den som trur på han, arvar saman med han alt det han er arving til. Det er ikkje lite.

v.7 Det blir sagt om Jesus i Jesja 9 at han skal kallast Rådgjevar. Guds ord blir i Salme 119 kalla Guds råd. Dei beste råda me kan få finn me i Bibelen. Som truande menneske treng me råd og innspel frå Gud i mang ei sak, både i privatsaker og saker som vedrører vår kristne teneste. Gjennom stille nattetimar kan Gud rettleida oss gjennom draumar, syner, tankar og audisjonar.

v.8 David har "alltid Herren for auga". Han lever Gud nært, ja, tett ved hans side. Dette er eit kristent ideal. Slik skulle me alle leva, og me er invitert til det. I 1. Mosebok 17 kallar Gud Abraham til å leva for hans åsyn. Det er eit stort privilegium, og det skaper kraftfulle profetiske liv. Den som lever nær til Gud står støtt til eikvar tid.

fredag 30. september 2011

Salme 16,1-3

Salme 16 er ei tillitssalme.

Den er ein miktam av David. Ingen veit kva miktam tyder, men det er det ikkje så mykje å gjera med.

v.1 er ei bøn om vern. Salmisten kjenner seg sårbar, og har ingen andre å søkja vern hos enn Gud. Det hender at truande menneske har det slik, og det hender at Gud fører liva våre slik at me berre har han å stola på.

...for eg flyr til deg. Det gjev berre meining å be om vern dersom me sjølve tek vår tilflukt til Herren, går inn i borga hans, så og seia. "Herrens namn er ei festningsborg. Dit spring den rettferdige og vert berga." Ordtøka 18,10. Det handlar om å kalla på Herrens namn. Den som gjer det skal bli berga.

v. 2 er ei fantastisk vedkjenning: "Du er min herre, du er mitt einaste gode." Dette kommenterer Van Gemeren slik: "Gud er grunnen for hans eksistens og glede", og "høve til Gud er kjelda til alt han rekna for godt i livet." Paulus skriv i Filipparbrevet 1,21 "For meg er livet Kristus og døden ei vinning." Dette samsvarar fint med dette verset. I forteljinga om den rike mannen og Lasarus seier Abraham til den rike som lid fælt i dødsriket: "Hugs at du fekk "ditt gode" medan du levde". Ditt gode er altså rett og slett det du lever for, det som oppsluker deg, det som gjev livet ditt meining og retning. For David var det Herren. Kva er det for deg?

v.3. David heldt seg til dei heilage i landet, til dei gjæve menn. Set me dette verset i samband med vers 2 er det naturleg å identifisera "dei heilage i landet", og "dei gjæve menn" med alle som har Herren som sitt gode.

"Låkt lag øyder gode seder," les me ein plass. Motsatsen må vera at gode ting veks fram frå fellesskap med gode og gjæve menneske. Det er vel også erfaringa. Gode folk påverkar oss andre til det som godt er, og difor må me halda oss til dei rette miljøa, dei som løftar oss både åndeleg og etisk.

torsdag 29. september 2011

Salme 15

Denne salma vart opprinneleg truleg nytta i liturgisk samanheng når pilgrimane tre gongar om året kom til Jerusalem for å besøka templet for å vera Gud nær. Det var ei tid for sjølvransaking før dei steig inn for Guds åsyn. Dei var medvitne om at det å vera fysisk i templet ikkje var eitt og det same som ha samfunn med Gud, for dette samfunnet føregår i hjarto våre. Difor hadde, og har, teksten ein langt vidare bruk. Det handlar om dagleg å granska liva sine og prøva dei på Guds ord. Calvin kommenterer salma slik: "Meininga med dette læreavsnittet er å framheva at berre dei menneske har tilgang til Gud som vil tena han og leva heilage liv."

v. 1 startar med eit viktig spørsmål. Kven kan gjesta Guds telt, kven får bu på hans heilage fjell? Omsett til nytestamentleg språk: Kven blir teken imot av Gud, og kven kan ha samfunn med Han? Kva type menneske får dette privilegiet?

Guds telt er Guds tempel, der Gud bur.
Guds heilage fjell er Sion, der templet sto.

v.2 Det er dei som gjer rett og er heile i si ferd. Folk som driv med urett og ikkje lever transparent, kan ikkje ha samfunn med Gud. Å vera heil i si ferd tyder at ein er den same om ein er for seg sjølv som når ein er saman med andre, at ein er tru mot Gud både i stort og smått, og at livet toler ettersyn av Gud og menneske.

Mange lever doble liv og driv med ting i det skjulte som ikkje står sin prøve i dagslyset. Det hindrar dei i å vera sanne kristne. Dei kan vera kristne på utside, men ikkje i røynda. Kristne i munnen, men ikkje i hjarta. Det er slike menneske Jesus kallar hyklarar.

Uærlege menneske kan ikkje ha samfunn med Gud. Han toler ikkje lygn. Alt slikt må på bordet om ein skal ha med Gud å gjera.

v.3 Sladder er ein vanleg aktivitet. Folk tek ikkje så tungt på dette. Men det gjer Gud, ja, så pass at han lukkar porten for folk som driv på med det.

Den som gjennom sladder eller på anna vis påfører nesten sin skade på rykte, kropp eller sjel, er ein drapsperson. Det er ingen prinispiell ulikskap mellom drap og skadeverk. Den som har utøvd slike ting må innrømma vondskapen sin for å få innpass hos Gud. Likeeins den som har vanæra nesten sin og brakt han i eit dårleg lys. Karakterdrap er drap i Guds augo.

v.4 er vanskeleg. Skal me som truande menneske vanvørda nokon? Ikkje i den forstand at me nedskriv menneskeverdet deira, men det at nokon snur ryggen til Gud, trakkar på ryktet hans og ikkje bryr seg om ordet hans, kallar ikkje på vår respekt, snarare tvert om. Kvifor vert eit menneske vraka av Gud? Fordi det sjølv har vraka Gud.

Men derimot ærar den gudfryktige alle som ottast Herren, dvs dei som framhevar Gud, hans vesen og verk. Dei får respekt frå den truande.

Vidare: den får vera med Herren som står fast på si overgjeving sjølv om det skulle kosta ein dyrt å gjera det, ja, om det skulle kosta livet. Skaren av martyrar er stor.

Dette tilsvarar dei menneska som i likninga om dei fire jordsmonna representerer den gode jord, dei som held fast ved Guds ord i eit vakkert og godt hjarta uansett kva som skjer rundt dei og med dei.

Det er inkompatibelt å leva med Gud og ta renter for private utlån. Det er ein veldig konkret og grei ting å forhalda seg til skulle ein tru. Likevel skal ein gjerne låna ut til folk som treng det, ja, faktisk utan å forventa å få tilbake, seier Jesus. Det er kristen utlånspraksis.

Og til slutt: Ingen kan vera kristen og vitne mot sin neste for pengar. Det seier seg sjølv og treng ingen vidare kommentar.

Å leva etter det som her står skrive er, for å sitera Jesus, å byggja livet på fjellgrunn. Ein skal ikkje rikkast i liv, død eller den dagen domen kjem.

tirsdag 27. september 2011

Salme 14

v. 1: Ein ateist er ein dåre, eit menneske som byggjer livet sitt på sviktande føresetnader, ein person med falsk tryggleik. For det finst verkeleg ein Gud, ein som stiller menneska til ansvar. Dei gudlause trur dei kan leva som dei vil utan at det får nokon fylgjer, at dei kan leva egoistisk, kynisk og brutalt og berre ha fordeler av det. Men i dette tek dei feil.

v.2 For Herren ser ned frå himmelen. Han har fugleperspektivet på alles liv, og han leitar etter nokon vituge i denne verda, dvs nokon som trur på han, elskar han og lever etter hans ord.

v.3 Men han finn ingen. Ingen som held mål. Alle er vonde, og ingen gjer godt i eigentleg forstand. Slik er menneske i seg sjølv.

v.4 Dukkar det opp ein gudfryktig person, blir han forfølgd av dei som ikkje kallar på Herren. Dei sluker opp Guds folk, konsumerer dei som brød.

v.5 Men dei vert innhenta av Herren. Den dagen vil dei skjelva av redsle. Då vil dei oppdaga at det å undertrykka Guds barn er det same som å lysa krig mot Gud. For Han er med den rettferdige ætt, som dei truande her vert kalla. Å kriga mot Gud er den største toskeskap. Han er så uendeleg mykje større enn oss. Å gå i ringen med han er ei grov feilvurdering.

Kva er rettferd? Det er å kalla på Herren, tru på han og elska han. Det gjer den rettferdige ætt.

v.6 Guds barn kan vera ganske stakkarslege i framtoninga. Men det gjer ikkje noko. For hos Herren finn dei ly, og han er ikkje ein stakkar.

v.7 er ei bøn og ein lovnad. Først ei bøn om frelse for Israel. Det treng dette folket den dag i dag. Og me som kjenner Jesus kan gjerne be denne bøna kvar dag for Israels folk.

Så ligg det ein lovnad her om at Herren ein dag vil venda lagnaden til Israel. Det jødiske folket har levd i eit åndeleg mørkre i 2000 år, men ein dag er det slutt. Då vil dei sjå Jesus. Det er begynt å skje no. Det er mange tusen Jesustruande jødar i Israel no, og folkets frelse vil bli til glede i landet og utover mellom kristne i heile verda. Det blir eit stort under.

v.6

mandag 26. september 2011

Salme 13

v.2-3 er ei klage. David synest det tek så lang tid før Herren svarar på bønene hans, og han lurer på kor lenge dette skal vara.

Dette er ei allmenn kristen erfaring. Folk ber og ber, men ingenting skjer. Når me er i store vanskar, kjennest timane lange. Me føler me må ha hjelpa med ein gong, men Gud let oss gå i smerten, og me lurer på om han har gløymt oss og ikkje bryr seg lenger, om han i det heile tatt finst. Ja, slike tider er ei prøve for trua.

Davids naud var, som ofte elles, at fienden hadde overmakta. Han var forfølgd, og hadde ingenting å stilla opp med, var veldig bekymra, full av uro og sorg og augo hans hadde heilt mista glansen sin. Ja, han følte han skulle døy (v.4). Så fælt hadde han det.

I v.5 argumenterer David med Gud. Dersom Gud vil berga han, seier han, vil fiendane hans, som han trur også må vera Guds fiendar, ikkje innkassera den sigeren som dei ventar på. Han kjenner seg sikker på at dette også må vera i Guds interesse! David opplyser Gud. Ja, ja.

I v. 6 endrar tonen seg. Gud har svara på bøna hans ved å gje David tru. Han seier: EG SET MI LIT TIL DIN TRUSKAP. Og difor jublar han over Guds frelse før ho enno er komen til han, og han finn grunn til å syngja for Herren som har gjort vel mot han, dvs. no ved å gje han tru, og mange gongar tidlegare.

søndag 4. september 2011

Salme 12

v.1 Salmisten ber om å bli berga ut or ein vanskeleg situasjon. Han finn ingen som ottast Gud, ingen som trur, ingen menneske han lenger kan stola på. Han kjenner seg veldig åleine, ein situasjon som ikkje er uvanleg for enkelte kristne. Det kan vera ei stor påkjenning.

v.2 Dei han har rundt seg lyg så det renn av dei, dei er ikkje til å stola på. Han kjenner seg utrygg. Sanning og ærlegdom ligg i botn av alt fellesskap. Når folk talar og argumenterer mot Gud, kjem redsle og einsemd sigande hos enkle kristne. Det svimlar for dei. Likeeins når dei urettferdige har makta i samfunnet og brukar henne til eigen fordel. Det kan vera eit mareritt for dei små.

v.3-4 er ei bøn om at Gud må rydda ut alle lygnarar (eller alle lipper som lyg (KJ)), og folk som talar store (stolte) ord, underforstått mot Gud, og som har så stor tru på seg sin eiga forståing og sine eigne talegåver at dei ser på seg som uovervinnelege og Gud overlegne. Det er patetisk.

v.5 er Guds svar på salmisten si bøn: Han vil gripa inn. Gud er alltid på sine små barns side, og han gjer under for dei som ber. Han hatar alle former for undertrykking, og han kjem og set trælka folk i fridom. Det kan gå hardt ut over undertrykkaren.

v.6. Om menneska er trulause, er Guds ord alltid til å stola på. Det er sju gonger reinsa, som sølv i ein eldomn, dvs. det er fullkome. Guds ord er som Gud. Han står 100% bak Bibelen, og vil stadfesta og oppfylla det som står der. Han vaker over det profetiske ordet for å oppfylla det, les me ein stad. Difor kan me trygt gå for det me les i Bibelen. Ja, det er den einaste farbare vegen for oss. Guds ord er Guds veg for sitt folk.

v.7-8. Herren tek vare på sine barn midt i ei verd der vondskap og fanteri ofte kan innta uante dimensjonar. Det er ein god lovnad for dei som lever under forfølging og diskrimindering. Mange kristne gjer det i våre dagar.